Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Førsteklasses i Hjørundfjord kyrkje

Attende til hovudsida

Førsteklasses i Hjørundfjord kyrkje

Frå: 14. oktober 2018 Kl. 12.30
Til: 14. oktober 2018 Kl. 14.30

Type: Trusopplæringstiltak
Stad: Hjørundfjord kyrkje

Etter gudstenesta vil det bli ei samling for 1. klassingane kl 12.30- 14.30 framme i kyrkjerommet. Vi skal leike litt, lære nokre songar og gjere nokre spanande oppgåver i den nye boka.

Meir informasjon

Søndag 14. oktober er det hausttakkefest i kyrkja. Og då er de velkomne til familiegudsteneste i Hjørundfjord kyrkje for å ta imot boka. Gudstenesta startar kl.11.00. Det er fint om de er ute i god tid og kjem kl. 10:30. Hugs å registrere dykk når de kjem.

Ete niste under kyrkjekaffien.

Samlinga etterpå der me ser på boka er kl 12:30- ca 14:30

ALLE GODE TING er ei spennande aktivitetsbok om kristen tru og tradisjon. Den er laga for born som er i ferd med å lære seg å lese og skrive. Dei fleste oppgåvene kan barnet meistre på eiga hand. Nokre av oppgåvene inviterer også til samarbeid mellom barn og vaksne. Dette er ei bok som både barn, foreldre og fadrar vil ha stor glede av. Boka er på nynorsk.


Tilbake til aktivitetskalenderen