Før eg et brødskiva mi og drikk mjølkeglaset ved brødfjøla om morgonen, ser eg først på gradestokken utanfor kjøkenvindauget. Om vêr og årstid tillet det, let eg så blikket gli nedover Bondalen, over fjorden og opp mot Maradalen, Urkedalstindane og dei andre fjella i aust. Så kan dagen starte.
Maradalen, er det ein dal? Og kva med Elsanddalen? Heilt frå eg var liten har eg fundert på dette, men veteranen Ola Sæbønes har dei siste åra gitt meg klare svar på spørsmåla. Dei to dalane er av dei vakraste og er vel verdt eit besøk. Ola og familen har dei siste åra hatt sauene sine på sommarbeite der og ikkje berre det - dei har sett opp ei flott gjetarbu oppe i Maradalen også. Dit har Ola også invitert meg fleire gonger. Likevel hadde eg sist fredag enno ikkje kome meg opp. Ola har ikkje sagt det direkte, men eg har hatt ei kjensle av at kom eg meg ikkje opp dit snart, ville han rekne meg som ein larv.
Ola Sæbønes løyser båten frå fortøyningane. Fjellet Saksa i bakgrunnen.
Skulle det bli ein tur opp i Elsanddalen og Maradalen måtte det på fredag. Det forstod eg då eg høyrde vêrmeldingane dagen før. Men så er det slik at det ikkje går ferje frå Sæbø til der Maradalen endar i sjøen. Eg ringde Ola.
Kan du frakte meg over fjorden i morgon?
- Kva tid?
I 10-tida.
- Kom igjen.
Eg hadde tidlegare snakka med sonen Lasse om vegen opp i Elasanddalen. Planen var så å gå ned i Maradalen derifrå og vidare til Urke og etterkvart ta ferje frå Leknes tilbake til Sæbø. Meininga var også at svigersonen min skulle vere med, men så kom noko i vegen og han måtte melde pass.
Klokka 10 var Ola klar med båten. - Kan eg gå opp turen til Elsanddalen åleine, spurde eg. Ja..., Ola drog litt på det. Det går bra om du ikkje går for langt opp.
Det var heilt stilt på fjorden. Dette ville bli ein flott tur. Eg fotograferte. Ola protesterte ikkje, men likte tydelegvis ikkje at eg rette linsa mot han. - Det må vel vere finare ting å fotografere i dag, meinte han.
Ola snur båten i rett retning.
Ola har gått i dei fleste dalar og fjell i Hjørundfjorden. Men eg har forstått det slik at i alle høve no er Maradalen favorittstaden hans - om ein ser vekk frå Sæbøneset. Dei siste åra har han også hatt ferien sin der saman med dottera Kanautte (Nutte). Etter ein hofteoperasjon eller to har han hatt litt problem med med den bratte vegen opp til gjetarbua, men Ola let seg ikkjes stoppe. Helikopter er til for å nyttast. Han har også ein stor kikert montert på Sæbøneset. Med den har han full kontroll over sauene og lamma som beitar der - og ein kar som ikkje veit å finne rett veg.
Ola har kryssa fjorden og gjer seg klar til å sleppe av underteikna.
Før eg går i land presiserer Ola det på nytt; pass på så du ikkje går for langt opp. Eg legg med det på minnet og takkar for turen.
Ruta eg har planlagt å gå opp i Elsanddalen.
Det vert ein fin start. men så vert eg litt usikker på vegen inne i krattet/skogen. Eg treff også på litt uventa svaberg. Når eg møter litt problem i fjellet, brukar eg å gå oppover. Det gjer eg også no, men det er ikkje så lurt. Det viser seg at eg kjem alt for høgt. Høgre hoft og skinke har allereie fått seg ein kakk og no er eg ute på eit svabergområde. Eg likar meg slett ikkje. Kva gjer eg no? Mobilen ringjer.
Det er Ola. Han har fått nummeret mitt med sonen Lasse. Ola er uroa - med rette. Den telefonen sette eg pris på. Vi diskuterer. P.g.a. skugge og vanskelege lysforhold, samt at eg er mørkkledd, finn han meg ikkje i kikerten sin, men han gjev meg gode råd. Tida går, eg finn ikkje fram, men eg forstår at eg må snu og gå nedover igjen. Eg er i ferd med å snu. Eg ringjer Ola. Ola kan hente meg, ingen problem. Men dersom eg gjer slik og slik, kanskje...
Eg kjem meg nedover og finn rette vegen. Musklane i hoft og skinke stivnar ikkje så lenge eg går. Telefonen ringjer på nytt. Ola har oppdaga den raude ryggsekken min og no har han los på meg mest heile resten av turen. Han ofrar middagskvilda for å få meg trygt opp i Elsanddalen og Maradalen. Dalabønder bør ikkje vandre seg vekk i fjella ved fjorden. Eg har altså bestemt meg for ikkje å snu. Ola vil hente meg straks eg kjem ned frå Maradalen. Denne dagen er eg svært heldig som har Ola i bakhand.
Det er ikkje så mykje meir å seie om sjølve turen - sjå fotoa under, men då eg kom fram slik at Ola kunne sjå meg i Maradalen, trur eg han vakta kvart steg eg tok - sjølv i skogen. Turen ned frå Maradalen var brattare enn venta og ein ting er sikkert, den som har sauer og lam i denne dalen har heilt sikkert for lite betalt per kilo kjøt.
Før eg har kome ned frå Maradalen er Ola på plass med båten.
Klokka er 1710 og Ola har brukt mesteparten av dagen til å passe på meg.
Sakte glir han inn mot land...
Ein siste tur langs med land. Kanskje oppdagar han den siste sauen?
Vel tilbake på Sæbøneset etter ein fantastisk dag, vil eg gjere opp for meg. Men Ola vil ikkje ha pengar. Men bensien, prøver eg... Nei, høyrer du. Ola kan vere kvass sjølv om han oftast har eit godt smil på lur. Eg finn det rettast å lystre. Men han lovar å ringje meg dersom han treng hjelp over fjorden med ein sau.
Heldig er den som har ein Ola Sæbønes.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at Maradalen er favorittdalen til Ola. På grunn av at sola står der ho står, vart det ein del motlysfoto. Det er ikkje alltid like enkelt. I tillegg mangla eg ein fotomodell, men dagen var flott.
Innover Hjørundfjorden. Vi ser Lekneset.
Dagens Quiz. Kva heiter fjellet?
Ut Hjørundfjorden. Ned til høgre Rynningen.
M/S "Hjørundfjord" på Hjørundfjorden.
På overgangen mellom Elsanddalen og Maradalen. Ca. 940 m.o.h.
Maradalen. Gjetarhytta til fam. Sæbønes ved raud pil.
Eitt av dei mange høgdepunkta på turen. Mat, kaffi og sjokolade på trappa. (Eg må kome på namnet på hytta)
Frå Maradalen mot Brødfjøla i Bondalen.
Mot Lekneset.
Og så går turen heim i retning Sæbøneset.
På grunn av god informasjon frå Per Urke om Kjempegarden, legg eg ved eit foto til av den.
Kommentarar
På spørjetevlinga er svaret Holmshornet nærmest.
Fire av sauehaldarane på Ytre Urke førte sauene og smålamma utover i juni. Ramogarden og Sigvart sette i land ut om elva; dei skulle helst gå rette råsa til Elsandalen. Jensa- og Hansgarden sette på land inn om elva, deira dyr hamna i Maradalen.
Under sankinga tok vi båt utover og gjekk i land der du starta. Det kunne bli mange turar, dag etter dag, før dei fleste var jaga over Røyfonnskaret og ned i Urkedalen. Ofte sleit vi med snø og absolutt heile dagen gjekk med. Det er bra at Ola held oppe tradisjonen og utnyttar desse beita, men det er ein slitsom jobb å hente dyra heim, det har han nok fått merka! Marabu, gjetarhytta til Ola, er av nyare dato.
Du la sjølvsagt merke til dei to vatna i Maradalen. Det djupe mot aust er utgrave av fonna.
Men det forundrar meg at du ikkje kommenterer det "underlege" naturfenomenet like vest for hytta! På biletet, der du har markert Marabu med raud pil, er Kjempegarden svært markert og tydeleg! Sjå på det svarte "streket" som går tvers over dalen i vest der terrenget tek til å falle nedover til fjorden.
Du har sett pila tvers over Kjempegarden.
Det er mange historier om Kjempegarden: Det er sagt at ein flokk fredlause forskansa seg her oppe, segna seier det var ein kyrkjegard på flata i dalbotnen. Knut Rønning fann to sverd her for mange år sidan. Kjempegarden er jamt over 5 meter høg. Truleg er det ein morenerygg, men fantasien og segnene har ikkje stoppa med det! Maradalen og Kjempegarden er omtala både i Kultursoga I, i Jon Hustad "Hjørundfjorden" og i mange artiklar i aviser m.m.
Viss du ikkje la merke til dette, Knut, ligg det an til ein ny tur til neste haust! Men du får i alle fall Kjempegarden fram på ein suveren måte på det biletet eg nemner!
Eg ser for meg at det er på tide at det blir gjort ei skikkeleg registrering av aktuelle vandrarturar for heile Hjørundfjorden. Dette må kome ut som eit høveleg hefte med kart og inntegna ruter. Så må det ryddast og merkast i terrenget! Eg las nettopp at Stryn og Nordfjord satsar på utanlandske vandrarar! Her er ein jobb å gjere for alle som tenkjer bygdeutvikling og turistnæring!
PS! Svein Myhre har sjølvsagt rett at fjellet du spør om,er Holmshornet.
Nei, eg skreiv ikkje så mykje om turen oppe i Elsandalen og Maradalen. Det var kanskje heller ikkje poenget med denne artikkelen, men det er det som også gjer det kjekt å skrive når ein får så god informasjon om dette som kommentar.
Eg var tidleg klar over at nabo til "Urkebestefar og "Urkebestemor", Sigvart, hadde sauer. Seinare har eg lurt på kva han hadde dei om sommaren. No veit eg. Men kven hadde sauenen sine framme i Urkedalen? Du nemner Røyfonnskaret. Kvar er det? Er det opp til venstre på det fotoet vi ser Kjempegarden på?
Og eit siste spøsrmål: Då eg nærma meg Elsandalen ringde Ola. - No nærmar du deg ei berg det du må stige opp ca. ein meter, sa han. Så kom det litt spakt om litt: - Du greier vel det? He, he - kanskje såg han i kikerten at eg på dette tidspunktet framleis halta litt. Veit du kva berg han meinte, Per?
Urkedalen (Likkjedalen - som vi seier -) var sauehamn for Olagarden og Samdegarden + Urkegjerde + ein mange fra Solavågen i Borgund.
Røyfonnskaret er lavaste punktet mellom Maradalen og Røyfonndalen (til v. for Kjempegarden) og endar ved elva i Likkjedalen, tvers over for Haukåssætra.
Ola har nok kjempa med dette berget øvst oppe i råsa mot Elsandalen. Greier ein å få sauene over her, er resten barnemat! Eg har ofte lurt på korleis dei små lamma greier dette spranget på vegen opp. Dette "knepet" finst det ikkje alternativ til. Ein ting er det med spreke folk, men kva trur du med slitne, tunge dalasauer som vi jaga frå skogen ved sjøen?? Fekk vi dei ikkje opp, betydde det ein ekstra dag med sanking. Då måtte vi utover med båt og hente sauene ned att til sjøen og føre dei inn til Urke. Far min brukte ofte å ringe på Sæbøneset og der var det alltid gode råd å få om kvar sauene gjekk. Tenk viss vi hadde hatt mobiltelefon den tida, tenkjer eg ofte!
Ei historie frå dette "knepet" står klart for meg den dag i dag. Eg gjekk saman med Erling (Berg) og hadde berre ein eldre, tung sau med to lam oppover i råsa. Lamma hoppa greit opp, men gamlesauen prøvde fleire gonger, men kom skliande nedatt, men fekk likevel beina under seg kvar gong. Vi diskuterte om vi skulle presse han endå hardare og ta mot han i fallet og så løfte han opp. Men fornuften vann, det kunne blitt fleire enn sauen det gjekk gale med! Dermed måtte sauen berre få gå, medan vi klarte å få lamma med oss opp, sjøl om dei helst ville følgje mora. Dermed vart det ein ekstratur utover likevel...
Antydninga di om at kiloprisen for lammekjøtet er vel fortent, støttar eg fullt ut! For her snakkar vi vel om superøkologisk lammekjøt!
Då Noreg gjekk over frå katolismen til protestantisk kyrkje var det ikkje alle som var enige. Heller ikkje i Hjørundfjorden.
Ei gruppe motstandera tok med seg husdyra og flytte opp i Maradalen og budde der i "dølgsmål" (skjul) fleire år. Det skal være funne restar etter busetnaden ved fleire høve.
Men utgravningar vert det vel lite av inntil ein heller særleg intressert arkeolog frå Hjørundfjorden vert utdanna????