Etter at skissesongen avslutta med vestlandsmeisterskap i langrenn på Stranda og Sunnylven for snart to veker sidan, reiste langrennsgruppa ved Stranda VGS – Idrettslinja til Tsjekkia på tur. Det blei ni flotte dagar i byen Liberec og Praha med sol og 25 grader. Meir om denne turen kjem i eige reisebrev seinare, om eg får tid til å skrive det då...

 IMG_0860

Town Hall i byen Liberec.

Vi kom heim natt til onsdag 16. april til stjerne klar himmel og mykje snø noko, som gjorde at bekymringane mine om at snøen var reist forsvann. Utan å ha våre på Internett og Hjørundfjordportalen på mange dagar, fann eg endeleg ein internettcafe på Gardermoen medan vi venta på flyet heim til Vigra og Sunnmøre. Eg hasta med å skrive inn adressa til Hjørundfjordportalen, og tankane om kva som hadde skjedd i fjorden den siste tida svirra innanfor panna mi. Joda, sjølvsagt hadde Knut (Hustad) og Fred Ingar (Somby) hatt sine dosar med telemarkøyring og erobra nok ein handfull toppar på den korte tida eg hadde vore vekk. Elles såg det normalt ut, med stadig nye skrivarar og nye innlegg på portalen. I misunning over å ikkje ha fått stått på ski på mange dagar, kika eg på klokka og såg at det straks var klar for boardingtime. «Flott»,tenkte eg, «snart heime igjen».

Det blei ei kort natt og rett på skule dagen etter. Ingen nåde på idrettslinja. Skuledagen gjekk heldigvis fort, og himmelen var blitt stadig meir og meir sky fri. Etter å ha traska bort igjen på hybelen min med blikket stadig retta oppover mot Strandafjellet, tok eg avgjersla om å fare på Roaldshornet 1230 m.o.h dagen etter, torsdag(I dag). I dag var det nok med litt skule for den elles så utslitte kroppen. Vandring gjennom dei tallause brusteinsgatene i Praha klarte til og med å ta knekken på ein Hjørundfjording. (Praha var likevel verdt eit besøk.)

IMG_1470

Kveldssol over Storhornet, Leirvasshornet og Smørskredtindane.

Dagen etter, i dag torsdag 17. april, var det duka for nok ein dag med sol og varme. Først var det ein nokså treg skuledag med for det meste gjentakingar av prøver, lekser og liknande som kokte vekk i ein hau meiningslause krusedullar med tankane på heilt andre stadar enn på papiret. Klokka viste ti på tre i det eg for ut skuledøra i retning hybelen. Der klarte eg akkurat å huke tak i naboen min på hybelen, Magnus, som var på vei til jobb. Etter ein svipptur nedom hybelen for å hente skia, fotoapparatet og noko å tyggje på, køyrde Magnus meg opp på Strandafjellet. Eg var fullt klar over att trekket var stengt i dag noko som innebar at det blei no ein slags fjelltur, der eg gjekk alpintrasèen opp til toppen av Roaldshornet 1230 m.o.h.

Sola skein på sitt varmaste og sveitta hadde for lengst byrja å renne allereie før eg hadde fått på meg skia. Etter litt klønete fomling med nokre holete ski hanskar og eit utsveitta ull undertøy som truleg var frå sist skirenn var eg endeleg klar til å gå. Oppover alpintrasèen var det jamn og bratt stigning, så det tok ikkje lange tida før fjorårets julegåve måtte fram, det nye Canon EOS 400D. Kameraet hadde ikkje fått prøvd seg skikkeleg på fjellet så nokre fin justeringar måtte til før dei flottaste bileta kom.

Strandafjellet

 

Ein kan konstatere at det er gode ski forhold i fjellet endå. Fursettrekket på Strandafjellet med Storhornet(på Stranda), Leirvasshornet og Smørskredtindane bak.

Ettersom turen opp alpintraseen ikkje innebar noko av særleg interesse, anna enn ei forferdeleg sveitte og ei sol som berre kom nærmare og nærmare, sleng eg heller ved eit knippe bilete.

 

På ski

 

Ein flott dag.

 

New panorama 6

 

Store Brekketind, Dalmannshornet og Velleseterhornet. Legg merke til skispora ned frå Dalmannshornet.

 

Strandadalen

 

Strandadalen har fortsatt snø.

 

Fint med Smør på høg

 

Smørskredtindane. Toppen av Fursettrekket under.

 

Stranda

 

Stranda

 

Mej sitte

 

Underteikna i dei rette omgjevnadane.

180 ekte

180 grader pluss.

Det skulle vise seg å vere noko blanda føre når det nærma seg toppen. Enkelte stadar der sola hadde stått på, var det blitt våt slush snø, medan andre stadar var det hardt. På termometeret nede ved ski heisa viste temperaturen – 0,2 grader og det var også stadvis lett pudder snø i toppområdet.

Sjølvsagt står ikkje sola i ro på himmelen, og det skulle vise seg å vere nokså vanskelege køyreforhold på den sida eg skulle renne ned. Den hadde sola varma opp medan eg satt på skulen å tvinna tommeltottar, og no var det byrja å fryse på. Ei lita skorpe hadde lagt seg i den øvste delen noko som eg såg resultatet av då eg snudde meg halvvegs nede. Utruleg nok var eg den einaste som hadde rent den sida sidan det siste snøfallet kom, noko som ikkje var like heldig då heile Stranda har utsyn til spora mine. Men lenger ned var snøen fortsatt blaut og eg fekk heldigvis retta litt på teknikken i det eg køyrde ned granskogen i alperittløypa. Den følgde eg heilt ned att til vegen, og traska bort att til hybelen vel fornøgd over ein ellers så fin liten skitur i ekte sunnmørsk natur.