Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Kulturvandring i Storfjorden

Siste søndag før skulestart, 18. august, skyssa Rødhette folk frå Strendene, Bondalen og Norangsfjorden til startstaden for kulturvandringa i Storfjorden - Viddal. Godt vêr med sol og still fjord synte tydeleg spor etter storregnet dagane før, særleg dreiv det mykje skog i området kring Lekneset. Første stopp på Viddal var Viddal skule med byggeår 1905. Denne skulen er i svært god stand, og må vere eit soleklart verneobjekt for Hjørundfjord sogelag. Ole O. og Bjarne Viddal har stått i spissen for ei omfattande restaurering. Tidlegare elevar ved skulen (heile 80 vart tilskrivne) vart utfordra til å vere med på å finansiere dette arbeidet , og dei stilte opp. Taket fekk nytt trod, det vart også lagt eit sutak, lekta opp og lagt skiferstein.

I skulestova vart det lagt opp til ein skuletime i gamle dagar med Einar Saure som ein streng og myndig lærar. Skulestova var heilt full. "Elevane" måtte lese og synge- og slik røyndomen er, møddest nokre meir enn andre. Læraren måtte gje både ros og ris - ei fornøyeleg stund vart det! Deretter spaserte kulturvandrarane til Ungdomshuset som Viddal ungdomslag bygde i 1939-40. Bjarne Viddal fortalde om ungdomslagsarbeidet i bygda og la til nokre ekstra gode historier. Ole O. Viddal tok så over, og det barst ned i nausta - ein spanande tur for alle fiskeinteresserte. Vi var innom Haula- og Jørn-naustet og såg på ein seksring og ein snidbedding. Notbåtane minte oss om tidlegare tider med Viddal notlag, og ein ante spaninga når sildebronkar sette fart i viddalskarane.

No gjekk turen til Tue- og Tingstova på Bjørke. Der vart det servering av rjomegraut og spekemat og heilt til slutt kom både kaker og kaffi på bordet. Det var sogestemning og triveleg samtale kring borda. Etter kaffien tok dei fleste ein snidveg ned til Brattefjøra der lærar Erik Sefland i si tid budde, og vi kika oss rundt der. Så gjekk turen til Jod-buda og Bertha Saure fortalde om restaureringa av den. Dette har vore eit storprosjekt, og våren 2003 var endeleg også torvtaket på plass. Innvendes kjenner du stemning av gamle dagar, ja det er mest som eit syn alle minne som dukkar fram etter ein tur rundt i buda. Kulturvandringa 2003 var ein suksess, og på det meste deltok kring 70-80 deltakarar.

Hjørundfjord sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag kan seie seg svært godt nøgde med arrangementet - og ei særskild takk må gå til nemnda som var hovudansvarlege for arrangementet: Ole O. Viddal, Bjarne Viddal, Einar Saure og Bertha Saure.

Jarle Walseth

Her kan du sjå bilete frå kulturvandringa:

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland