Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Konsert med Magnolia Red

Attende til hovudsida

Konsert med Magnolia Red

Frå: 18. mai 2019 Kl. 20.00
Til: 19. mai 2019 Kl. 02.00

Type: Konsert
Stad: Dampskipsekspedisjonen, Sæbø

Laurdag 18. mai vert det konsert med bandet Magnolia Re på Dampen. Kaikultur, under fjella, ved fjorden – midt i smørauget Sæbø! Uteservering frå 20.00.

Meir informasjon

Bandet Magnolia Red vil spele musikk påverka av klassikarar som Neil Young og Grateful Dead, men også moderne heltar som Wilco og Ryan Adams. Om dei må setje ein label på seg så seier dei at dei spelar americana, ein blandingssjanger som freistar å formidle den erke-amerikanske musikalske sjela. Slik sett finn ein spor av rock, country, blues og dei andre stilartane som er i dette landskapet. Alt vert på eit vis «lov» - sjølve omtalar dei musikken sin som ei «jettegryte» påverka av det beste av, i hovudsak, amerikansk og britisk musikk frå 60-talet og fram til i dag. Det er eit band med særpreg, rutine og ambisjonar. For tida spelar dei inn sitt første album hjå bondalingen Henning Svoren i Ocean Sound Recordings på Giske, ei plate som skal lanserast i 2019. Og dei vil først og fremst ikkje høyre ut som nokon andre – dei vil ha sin eigen distinkte sound – det er Magnolia Red vi skal høyre! Bandet spelar utelukkande eigenprodusert materiale, og består av fire musikarar med lang og variert bakgrunn – og med mykje erfaring frå å opptre live på scena. Dei har vore med i punkband, klassisk rock, hardrock – men også blues og rhythm and blues, deriblant banda «Frank Bjørdal and his Blues Revue», «Soul Searchers», «Auburn» og «Hellhikers». På Sæbø dampskipekspedisjon vil vi stille med dei autentiske lokala og den kjende Sæbøstemninga. Det vil bli sal av øl, cider, alkoholfri drikke. Og det går ein rutinert kokk rundt og planlegg ei god suppegryte. Pris 150 kr.


Tilbake til aktivitetskalenderen