Avspark! Konfirmantar i Ørsta kommune
Frå: 03. september 2022 Kl. 13.30
Til: 03. september 2022 Kl. 16.00
Type: Avspark!
Stad: Hjørundfjord kyrkje og omegn
Starten på nytt konfirmantår 2022/2023 i Ørsta kommune. Vårt første møte med konfirmantane og der me vil vise litt av det me trur på gjennom ei opplevingsløype.
Meir informasjon
Oppstart for ALLE påmelde konfirmantar i Den Norske Kyrkja, der konfirmantane skal gå ei opplevingsløype om Jesu liv. I tillegg får ein pølse med brød, litt bolle, saft og kaffi, og ein møter kvarandre frå sokna Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord.
Løypa har me lagt til vakre Sæbø, ein strålande plass å gå ei opplevingsløype som fortel ungdomane litt om det ein trur på i Den Norske Kyrkja.