Dei rituelt initierte medlemmane i losjen (Olav Haugen, Knut Hustad, Fred Ingar Somby og underteikna) hadde opprinneleg planar om ein annan topp, men usikre snøforhold, kombinert med dårleg sikt førte til at ein valde eit trygt alternativ.
Snøguden Ullr hadde gjort jobben natta før, med gode 25 cm nysnø, men det hadde vindguden Aeolus også gjort. Resultatet var sterkt varierande føreforhold. Tek ein med faktoren ”blindeføre” låg det an til mykje moro – for fotografen..
Foto: Fred Ingar Somby.
Sjokoladebaron Hustad (formell losjetittel) glimra dog med sitt fråver. ”Hah!”, sa vi, ”no er det omsider bevist at Baronen er ein fineverskøyrar!” Teoriane var mange: ”Han er vorte så godt vant at han treng sol, skyfri himmel og 50 cm pudder”, var eit forslag. Eit anna forslag gjekk på at han har fått tak i ei brukt solariumssol, og ligg der og ventar på betre ver.
Vi var bekymra. Var dette slutten? Må vi legge ned losjen og byrje med synkronsvømming i staden? Er dette Baronens fall? Den dystre steminga var til å ta og føle på.
Vi var nesten i mål med ei passande overskrift til ein artikkel om ”Fineverskøyrar Knut Hustad” då telefonen til Ekspresstog Somby ringte, og navnet til Baronen dukka opp i displayet. ”Kvar er de? Eg startar frå bilen no..”.
Gleda over å snart ha tilgong på uendelege mengder sjokolade i alle fasongar, smaksnyansar og frå ei rekke ulike land, var stor. Skremande kort tid etter, gjennom snødrev og illsinte vindkuler, kjempa ein einsam fjellmann seg fram. Gledesscenene var mange, og ei og anna tåre var ikkje til å unngå. Losjen var samla igjen.
"And there was much rejoicing” (foto: Ronny Haugen).
Med delvis åpa elv konstaterte vi langt mindre snø i fjellet i år enn på same tid i fjor (Foto: Fred Ingar Somby).
Resten av turen opp er det ikkje mykje å fortelje om. Ekspresstog Somby og Baronen forserte blåisen i topphenget og kom seg til topps, medan Stormeister Olav og underteikna tenkte på Severin Suveren, og grov seg ned i tide.
Sjokoladen ligg gjerne strødd når Baronen åpnar sekken (foto: Ronny Haugen).
Så var fotografen sin time komen...
Stormeister Olav tek telling (foto: Knut Hustad).
Ekspresstog Somby et lyng (foto: Ronny Haugen).
Underteikna friskar opp i saftige gloser frå Åmdalen (foto: Knut Hustad).
Quiz: er biletet teke ovanfrå eller nedanfrå..?
Baronen trudde han såg kvit, belgisk sjokolade, men tok feil (foto: Ronny Haugen).
Men det var ikkje berre elende, og bileta illustrerer godt det ei samla losje var samde om; det er alltid gøy på tur!
Baronen finn linja i snødrevet (foto: Fred Ingar Somby).
Stormeister Olav luktar seg fram til urøyvd snø mellom lyng og knausar (foto: Knut Hustad).
Underteikna med retning fagre Standal (foto: Knut Hustad).
Foto: Knut Hustad
Ekspresstog Somby leikar seg gjennom småskogen (foto: Knut Hustad).
Vel attende i bilane stod meir sjokolade og krutsterk solbærtoddy på dagsorden, og neste møte i Søre Sunnmøre Tindelosje vart diskutert. Nokon eksakt møtedato vart ikkje sett, men med litt hjelp i frå Ullr og Aeolus er losjen snart samla att – nesten uansett ver.