Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Hjørundfjord Barnefestival

Attende til hovudsida

Hjørundfjord Barnefestival

Frå: 09. June 2019 Kl. 12.00
Til: 09. June 2019 Kl. 12.00

Type: Barneaktivitet
Stad: Hjørundfjord kyrkje

Vi gjentek suksessen frå i fjor og har gleda av å invitere deg til årets korhappening: Barnefestival i Hjørundfjord kyrkje, søndag 09.juni. Vi byrjar med konsertgudsteneste, kl.12.00, der alle barnekora opptrer

Meir informasjon

Vi gjentek suksessen frå i fjor og har gleda av å invitere deg til årets korhappening: Barnefestival i Hjørundfjord kyrkje, søndag 09.juni. Vi byrjar med konsertgudsteneste, kl.12.00, der alle barnekora opptrer: Manana og White Spirit frå Volda, Hjørundfjord jentekor og Hjørundfjord barnekor frå Sæbø. Band: Torgeir Standal Hovden -gitar, Svein Hunnes -bass, Kay Are Urkegjerde - trommer, Marie A.Riise - piano. 

Etter gudstenesta vert det kafè, på Sæbø bedehus, med sal av kaker, kaffe pølser og saft.Du kan også få ein smak av Nepalsk mat!

Det vert også eit veldig kjekt minitivoli med ulike aktivitetar som borna kan vere med på: Ansiktsmaling, hoppeslott, hårfletting, marsmellowkatapult, blikkbokskasting og lykkehjul for å nemne nokre aktiviteter.
Inntektene går til misjonsprosjektet til Hjørundfjord kyrkje: Himalpartner.

Ta med deg familie, vener, naboar og ta turen til Hjørundfjord kyrkje denne dagen. Nb: Parkering i Sæbø sentrum, då vi nyttar parkeringsplassen utanfor kyrkja til aktivetetar. Vi sjåast! ????☀️

Lyd/lys: Levi André Leite.
Arr.: Hjørundfjord sokneråd.


Tilbake til aktivitetskalenderen