|
Minne
frå Hjørundfjord
Av
doktor Kjell-Einar Ljones.
Det
kom eit hyggeleg brev for ei tid sidan. Hjørundfjord
sogelag skulle dette året skrive om helsestellet
i farne år, og i det høvet fekk eg spørsmål
om å skrive litt om tida i Hjørundfjorden.
Det var også eit spørsmål om eg kunne
ta med litt om Rise-ulukka i 1968 slik eg opplevde den.Så
har eg site nokre kveldar og tenkt tilbake. Minne renn
meg i hugen, det er så mangt eg ville få
med. Så blir det nokre spreidde glimt.
Då
eg kom til Sæbø i 1966, var det planar
om ny bustad og nye kontor, og bygget stod ferdig tidleg
på hausten 1967. Den tida var det også tre
utekontor; Bjørke, Urke og Øye.
Det
kunne vere mangt å skrive om dette, men av plassomsyn
let eg det ligge. Likevel må eg nemne kontoret
på Bjørke der stram lukt av tang og tare
blanda seg med songen frå bårene som skvulpa
under huset.
Eg må ta med nokre minne:
I
det gamle kaihuset fann eg mykje papir og gamle protokollar
som neppe var arkivert i samsvar med gjeldande reglar!
Eg tok vare på alt dette då vi flytta inn
i nyehuset i 1967, og eg vonar det framleis finst der.
Litt frå ein gamal protokoll må eg ta med,
og sjølv om eg skriv etter minnet, trur eg det
er rett. Det var ein "Protokol for Storfjordens
Jordmoderembede" frå hundreårsskiftet.
På første blanke sida hadde jordmora skrive
med sirleg handskrift: "Næst efter Gudfryktighed
er Renslighed den største Dyd." Litt av
eit motto for ei jordmor.
Så
kom alt det som hadde hendt i løpet av året
i hennar arbeid, og protokollen vart send til Voldens
distriktlæge for godkjenning. Han godkjende den
med eit par små merknader, og så kom det
eit PS: "At De kan tillade Dem at ruble uvedkommende
ting i en offentlig protokol, må jeg på
det sterkest påtale."
Ja, ja, det var ei tid!
Eit
par små pasientminne må også med.
Skulle nokon dra kjensel på dette, vil eg ikkje
tru det er noko alvorleg brot på teielovnaden.
Like etter at eg kom til Sæbø, fekk eg
besøk av ein original som møtte meg med
fylgjande: "Eg er så sår i halsen."
Eg undersøkte han slik eg hadde lært på
doktorskulen og meinte det måtte vere ein kronisk
halsirritasjon. Ut frå dette gav eg dei vanlege
råda. Så kom det: "Ja, det seier alle
legane, og de har vel ikkje så mykje greie på
det. Men veit du kva eg brukar? Jau, eg har ein bit
av eit gamalt katteskinn. Eg festar ein hyssing i det,
svel det ned i halsen og dreg det opp og ned nokre gongar.
Det skal eg seie reinsar opp." Om eg skal tilrå
denne behandlinga, er eit anna spørsmål.
Så
litt om gamlefar. Han var over 90 år, og eg hadde
mang ein fin samtale med han. Han fortalde m.a. at han
etter ein stygg skade med øks hadde sydd såret
sjølv med vanleg tråd, så han var
nok ein hardhaus. Så bar det slik til at han måtte
til ein spesialist i Ålesund som øyeblikkeleg
hjelp, og vedkomande var kjend for å vere litt
morsk og svært hardhendt. Etter ei tid kom plagene
att, og eg nemnde at han kanskje måtte ein ny
tur. Då kom tårene, gamlefar tok handa mi
i begge sine og sa:" Nei, kjære doktor. Lat
meg heller få døy her, for det var ikkje
menneskeleg behandling eg fekk". Dette er faktisk
berre vel 30 år sidan, men det eksisterte ikkje
pasientombod og klagerett den gongen.
Sjølv
om artikkelen blir litt lang, må eg ta med ein
livslagnad som fortel litt om tilhøva før
århundreskiftet. Det var gamle Berte Marie Rønning
som fortalde meg soga ein kveld eg sat i den vesle,
lune stova hennar. Når eg tenkjer på henne,
kjem eg i hug Blix si vakre hylling til barndomsheimen;
"Eg kjende så vel kor det anda Guds fred."
Det er ikkje direkte pasientopplysningar, men eit minne
til ettertanke og ein grunn til takksemd for helsestellet
vi har i dag. Diverre vart ikkje dette skrive ned, så
eg må ta det etter minnet:
Berte
Marie var fødd i 1887 i Sledalen. Ho hadde to
eldre brør, og foreldra hadde berre fått
desse to borna. Dei hadde også dreng . Så
kom det skarlagensfeber i garden, og drengen døde.
Då faren skulle lage kista, hadde mora sagt: "Eg
trur du må lage den større." Det gjekk
som mora ottast, også dei to små døde.
Den felles kista vart sett på ein haug oppom huset
for at vinden skulle blåse den rein. Nokre naboar
henta kista og førde den til gravstaden, foreldra
fekk ikkje vere med i otte for smitte. "Men kvar
vår," sa Berte Marie, "på den
tida då dei små døde, gjekk ho mor
opp på haugen der ho sat og gret."

Arill
Riise i samtale med dåverande kronprins Harald.
Bak Arill står doktor Kjell Einar Ljones. Foto:
Anders Hustadnes, 1968.
Det
som likevel vil leve lengst i minne, er dei dramatiske
sekund og timar måndag morgon 19. februar 1968.
Vi veit både av erfaring og frå forskning
at svært sterke inntrykk og panikkarta opplevingar
har lett for å bli hugsa annleis enn dei eigentleg
var. Difor har det vore noko ulike meiningar om kva
som eigentleg hende. Eg skreiv ned det meste, og eg
har også ein serie med lysbilete eg tok nokre
dagar etter ulukka.
Hausten
1967 var vel som vanleg, men like før jul kom
det mildvèr heilt opp til dei snødekte
toppane. Med etterfylgjande frost vart det hard skare,
og på nyåret starta det å snø.
Fjomlett mjellsnø frå nord og nordvest,
dag etter dag og veke etter veke. Midt i februar var
klestativet i bakgarden berre ein liten haug, og det
var vel over halvannan meter snø nede på
Sæbø. Dei gamle ottast det verste. Eg hadde
legevakt søndag 18. februar, og då kom
eg i prat med gamle Rasmus Riise. Han såg opp
mot fjella og snøen, og så kom det med
ein viss otte i røysta: "Dette blir ei skadenatt
i Hjørundfjorden." Han tenkte vel neppe
på Risegardane. På eit av våre mange
og trivelege besøk i lensmannsgarden var også
fonner og fonnfare eit samtaleemne. Då siterte
John Riise faren sin som skulle ha sagt omlag slik:
"På Rise sit vi trygt som i ei borg."
Om
kvelden denne søndagen var snøvèret
ekstra ille. Eg kom att frå mitt siste sjukebesøk
i Ørsta omlag kl 23.30, og då var det så
mykje nysnø på vegen at det fauk opp på
bilpanseret. Ukjend som eg var med snøras og
fonnfare, hadde eg også sjølv ei viss uhyggekjensle,
og det var nok ikkje berre vakta som gjorde at søvnen
var uroleg den natta.
Om
morgonen vakna eg litt før sju av telefonen,
det var røysta til Brit Eide: "Du må
kome fram til Rise, heile tunet er teke av fonna. Alle
telefonliner ut frå Sæbø er øydelagde
i natt, så vi kjem ikkje ut med beskjed."
I same minutt ringde det på kontordøra,
og då eg åpna døra, ramla Knut Riise
utmatta innover golvet med eit naudrop: "Heile
Rise er teke av fonna. Lensmanngarden og Årsethuset
er heilt smadra. Eg høyrde mor rope då
eg for, så der er nokre i live." Like etter
starta også brannsirena opp og gjorde uhyggestemninga
enno sterkare.
Eg
raska opp i ein sekk litt reiskap og det viktigaste
av medisin og for ned på vegen. Det var kome ein
del folk, og to unge menn, Birger Wille og Sigbjørn
Kvistad, vart sende med brannbilen for å nå
i telefon og varsle. Vi vart frårådde å
gå langs riksvegen, alle ottast at Skondalsfonna
skulle kome med full tyngde. Vi byttast om å gå
først med ski opp langs elvebarden, og på
den første nådde snøen til midt
på livet. Brått var det fast, mest steinhard
snø. Det var fonnvinden som hadde pakka snøen
saman.
Mange
hadde kome seg fri med eiga hjelp, og til all lukke
høyrde vi lensmannen rope nede i fonna. Det var
langt frå der huset hadde stått, og hadde
ikkje han vore medviten, hadde vi neppe greidd å
berge så mange. Vi grov oss ned gjennom mykje
knust materiale og fann først Ragna, kona til
lensmannen. Til all lukke var huset i Pe-garden uskada,
og dei hadde fyrt opp i omnen. Utan denne kjærkomne
stasjonen for førstehjelp, hadde det nok ikkje
gått så bra. Eg kan ikkje ta med for mange
detaljer, bilete etter bilete flimrar for mitt indre,
så tårene kjem. Der kjem dei inn med Arill.
Han viste livsteikn då dei fann han, men brått
fekk han respirasjons- og hjartestans. Grunnen er uviss,
kanskje brå endring av temperatur og trykk. Til
all lukke var der ein sjukepleiar til stades, og saman
fekk vi han til live igjen.
Kjære
Arill, skulle de lese dette, så vit at du har
ein stor plass i hjartet mitt enno i dag. Så vesle
solstrålen Ivar, jamngamal med vår eldste
Bodil. Eg ser for meg den vesle gullguten, så
ivrig som han var på søndagsskulen. Han
skulle ikkje kome lenger. Eg prøvde alt eg hadde
lært, men han var død då vi fann
han.
Eg
ser dykk for meg alle: Ansgar Urkegjerde og sonen Bjørn
som overnatta på Rise fordi der var trygt. Bjørn
som vi fann sist, og som så vidt overlevde. Anne-Berit,
medvitslaus langt nede i ruinane på loftsdelen
på huset som flytta seg minst 50-60 meter.
Vi
fann dei to siste omkomne, Hjørdis og Torstein
Årset, like før hjelpemannskapa kom. Kistene
til dei omkomne vart sette på helsesøsterkontoret.
Kyrkja sto utsett til for ras. Kona mi fortel at ho
aldri vil gløyme kor sterkt det var først
å legge våre 3 små om kvelden, for
så gå inn for å stelle vesle Ivar
til hans siste kvilestad...
Og
det gjekk som gamle Rasmus Riise spådde. Kjerringekjeften
på Finnes tømde seg med villskap over den
vesle grenda, heile fjellsida i Stålberget kom
over Stennes, og raset frå Skårasalen feia
over heile marka på Skår. Inst i Sledalen
øydela fonna ein del av huset, men folket var
i den delen av huset som var uskada. Vegen mellom Urke
og Øye og langs stranda frå Standal var
berre ras i ras. Einar Frøland som førde
doktobåten sa til meg: "Etter det er mørkt,
kan vi kun gå når det står om liv,
fjorden er full av skog og vrakgods."
Eit
par dagar etter letta det opp. Det var trolsk vakkert.
Sola var komen så høgt at den gylte dei
kvite tindane, og nysnøen dekka litt av all den
øydelgginga vi hadde vore vitne til. Det kom
eit ekstrafly med journalistar, mellom dei ein frå
Sverige. Han intervjua meg der vi sto framme på
ruinane av Risetunet, og så kom det: "At
nogot så vakkert kan vara så farligt!"
Det fekk eg i sanning røyne.
Eit
lite minne til; litt ut på seinvinteren var det
NM i alpint på Bondalseidet. Dåverande kronprins
Harald var gjest, og han vitja Sæbø for
å høyre om ulukka og vise si medkjensle.
Eg skulle orientere om redningsarbeidet og hadde sjølvsagt
kledd meg fint for å møte slikt storfolk.
Kronprinsen hadde sportsantrekk. Då eg beklaga
at det var så vanskeleg å gå mellom
alt vrakgodset, sa han på sin lune måte:
"Jeg er nok bedre kledd jeg enn Dem til å
gå her."
Eg
må avslutte her, sjølv om eg kjenner at
eg berre har fått med nokre spreidde glimt frå
ei rik og utfordrande tid for ein ung lege.
Til slutt tek eg med litt om ei vanskeleg og samtidig
kjær oppgåve eg fekk. På gravferddagen
skulle eg legge ein krans på bårene frå
folket på Sæbø. Eg veit ikkje kva
som vart sagt, ord til trøyst blir så fattige
og spørsmåla utan svar så mange i
ei slik stund. Men eg prøvde å peike på
ein evig Far som har omsorg for oss alle og eit namn
som skal leva til evig tid.
Kjære dykk alle i Hjørundfjord. Det er
mange vakre og glitrande perle i min minnekrans som
knyter seg til dei gode åra vi hadde der inne.
Hareid medio, september 2000
|