Notrøkt ved Holm 
Ekte friluftsfolk: Johan og Ola Sæbønes røktar laksenota ved Holm

Vegen fram hadde vore lang. Mang ein sein sommarkveld rundt bordet på ”Saga­fjord” hadde vi fabla om å klivre sjølvaste Holmshornet, eit fjell vi elles berre kjende som ein ofseleg svartglinsande fjellvegg som danna kontrast til dei blenkande storseidane vi trygt og greitt halte opp frå fluda ut med Holm. Dette var noko heilt anna. Men ideen til ekspedisjonen hadde modna med åra, og når ”loddet først er kasta”, er det oftast berre å køyre på og ikkje sjå seg tilbake.
 

Mannskapet var det lite å utsetje på. Vi hadde fått med oss litt av kvart på diverse ekspedisjonar i fjell og på fjord. Geronimo hadde med åra hella meir i retning av lågtlands-interesser, men kunne framleis få glød i augene når det vart prat om alpine utflukter som ikkje var skildra i dei vanlege oppslagsverka. Grautatysdag hadde òg ei lengre merittliste, gjerne krydra med litt meir ekso­tiske tilnærmingar til trivsel på tur. Han sverga framleis på at risengryns­graut kokt på heilmelk frå Tine var det einaste som dugde som proviant når dalsidene vart bratte nok. Vidare hadde den unge entreprenøren med sitt uslitelege humør vore ein entusiastisk turdeltakar, som ofte briljerte i rolla som halsbrekkande skiakrobat. Lektoren var framleis i puberteten når det galdt klatring, og det var eit langt steg å ta frå dei (tru)faste små treningsfelta på Austlandet til den heller lause og forræderske gneisen på Sunnmøre. Men ein går jo ikkje berre rundt og ventar på at puberteten skal gå over heller. Mottoet var då også ”learning by doing”.  

Omsider, ein mild julidag, hadde vi fått ut fingeren. Følgjet la i veg i utkanten av sivilisasjonen på Sæbøneset, og var rimeleg tungt lasta med både utstyr og alvor i møte med kva vi hadde lagt ut på. Men for å kome folkesnakket i forkjøpet var tau og anna godt gøymt i botnen av sekkane.  Greiast det, om vi måtte returnere med uforretta ærend. Så vart eventuelt nederlaget lettare å bere, og vi kunne sleppe unna med at ”vi he vore og leita etter dinna bensintanken etter flyslaget som va under krigen, den skal ligge oppi Miendalen en stad”… 

Mildt gjekk over til varmt oppi den urete krattskogen, og vi var nokså gjennom­sveitte då vi bikka over kanten oppe på Tua. Sveitten var det nokre som likte langt betre enn vi gjorde, og snart oppdaga vi dei første flåttane som hadde ete seg fast i leggane våre.  Fraa
Pause og rutevurdering på Tua

Men no hadde vi viktigare saker å tenke på. Med god oversikt over Miendalen og kringliggande herlegdomar galdt det å peile ut nokre moglege ruter opp på sjølve Holmshornsvaet. Derifrå rekna vi med at det var mest som ein spasertur til topps, om det framleis var tørt då. Geronimo hadde klivra rundt oppi her nokre gonger i lag med Sæbøneskarane, så i det minste var ruta frå Tua ned i Miendalen ikkje noko problem. Det var berre å vandre med fritt og flott utsyn langs fjellryggen vestover, over ”borga” og til skaret før egga som utgjer starten på Lynghalstinden. Og derifrå bratt ned nokre hundre høgdemeter, og vips så var ein i Miendalen.
Nedstigninga til Miendalen
Nedgongen til Miendalen

Overgongen frå Miendalen til Holsmhornsvaet var det verre med, ja. Men etter litt saft og brødskiver og vurdering fram og tilbake såg vi oss ut ein bratt passasje mellom to snøbredar. Korleis partiet i mellom var fekk vise seg, men det var no eventuelt der vi måtte ned i botnen på sekkane og hente fram tau og kilar. 
 

I Miendalen var det herleg vilt å gå, og vi fekk verkeleg kjensla av at her var vi overletne til oss sjølve. For nokon snarveg til fjorden visste vi det var vanskeleg å finne. Etter det Geronimo,  meinte skulle bensintanken ligge ein stad ved den store steinen oppe i dalen, så vi kryssa dalen på tvers med den i sikte.  Etter litt leiting der ga vi opp bensintanken og tok oss heller ein skikkeleg rast på steinen.  

Vi forstod om litt at tida ikkje var med oss, for snart tok det til å trekke inn eit trugande og dystert skydekke frå sør –  litt som eit måleri av J.C Dahl i grunnen. Her var det berre å kome seg vidare! Men snart byrja nokre å mumle om helikopter­transport ned att frå toppen av eit regnvått sva, eller det som verre var – lyn og torden! Vi hadde alle høyrt om kyr i flokk på beite som hadde vorte liggande att som ferdigsvidde karbonader på marka etter ein fulltreffar frå lynet. Her var vi i tillegg høgt til fjells, og vi ville fungere som ein retteleg god lynavleiar med alle karabinarane som dingla i klatreselen. 

Men vi la etter litt alle dystre spådomar til side og gav på vidare oppover, og snart var vi over den nedste breden vi hadde sett oss ut, og kunne bykse over bregleppa og inn på starten av svaet.  Her var det nokså bratt og utsett oppover nokre stader, og ved eit fall her ville ein truleg slå seg heilt forderva og sikkert verte kylt langt under breden -  og kanskje smelte fram ein solrik dag som ein annan mumifisert Ötzi til åtgaum for framtidige tinderanglarar? Den lagnaden var ikkje særleg forlokkande, så vi leita fram klatre-krimskramset og rigga oss til for tausikring. Lektoren kunne skilte med eit helgekurs i klatring frå Kolsås og vart difor utpeika som førstemann i taulaget, og om ikkje alt for lenge bar det oppover med friskt mot. Men sikringsmuligheitene var det så som så med. Det var mest å gå på friksjon og oppmuntrande tilrop.  
Tausikring inn på svaet
Om ein kan å bruke utstyret eller ikkje, så er vel den psykiske støtta av å vere bunden inn i eit tau viktigast...

Etter sikkert bortimot to timar var alle fire vel forbi dette eksponerte partiet og oppe ved den øvste breden og det store svaet som dannar sørvestsida av Holmshornet. Her var det omtrent som vi hadde håpa – greitt å gå og med berre få klyveopptak. Og rimeleg snart hadde vi sveitta oss opp til toppegga.  
Holm
Oppe på Holmshornsvaet. Veret er i endring, ja.

Men i mellomtida hadde Tor og Mjølner vakna til live, og dei tok til å dundre laust på Stålberghornet. Kanskje han forveksla det med ein av Jotnane? Dei var iallfall godt kamuflerte av den blygrå himmelen som låg som eit lok over fjella i Storfjorden. Uansett var dette meir enn nok til å få oss til å få opp farta. Så lett nervøse og med adrenalinen pumpande i årene kunne vi etter ein liten halvtime utan store vanskar legge hendene på toppvarden. Men lange pausa unna vi oss knapt nok. Vi visste det var timesvis nedatt, mat og drikke var det nesten slutt på, og vi var mildt sagt litt stressa med tanke på å kome ned frå svaet att før naturkreftene ordna det for oss…  
 
Geronimo
Geronimo (t.v) prøver å nyte utsikta frå toppen av Holmshornet
Mot Lynghalstinden
Utsyn mot Lynghalstinden og Saudekråtinden mm.

På veg ned svaet til det tidkrevjande klatreopptaket såg iallfall Tor ut til å roe det ustadige humøret sitt, og vi rekna i grunnen med at dette kom til å gå bra. Men då førstemann hadde kome ned og var klar til å passere den eine hammaren som var som klatring å rekne, tok det brått til å regne - ”og so no då!!!” Dette som hadde gått så greit. Dette lova verkeleg ikkje bra. For første­mann var dette eigentleg ikkje alt for skummelt, då tausikringa ville halde att om ein glei og skaut fart ned berget. Men for sistemann som kom då regnbyga hadde væta godt til, hadde denne hammaren vorte til ei sleip felle. Vi som stod nede på breden,  prøvde etter fattig evne å dirigere, men kunne berre mållause konstatere at sistemann brått sklei då han skreva det han vann og sette foten på nedsida av hammaren. Og rimeleg straks kom han skytande ned berget som eit lydlaust prosjektil! Han landa no til slutt…
 
Retu
Her vart det for glatt, ja - siste steget...

Vi var rimeleg sikre på at Grautatysdag hadde slite ut sine siste fjellsko og no hadde ein del knoklar og organ som knirka og peip. Fallet var så langt at vi rakk å tenke medan det hende - det var sikkert 10-15 meter. Etter litt klarte vi nokså numme i knollen å stotre fram ”kor ditta gjekk ?...” Grautatysdag mumla noko tilbake som om han hadde stått opp frå dei døde. Vi tyda det velvillig til at han ville ha vatn. Dei som ligg for døden, seier vel gjerne slikt. Vi kunne vel gå med på at dette kunne tolkast som eit livsteikn, men det var på langt nær nok til å overtyde oss om at han hadde kome frå dette med helsa nokolunde intakt. 
 

Men etter kanskje 10-15 minutt med forsøksvise diagnosar, vatn og sjokolade kvikna på forunderleg vis Grautatysdag til der han låg på fjellhylla si. Vi trudde knapt at det var mogleg! Så var han ikkje radbrekt likevel! Dette var nesten for godt til å vere sant, men vi måtte berre tru det vi såg. Så om litt tok vi forsiktig til på nedstigninga av Miendalen. Men vi måtte stadig forsikre oss om at kroppen til Grautatysdag ikkje berre gjekk av gammal vane. Det såg faktisk ut til at han slapp unna med mindre skade enn oss andre som opplevde det heile berre med eigne auge. Alt av synleg skade var iallfall berre ein oppskrubba legg.  

Så etter eit par timar med aking ned regnvåte skreder og kryssing av bratte fonngjel vart vi endeleg helsa i møte av Lars Petter som låg klar med ”Godnok” ned med Holm.  Og snart la vi kursen tilbake til ”gamle grendi”.  

Vi var alle fire samde om at vi ikkje kunne kalle dette noko pionerarbeid, men kunne no i det minste puste letta ut og konstatere at vi hadde sluppe unna med stort sett berre psykiske skadar. Og vi hadde for lenge sidan bestemt at denne episoden ikkje skulle kome bygda for øyre. Av ein sliten gjeng, som var merka av dagens opplevingar, fekk iallfall Lars Petter vite dette: ”Aldri meir Holmshornet!”