Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Kyrkjelyden sitt årsmøte

Attende til hovudsida

Kyrkjelyden sitt årsmøte

Frå: 17. mars 2013 Kl. 12.00
Til: 17. mars 2013 Kl. 14.00

Type: Kyrkjelydsmøte
Stad: Sæbø bedehus

Kyrkjelyden sitt årsmøte

Meir informasjon

Kyrkjelydsmøte

(Årsmøte)

Hjørundfjord kyrkjelyd

søndag 17.mars,

etter gudstenesta.

Saker:  Årsmelding  m/rekneskap.

Eventuelt

Saker må vere meldt til

sokneråd innan 10.03.2013

 

Hjørundfjord sokneråd

Vel møtt!!


Klikk nedanfor for å lese:

Årsmelding 2012


Årsmelding for Hjørundfjord kyrkjelyd 2012

clip_image002


 


















ÅRSMELDING 2012 HJØRUNDFJORD SOKNERÅD


Hjørundfjord sokenråd er slik samansett:

Medlemmar:

Vara:

Sigve Aklestad –nestleiar Gerd Sofie Langvatn
Olav Kjell Rekkedal Ingvild Åmbakk
Ann- Helen Urkegjerde Arve Svoren
Oddhild Haugen Øye Kjell Frøland
Ivar Svein Mo Monika Eikrem
Rolf Dyrhol

Kari  Stokke har permisjon frå vervet i soknerådet, og i permisjonstida møter Gerd Sofie Langvatn som fast representant.  Ingvild Åmbakk møter som første vara.


ØRSTA KYRKJELEGE FELLESRÅD       

Her møter Ivar Svein Mo og Olav Kjell Rekekdal      

Vara:  Oddhild Haugen Øye                  

 

KONTAKTER

Kirkens Nødhjelp – Ann- Helen Urkegjerde
Misjons kontakt – Ann- Helen Urkegjerde
Bibelkontakt – var kyrkjelydsekretær Eldbjørg Tvergrov så lenge ho var i teneste.
Kirkens SOS -   Ann- Helen Urkegjerde vara Sigve Aklestad ( Ann – Helen Urkegjerde var vara tidligare og med Øyvind Taklo som representant)

MØTE

Soknerådet har hatt 6 møte. Soknerådet har handsama  51 saker. I 2012 gjorde soknerådet endeleg vedtak om lokal grunnordning for gudstenesta i Hjørundfjord kyrkje.
Denne vart godkjend av biskopen, utan merknad.
Elles arbeider soknerådet med teknisk løysing for audiovisuelt anlegg i kyrkja.

 

TILSETTE I KYRKJELYDEN

Rolf Dyrhol sokneprest i full stilling

Kantorar er Marie Austrheim og Ray Weber. Dei er tilsette i Ørsta kyrkjelege fellesråd med teneste i Hjørundfjord , Ørsta og Vartdal. Stillingsprosenten for Hjørundfjord er 30%

Kyrkjetenar og sekretær Eldbjørg Tvergrov gjekk av med pensjon i september 2012.

Fungerande kyrkjetenar etter det er Ole Christian Johnsen. Dei andre funksjonane er lagde til
Ørsta kyrkjekontor.

Pr. dato har det ikkje lukkast å få tilsett klokkar.

Dei fire sokna i Ørsta har to halve diakonstillingar. Knut Stave er tilsett i 50% og i den andre stillinga var Gudrun Solstad Thokle tilsett fram til 01.09.2012. Tilsett frå denne datoen er Betty Ndea Søvik.

 

KYRKJELEG ÅRSSTATISTIKK 2012

Døypte innført med nr  er 11 dåpsborn – av desse er 3 busett i soknet. 

4 vigslar vart utført i Hjørundfjord kyrkje.

Det var 5 gravferder i soknet.

Hovudgudsteneste på  søn- og helgedagar  var 29. Utanom søn- og helgedagar har det vore
3 gudsteneste.

Av desse har det vore 2 familiegusteneste og 14 gudsteneste med nattverd. Det har òg vore
4 nattverdsmøter på Hjørundfjordheimen. Deltakartalet totalt var 2025 på alle gudstenestene. 
På skulegudstenesta før jul var det 80 personar til stades. På Julaftan var det 147 frammøtte. 
Det var 3 konsert der 199 møtte og 1musikkandakt med 79 tilstades.

Ofringar i kyrkja gav 56393 kr av dette var 28903 kr til eige arbeid.  I tillegg 10602 kr av
dette samla konfirmantane inn til Kirkens Nødhjelp. 2000 kr kom inn som gåve til eige arbeid.

 

KONFIRMANTOPPLÆRINGA

7 konfirmantar vart konfirmert 6. mai 2012

Konfirmantundervisninga var eit samarbeid med Ørsta  og Vartdal. Det var konfirmantleir i
Ulsteinvik i vinterferien 2012. To konfirmantar hadde etter tur oppgåver under gudstenesta.

Alle konfirmantane i Ørsta kommune hadde ”avspark” på konfirmantåret på Sæbø i september.
Konfirmantane gjekk ei orienteringsløype gjennom Jesus liv. Det heile vart avslutta med samling
i kyrkja med orientering.

Soknerådet i samarbeid med konfirmantforeldra lagde til ei samkome på bedehuset etter
gudstjenesta 18.november 2012.

2 nye konfirmantar tok til hausten 2012.

Soknepresten og konfirmantane laga til lysmesse i desember, som tidligare år.

 

BARNEKOR

Soknerådet er svært glade for at Hjørundfjord Barnekor kom i gong att i 2007. Hausten 2009
tok Marie Austrheim over leiinga av koret. Barnekoret har imponert og gledd  mange .Dei har
svært god kvalitet på det dei framfører. Soknerådet og alle i kyrkjelyden er stolte av koret og
takkar Marie Austrheim for alt arbeidet ho legg ned.

 

TRUSOPPLÆRING

Det vert utdelt kyrkjebok  til alle som er 4 år. For desse vert det arrangert undretur i kyrkja
laurdagen før. Dåpslys og dåpsklut får born og foreldre med heim som minne på dåpsdagen. 
Dette vert sett stor pris på  og når borna vert større, kan det takast fram i samband med at
ein snakkar om dåpen i heimen.

Utdeling av biblar til 5. klassingar er også tradisjon. Det vart skipa til «Lys Våken « også dette året.
Det var 18 deltakarar. Då overnatta 5.og 6. klassingane i kyrkja. Det er stor grunn til å nemne den
aktive deltakinga frå foreldra, utan den ville ikkje dette tiltaket kunne gjennomførast.

Nytt i 2012 var utdeling av bok til 6-åringane. Vi gjer det til tradisjon at dette skjer i samband med
hausttakkefesten.

Utbygginga av trusopplæringa vil halde fram også i Hjørundfjord, for enno er det mange oppgåver
og utfordringar å ta tak i.

Bak i kyrkja er det ein krok for borna med teiknesaker, bøker og lego.

I samarbeid med Sæbø Barnehage er adventsvandring i desember og påskevandring i fastetida.

Skulegudsteneste før jul, i samarbeid med Sæbø skule er også årleg tradisjon.

Enno har ikkje soknet del i katekettenesta i Fellesrådsområdet.

 

DIAKONI

Det har  vore tilskipa 2 hyggetreff i regi av diakonen. Desse har vore på Sæbø bedehus.

Elles var ein av diakonane med på Lys Vaken. Sameleis på helgemessesøndagen og nokre
andre gudstenester.   Det er her meir rom for å trappe opp den diakonale tenesta i soknet  

Rolf Dyrhol  og diakonane har andakt  på Hjørundfjordheimen tre torsdagar kvar månad.
Dei som bur og arbeider der, set pris på desse andaktsstundene. To gongar kvart semester
er det nattverdsgudsteneste på Hjørundfjordheimen.  Vi takkar Hjørundfjordheimen for godt samarbeid.

 

PRESTETENESTA.

No er alle prestar tilsette som sokneprestar i Søre-Sunnmøre prosti, med særskilt ansvar
for kvar sine sokn.

Rolf Dyrhol er sokneprest i  Søre –Sunnmøre prosti, med særskilt ansvar for Hjørundfjord
og Storfjord sokn.

Denne nye ordninga betyr at prosten kan bruke prestane over heile prostiet.

Ordninga her er at prostiet er delt inn i såkalla samarbeidsområde. Ørsta og Volda er eit
slikt samarbeidsområde, og slik sett kunne alle prestane veksle på å ha gudsteneste i alle
dei åtte kyrkjene i desse to kommunane.

Vi legg likevel vekt på at kyrkjelydane skal oppleve å ha ”sin prest.”

Når det gjeld gravferd og vigsler, så har dei tre prestane i Ørsta kommune kvar sine tenesteveker.
Når ein har tenesteveke så tek ein alt av gravferd og vigsler som kjem på den i veka,
i alle fire kyrkjene i kommunen. Kvar prest har slik tenesteveke tredje kvar veke.

 

GUDSTENESTELIVET.

Biskopen har forordna 31 gudstenester årleg i Hjørundfjord sokn. I hovudsak er det gudsteneste
første og tredje søndag kvar månad, same dag som Vartdal og med same kantor. Dette gjer at
vi vekslar mellom formiddag og ettermiddag/kveld når det gjeld tidspunkt.

Hjørundfjord har høgtidsgudsteneste kl. 11.00 kvar første juledag. På førstedagane i påske og
pinse veksla ein med Bjørke og tidspunkt formiddag / kveld annankvart år.

To gudstenester er lagd til Hjørundfjordheimen, pluss ei friluftsgudsteneste på plenen utanfor heimen.

Det er tradisjon med friluftsgudsteneste i høve kulturvandring i ulike bygdelag i soknet.

Særleg på familiegudstenestene møter det mykje folk. Det hender at det på såkalla vanlege
gudstenester er få til stades, men dette er sjeldan.

Av særlege storhende nemner vi Noas Ark-gudstenesta i mars og Unge Messe i februar.

I vårsemesteret 2012 var dei sju konfirmantane ofte positive innslag i gudstenestene.
Dei to konfirmantane i haustsemesteret har også teke aktivt del.

Kyrkjelyden i Hjørundfjord  er prega av gudstenesteglede.

 

” VI SYNG  OG SPELAR JULA INN”

I 2012 hadde Ray Weber ansvaret for dette arrangementet. Matias Austrheim heldt andakten. 
Lokale muikk- og songkrefter tok del, til glede for dei frammøtte.

 

OPA KYRKJE

Kyrkja var open tysdag og fredag kveld (18.00-20.00) i sommar. Takk til dei frivillige som
stilte opp som vakter, utan dei hadde det ikkje gått.  Om det ikkje alltid var så mange som
kom innom, var dette likevel eit tilbod, som soknerådet tek sikte på å føre vidare.

 

SAKER SOM ENGASJERER SOKNERÅDET.

Det fins saker som primært ikkje er soknerådet sitt ansvar, men der soknerådet likevel
føler dei bør ”pusje” på dei ansavarlege:

 

PRESTEGARDEN

Soknerådet er bekymra for prestegarden.

Oppussing burde vore gjort for lenge sidan. Er prestebustaden heilt ”forsarva” ved presteskifte,
er det ikkje sikkert ein prest vil bu på Sæbø i framtida. Dette er ei sak som både tidligare og
noverande sokneråd er bekymra for.  Soknerådet har gitt Olav Kjell Rekkedal fullmakt til å
arbeide med saka på vegne av soknerådet også i 2012/2013.  I 2012 var prost Ingeborg Matre
på synfaring og med sjølvsyn fått sjå elendet.

 

KYRKJEGARDEN

Ei nemnd  med Jon Urkegjerde, Kjell Arne Årseth og Rune Mo har sett  på ein del gamle gravstøtter,
og plukka ut nokre som skal takast vare på. Det er bestemt at dei kan setjast opp på sørsida av kyrkja.
Dette hastar det å få gjort noko med. Kyrkjegardsarbeidarane må utføre arbeidet med å setje dei opp,
slik at det vert forsvarlig.

Dei gamle trea på kyrkjegarden har Ørsta kyrkjelege fellesråd vedtekt å sage ned . Dei er så gamle
at dei er ein fare. Nye tre skal plantast i staden for.

 

KYRKJA  

I haust vart det sett i gang vøling av vestveggen, men roteskadane var større enn ein fyrst trudde.
Arbeidet rundt inngangspartiet er ferdig og hovuddøra er ferdig vølt. Vindauga i tårnet må også skiftast,
då dei rotne. Ein vonar å få måle kyrkja i 2013, men dette ligg ikkje inne i budsjettet til kommunen.
Før måling må vølingsarbeidet vere utført.  Brannalarmen og innbrotsalarmen er  kontrollerte, og i orden.
Om det var vanskar med WC og vatnet sist vinter, har det ikkje vore problem hausten 2012. 

 

AVSLUTNING

Kyrkja og soknerådet treng å få hjelp av alle sine medlemmer til arbeidet.

Det vert gjort ein stor frivillig innsats av mange. Dette set soknerådet stor pris på.

Soknerådet takkar for innsatsen.

Soknerådet vil også takke alle tilsette for det arbeidet dei gjer.

 

 TAKK FOR INNSATSEN I  2012

 



Tilbake til aktivitetskalenderen