Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Årsmøte i Hjørundfjord bondelag

Attende til hovudsida

Årsmøte i Hjørundfjord bondelag

Frå: 18. november 2010 Kl. 20.00
Til: 18. november 2010 Kl. 23.00

Type: Årsmøte
Stad: Grendahuset

Årsmøte samling for Hjørundfjord bondelag med årsmøte saker og juletallerken. Vi må ha påmelding seinast onsdag 17.november pga matbestilling. Påmelding til leiar på Mob.915 32 852 Båt frå Lekneset 19.45 med retur etter møte.

Meir informasjon

Årsmøte i Hjørundfjord bondelag

 

På Bondalen Grendahus

 

Torsdag 18.november 2010  kl. 20.00

 

Sakliste:

1.     Godkjenning av innkalling og sakliste

 

2.     Val av møteleiar

 

3.     Val av referent og to til å skrive under protokoll samans med møteleiar

 

4.     Årsmelding

 

5.     Regneskap og melding frå revisor

 

6.     Arbeidsplan for neste år- kom gjerne med forslag

 

7.     Val  i samsvar med lovene

 

            Leiar

            2 styremedlemmar

            Varamedlemmar i nummerorden

            Revisor

             Utsendingar til årsmøte i fylkesbondelaget

8.           Godtgjersle til leiar og eventuelt andre

 

9.          Oppnemning av valgkomite for neste årsmøte

 

10.         Eventuelet innkomne saker

 

11.        Leiar i MRBL Inge Martin Karlsvik

 

 

12.         Ivar Svein Mo Bygdemobiliseringa status og planer

 

 

Vi vil bestille juletallerken til mat, men vi må ha påmelding.

 

Seinast onsdag 17.november  Mobil 915 32 852

 

Alle velkomne!

Båt får Leknes 19.45 – retur etter møte.

 

Bondalingane stiller med bil, men tips Join Arne om du har tenkt deg på møte

 

Saker til årsmøte melder ein skrifteleg til leiar Eldbjørg Tvergrov innen  

12. november

 



ÅRSMELDING FOR HJØRUNDFJORD BONDELAG 2010

 

TILITSVALDE: 

Eldbjørg Tvergrov  leiar 

Kjell Frøland nestleiar 

Kari Riise kasserer 

Jon Arne Nordang styremedlem

Ole Johan Rekkedal styremedlem

Varamedlemmer: 1: Einar Arne Stennes 2: Steinar Nordang

 

Årsmøte for 2009 var på Bondalen Grendahus 10. november 2010 kl.20.00.

Landbruksdirektør i Sogn og FjordaneChristian Rekkedal var tilstades og snakka om Vestlandslandbruket, som har lett for å falle mellom to stolar.

 Aktiviteten har ikkje vore på topp i styret, men vi manglar også innspel frå medlemmene.

Det har vore tre styremøte,men telefonen er god å ha, når noko skal fort avgjerast

13.apri var bøndene sin aksjonsdag. Ørsta Bondelag stilte med Geir Hole og Bjørn Rekkedal , frå Hjørundfjord Bondelag stilte Kjell Frøland utafor Amfi i grøne skjorter. Bodskapen dei prøvde å få fram, var at bondeyrket handlar om meir enn produkta. Levande bygde er noko alle ynskjer,men bonden må få ta del i lønsauken som er i samfunnet .Vi må få forbrukarane til å  hjelpe oss  med å  presse politikarane .Aksjonsdagen var valt i forkant av jordbruksforhandlingane.

Vi utala oss om utvida jakttid til 23. desember i år ,og reduksjon av arialet frå 600 til 400 dekar frå 2011. (Dette vart også vedteke)

Arne Rekkedal er valt som fyrste vara til styret i Møre og Romsdal Bondelag, og møter fast på styremøta. Det var eit sterkt ynskje å få med eit styremedlem frå Søre Sunnmøre, og det lukkast då Arne tok utfodringa.

 Eldbjørg Tvergrov er valt frå samarbeidsgruppa for Bondelaga i Ørsta til å vere med å dele ut

SMIL- midlar.

Eldbjørg Tvergrov deltok på årsmøte til Møre og Romsdal Bondelag og Samdriftenes fellesoganisasjon.Ho deltok også på leiarmøte i slutten av november 2009.

 

 

Eldbjørg Tvergrov                    Kjell Frøland                     Ole  Johan Rekkedal

Kari Riise                             Jon Arne Nordang

 


Tilbake til aktivitetskalenderen