Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Berekraft i reiselivet i Ørsta

Attende til hovudsida

Berekraft i reiselivet i Ørsta

Frå: 27. March 2019 Kl. 20.00
Til: 27. March 2019 Kl. 20.00

Type: Temamøte
Stad: Sæbø DS Ekspedisjon

Kva tyder ordet “berekraft” i samband med reiseliv?
Onsdag 27.mars kl.20.00!

Meir informasjon

Kva tyder ordet “berekraft” i samband med reiseliv?

Masterplanen som Ørsta kommunestyre har vedteke seier at regionen vår skal bli "Norges mest unike og berekraftige fjordområde". Korleis får vi til det og kva inneber det eigentleg? Velkomen til foredrag med Sigurd Rønningen frå Gull og Gråstein og ein samtale om Ørsta kommune og Hjørundfjorden si reiselivssatsing etterpå.

Sigurd Rønningen
Medan verda mobiliserer for å unngå full klimakrise, arbeider norsk reiseliv for å auke andelen interkontinentale turistar frå Asia og Amerika på noregsferie – og sertifiserer samstundes seg sjølv med merket for berekraftige reisemål. Grønt skifte eller grønnvasking? Reiselivsdebattant Sigurd Rønningen skisserer eit reiseliv med lågare klimautslepp og høgare lokal verdiskaping.
(https://www.xn--gullgrstein-28a.no/)

Ørsta og reiselivssatsing
Ørsta har vedteke ein masterplan for reiseliv og det er oppretta ei treårig prosjektstilling for å realisere planen. Ørsta kommune og Hjørundfjorden har segla opp som eit unikt og interessant område for næringsverksemd. Har vi handa på roret i stor nok grad? Kven har i slike tilfelle handa på roret og kvifor? I kveldens samtale skal vi ha fokus på Ørsta sine reiselivssatsingar og dei internasjonale- og nasjonale trendene. Vi spør oss: korleis forvaltar vi våre ressursar best og korleis driver vi utviklingsarbeid?

Hjørundfjorden og bygdene rundt
I mange land er over- og gjennomfartsturisme eit problem. Det er nok av eksempler på uheldig reiselivsutvikling rundt om i landet vårt også, og vi har sagt at vi ikkje skal bli eit nytt Geiranger. Korleis unngår vi dette, og korleis sørger vi for at turistutviklinga i Hjørundfjorden kjem lokalsamfunnet til gode? Kva slags konsekvensar vil reiselivssatsinga, slik den no er skissert, ha på Hjørundfjordbygdene?


Kvelden er arrangert av Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta, men vi håper mange finner temaet aktuelt og vil bli med å fylle ordet “berekraft” med meining.


Tilbake til aktivitetskalenderen