Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Allehelgenskonsert - Musikk til trøyst og ettertanke

Attende til hovudsida

Allehelgenskonsert - Musikk til trøyst og ettertanke

Frå: 31. October 2020 Kl. 18.00
Til: 31. October 2020 Kl. 18.00

Type: Konsert
Stad: Hjørundfjord kyrkje

Som ei innleiing til allehelgensdag vil Ørsta kyrkjekor, Tor Grunde Simonsen - saksofon, Marie A. Riise - orgel og piano, Venche Leite - song og Leiv Arne Nydal - fele, skape ei vakker ramme rundt konserten "musikk til trøyst og ettertanke".

Meir informasjon

Som ei innleiing til allehelgensdag vil Ørsta kyrkjekor, Tor Grunde Simonsen - saksofon, Marie A. Riise - orgel og piano, Venche Leite - song og Leiv Arne Nydal - fele, skape ei vakker ramme rundt konserten "musikk til trøyst og ettertanke" laurdag 31.oktober kl.18.00. Sokneprest Espen Aarseth vil også dele nokre ord med oss denne kvelden.

Dette arrangementet er ope for alle, i tillegg til at dei som har mist nokon det siste året får ei særleg innbyding. Vi tek smittevern på alvor og det er difor begrensa plassar i kyrkja.
Vil du sikre deg ein plass kan du melde deg på til tlf.: 45235996.

Gjennom musikken kan ein uttrykkje det ein ikkje kan seie med ord. Musikken kan gi oss håp og trøyst, og det er nettopp dette som er tonen for konserten 31.oktober i Hjørundfjord kyrkje.

Gratis inngang. Kollekt til kyrkjemusikalsk arbeid ved utg.
Lyd: LA lyd ved Levi-Andrè Leite.

Varmt velkomen!


Tilbake til aktivitetskalenderen