Oppe i vestsida til Lissjedalshornet, under Keipen, dukkar han opp kvart år.  Vi snakkar om Holehunden, eller Holehonden for å seie det på godt bondalsk.

Holehonden

Holehunden - hovudet fremst og øvst, den korte rumpa nedst.  Hovudet har i desse dagar slitna frå kroppen, eller...

Denne hunden har nok vore der nærast kvar sommar til alle tider.  Først er han uklar, så sterk og klar, men når sola og varmen har fått herja med han ei stund, er han plutseleg borte.

Nå må eg vedgå at eg ikkje veit så mykje om han elles, men det er det sikkert andre som gjer.  Kom gjerne med opplysningar.  Er det t.d. rett at det er hovudet på fotoet over som har slitna frå kroppen?  Men ein ting er eg sikker på - så lenge eg har passa på han, er utviklinga den same, men datoane for vekksmelting kan sjølvsagt variere.

Eit oversiktsfoto vert lagt ved under.

Keipen (Large)

Keipen er ikkje lett å sjå her, men Holehunden ligg altså rett under  denne ikkje så høge toppen.  Keipen er likevel eit flott utsiktspunkt.