Snøkave og skodde - nei, det ville nok ikkje verte fjelltur i dag.  Eg måtte nok trøyste meg med oppkøyrde skispor og langrennski, men så var det dette med nullføre...

Ut på dagen bestemte eg meg i staden for ein tur på Melshornet.  Skifellar er betre enn nullføre  og klabbar.  Sekk og ski kom på plass i bilen, men såg eg ikkje litt blå himmel? Planar kan endrast, også pr. telefon.  Ein prat med tante Valborg i Austefjorden fekk avklart at bomvegen opp til Skinnviksetra var brøytt.  Det måtte bli Eidskyrkja.

Køyr inn til kyrkja på Fyrde, ta av mot Straumshamn og køyr knapt 2,5 km utover fjorden igjen på motsett side av Austefjorden.  Då kjem du til bomvegen mot Skinnviksetra.  Legg du kr. 30,- i boksa kan du køyre ein god setreveg oppover og etter 2-3 km er du på parkeringsplassen ved den fine setra.

IMGP3266 kopi

Sinnviksetra med Austefjorden i bakgrunnen

Startar du på Skinnviksetra, meiner eg at turen til Eidskyrkja, eller Kyrkjefjellet som fjellet og vert kalla, er lettgått.  Difor passar denne turen svært godt for nyforelska par der den eine parten er betre skigåar enn den andre.  Dette fjellet aukar nemleg fjellinteressa for ei, eller ein, som ikkje likar spesielt godt å gå på toppturar.  For det første er det godt utsikt  frå denne turen, for det andre er den ikkje for bratt - stort sett ikkje meir enn 25 grader - men likevel bratt nok til ei frodig nedkøyring, og for det tredje kjem du høgt opp i  løpet av relativ kort tid.  Eidskyrkja er det høgste fjellet i Volda.

Det einaste minuset kan vere at området det du går opp og renn ned kan verte litt vel sporete til tider. Mange, spesielt ikkje-voldingar, tek nemleg denne turen frå Skinnviksetra.

Om vegen er vanskeleg å finne? Slett ikkje.  Ser du ei litt krokute fure til høgre når du går oppover, er du på rett veg. Denne furua er den mest kjende i Volda kommune - kanskje også på heile Sunnmøre. Elles er det stort sett  berre å gå nærast berre beine vegen mot- og opp Blåbreen. 

IMGP3264 kopi

Ser du denne furua til høgre, er du på rett veg. 

IMGP3265 kopi

Her ser du nærast heile ruta til topps.  Du skal gå til det lavaste punktet lengst bak.  Derifrå er det ca. ein km med slakk stiging til toppen av Eidskyrkja.

Litt før meg starta Eidskyrkja-veteranen Ivar Skare frå Austefjorden.  Dette var tredje turen hans for året mot dette fjellet, men han likte ikkje forma si, opplyste han.  Pulsen gjekk raskt opp etter start, deretter vart det mest blåsing.  Han var inne på tanken om at det kanskje kunne vere hjarteproblem.  No er eg ingen lege, men eit evt. legebesøk kan nok Ivar avlyse.  Han starta i eit høgt tempo og tempoet heldt han oppe til han måtte snu p.g.a. eit middagsselskap. Jau, han meinte sjølv at no fungerte det meste betre.  Konklusjon: Fryktar du hjarteproblem, ta deg nokre turar på Eidskyrkja og alt vert ordna.

IMGP3270 kopi

Ikkje berre blåsing i dag, nei, for Ivar Skare. Skal tru kva fjellet i bakgrunnen heiter?

Når ein går åleine på ein fjelltur, vert det gjerne litt kjedeleg å skrive om - det vert for lite foto - køyrefoto.  No starta ikkje eg før klokka 1350 frå parkeringsplassen og hadde eit håp om å møte på folk på veg ned Blåbreen som eg kunne fotografere.  Det skulle vise seg  å halde stikk.  Tre menn kom nedover Blåbreen i full fart, den første på snøbrett.  Naturlegvis køyrde han raskast.  Ja, så raskt gjekk det at eg ikkje fekk fotografert han.  Men han rakk å sprøyte meg ned med snø(trur eg).

Og no har eg fått stadfesta mistanken min, brettkøyraren var syskenbarnet mitt Johan Hustadnes.  Eg hadde sett føre meg eit flott foto med denne fototeksta:  Ein polarveteran vender heim til Eidskyrkja. Det vert no ikkje noko av.  I rein demonstrasfjon set eg no inn eit kvitt felt, men sender Johan meg eit foto av seg sjølv, kan det få plassen i feltet.

 

 

 

 

 

Men Johan hadde med seg ein randonekøyrar

IMGP3274 kopi

Hjørundfjordingen Frank Sandvik(over) gjer som mange no -  satsar på randoneutstyr

 

IMGP3277 kopi IMGP3278 kopi

IMGP3283 kopi

På  dei tre fotoa over ser vi Hans Jørgen Sætre på veg ned Blåbreen. (Diverre vart det knapt med tid til å få justert lysmålaren)

Under legg eg ved eit foto av denne siste bratte strekninga som eg forstår er Blåbreen, men kvar startar og sluttar denne  breen?

IMGP3268 kopi

Eg oppfattar det slik at strekninga med skispora er Blåbreen, men sluttar den der vi skimtar to personar? (Det var på veg ned her eg fotograferte dei to personane over)

IMGP3289 kopi

Her ser vi den siste strekninga mot toppvarden.  Det vekslar mellom skodde og sol. Dette var to hygglege karar, som eg diverre gløymde å få namnet på, som var på veg ned att.

IMGP3291 kopi

Eg kom meg fint opp, men det skulle bli verre med nedturen... 

I "Skiturar i Sunnmørsalpane" kan vi lese om Eidskyrkja: "Faremoment. Orienteringsvanskar i toppområdet".

Rundt toppområdet kom og gjekk skodda.  Men då eg skulle snu ned att, mest kom den.  Sikta vart nærast lik null.  Men eg greidde heldigvis å fylgje nokonlunde skisporet mitt som eg hadde gått opp - sjølv om det var litt vind. Den første, litt flate kilometeren, vart det mest ploging etter dette sporet.  Det hadde vore litt pinleg å vandra seg vekk.  Men det gjekk bra.  Og litt ned i det brattare partiet forsvann skodda.

IMGP3298 kopi

Litt ekstra kontrast m.m. gjer at eg greier å sjå sporet mitt. 

Lenger nede vart ikkje køyreforholda dei beste - djup, kram snø med litt skorpe på, men eg konstaterte at Johan (Hustadnes) hadde greidd seg godt med brettet også her.  På slutten var det igjen ein leik å renne.

Eg har stilt mange spørsmål under vegs, men quizen kjem her.  Kva heiter fjellet under? 

IMGP3260 kopi