|
Føreord
Frå Hjørundfjord
er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit
årsskrift som kjem ut i desember kvart år.
Eit viktig mål for sogelaget er å ta vare
på minne om folkelivet i farne tider, skape interesse
for fortida og knyte band mellom folket før og
no. Skriftstyret ønskjer at utflytta hjørundfjordingar
kvart år i førjulstida skal få seg
ein god tur heim. Det er godt å ha røter,
og det er viktig å hugse på dei som gjekk
før oss og deira slit på tungdrivne småbruk
for å skaffe utkome til seg og sine.
Dette årsskriftet
har misjonsverksemd som hovudtema. Rundt om i Hjørundfjorden
grodde det fram mange misjonsforeiningar. Strevsame
fingrar under varme hjarte arbeidde fram gevinstar.
Høgdepunktet var basaren, ein sosial møtestad
der fellesskap og samhandling ga inntekter til dei langt
ute i verda som trong hjelp både til åndeleg
og verdsleg føde. Eit anna tema har også
fått brei dekning i skriftet - nemleg minne etter
tatarane, eller "splinten", som vi oftast
kalla dei. Det hastar med å skrive ned minna om
dette eksotiske folkeslaget som reiste rundt i fjorden
og budde mellom oss i periodar.. Dette årsskriftet
skil seg såleis litt frå det tradisjonelle
opplegget med berre eitt hovudtema.
Artikkelserien "Kai-kulturen
i Hjørundfjord" nærmar seg slutten.
Denne gongen har artikkelforfattar Torbjørn Urke
kome til sjølve hovudknutepunktet i Hjørundfjord,
Sæbø kai. Dagbokstoffet har alltid vore
populære innslag i årsskrifta våre.
Vi møter igjen Johan B. Kvistad i helg og yrke
det året 1.verdskrigen braut ut. Vi er med i kvardagsslit
på Holane og på lange, kalde og hustrige
fangstdagar under torskefisket med vekslande lukke.
Dette året vart det eit godt vintersfiske. Andreas
Kvistad drog på langtur i Norge. Elles av tradisjonelle
innslag må nemnast at Gunnar Ellingsen atter ein
gong har funne fram fakta frå livet i Hjørundfjord
for 100 år sidan. Årsskriftet har også
med artiklar om stoff som har runde år, og dette
året har vi med fleire artiklar med fritt valde
tema. Skriftstyret har også funne fram tidlegare
prenta artiklar frå aviser, tidsskrift og blad
som absolutt fortener ei ny opptrykking.
Denne gongen har skriftstyret
også funne rom for ein årsrevy. Journalist
Rune Sæbønes i Møre-Nytt har leitt
fram vesentlege og kuriøse innslag frå
året som gjekk. Dette vil fungere som nødvendig
oppdatert samtidshistorie for utflytta hjørundfjordingar,
samtidig som det vil vere interessant historisk dokumentasjon
om få år også for fastbuande. Enok
Kippersund ser på Hjørundfjorden og hjørundfjordingen
frå ein innflyttar sitt perspektiv.
I korrekturarbeidet tek skriftstyret sikte på
å føre inn konsekvens i språkføringa,
men kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv.
Elles registrerer underteikna med glede at stadig nye
artikkelskribentar dukkar opp. Arbeidet går på
mange måtar lettare med digitale hjelpemiddel,
og særleg ser det ut til at det dukkar opp nye
og spanande bilete frå nye kjelder. Tenk alle
bilete som ligg i USA etter utvandra hjørundfjordingar
som har vitja heimbygda! Den store draumen må
vere å finne fram eit bilete frå garden
i Høydalen (mellom Sæbø og Standal)
som vart fråflytta i 1892.
Heilt til slutt må
vi vende blikket framover mot nytt prosjekt , Frå
Hjørundfjord nr 27.Gardane ga ikkje arbeid til
alle som ønskte å slå seg ned i fjorden.
Rundt om i bygdene dukka det opp driftige handverkarar
med interesse for å skape seg eit levebrød.
Denne gongen står småindustrien for tur.
Igjen vil eg oppmode til skrivedugnad. Det er lite att
av slik næringsverksemd i dag, men vi pliktar
å skrive historia til dei som fødde familiane
sine på snikkarverkstaden, møbelbedrifta
og smia, oftast plassert i kjellaren.
Skriftstyret vil atter
ein gong takke alle dei som på ein eller annan
måte har vore med på Frå Hjørundfjord
nr 26 ; som skribentar, bileteinnsamlarar, illustratørar
og seljarar. Ein ekstra honnør til alle kjøparane
av årsskriftet; dei inspirerer til ny innsats.
|