Ingressbiletet er heilt klart ikkje frå nokon topptur. Men Lill har andre talent enn storfjellskøyring og har sidan ho studerte i Australia vore ein ihuga dykkar og undervannsfotograf. Denne interessa resulterte nyleg i ein flott andreplass i NM for undervannsfoto.  

Undervannsbileta er teke frå ein dykketur same helga, på vraket av den tyske lastebåten ”Radbod” i Selbergvika i Ørstafjorden. ”Radbod” vart senka av engelske fly i desember i 1944. Vraket ligg på frå 25 til om lag 70 meter, medan dykket til Lill & co foregjekk på frå 25 til 45 meters djubde.

2 

På om lag 25 meters djubde møter dette synet ein på Radbod.

Då turen var planlagt lenge i forvegen, vart naturlegvis veret også godt – det er slik det fungerer med god planlegging. Vi velde å legge hovudturen på laurdagen til Skårasalen, og med nedkøyring ned Lissje Skåradalen til Skår om føreforholda tillet det. 

Det gjorde dei, og med ei slik nedkøyring vart turen vår nærast ein blåkopi av turen Fred Ingar Somby arrangerte ganske nøyaktig eit år tidlegare, veldokumentert av Knut Hustad her på Hjørundfjordportalen: http://www.hjorundfjord.no/?side=artikkel&artikkel=966

3 

Første matpause etter at transportetappa fram Kvistaddalen er unnagjort.

Gruppa på ti bestod av Anne Langås, Kari Bugge, Lill Therese Opsahl Haugen og Margrethe M. Vassbotn frå Grete Roede, Tarjei Vassbotn og Svein Åge Tømmerbakk frå Volda og Ørsta, Knut Brekke og Hallbjørn Staurset frå Ørsta, samt underteikna og Olav Haugen.

 4

Anne og Margrethe (t.h.) nyt dagen på veg fram mot Blåhorndalen. 

5

Kari var først opp på kanten og unna seg nokre minutt med soling.

 6

Vel framme i skaret der fantastisk utsikt mot Hjørundfjorden og ei matpause ventar. Merkeleg nok var vi dei einaste på Skårasalen i det store og heile denne dagen. At X2-festivalen (http://www.x2ski.no/) gjekk av stabelen denne helga er nok litt av forklaringa. 

7

Matpause før toppkneika. 

8

Siste meterane før toppen.. toppvarden skimtast oppe til venstre. 

9

Knut, Olav og Hallbjørn rykte i frå tidleg på turen og var meir som avslappa då vi nådde toppen..

10

Grete Roede jentene – godt nøgde med eigen innsats og med utsikta frå Skårasalen.  Så var det klart for nedkøyringa – den skulle vise seg å verte ei av dei argaste for heile sesongen. Lissje-Skåradalen sviktar aldri!

11 

Svein Åge og Kari klare til nedkøyring frå toppen. 

12

Lill kosar seg ned frå toppen. 

13

Frå skaret ned mot Lissje Skåradalen – stemninga vart høg då Knut Brekke utbraut ”Mjelsnøv!” 

anne

Anne får løn for strevet. 

15

Ernæringsfysiolog i Grete Roede, Kari Bugge, er tidlegare Norgesmeister i Telemarkkøyring, og ho har ikkje gløymt gamle kunster.. 

16

Svein Åge Tømmerbakk med kurs mot Hjørundfjorden. 

17

Tarjei Vassbotn i fint driv..    

18 

.. ingen planar om å stoppe heller.. 

19

Kari kom til Sunnmøre med eit håp om å ei nedkøyring frå fjellet og mot fjorden – kunne vi valt ein betre stad å oppfylle den draumen? 

20

Turarrangør Lill kan smile – vel vitande om at alle ti er strålande fornøgde med turen.

 21

Retur til Sæbø med MS Hjørundfjord er alltid ei fin avsluttning på turen. 

22

”Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur”

Vi takkar for laget og voner alle, både tilreisande frå Oslo og lokale, sit att med gode minner frå eit av Sunnmørsalpanes vakraste eventyr – det gjer i allefall eg!
&l