|
Frå
Hjørundfjord er
utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift
som kjem ut i desember kvart år. Vi ønskjer
med skriftet å knyte band mellom fastbuande og
utflytta hjørundfjordingar ved å presentere
tradisjonsstoff som synleggjer vår felles arv.
Vi er stolte av røtene våre og ønskjer
at fjorden også i framtida skal gje levebrød
og livskvalitet for komande generasjonar. Derfor
er det skriftstyret sitt største ønskje
å skape heimlengt for såleis å bidra
til at det atter vert ljos frå glasa i fråflytta
hus og at nye barnekull kan gå på eventyrvandring
i ein overdådig natur.
Tradisjonen
tru er det også dette året lagt opp til
eit årsskrift med hovudtema. Denne gongen er det
ungdomslagsrørsla som er sett i fokus. Det starta
opp med kristelege ungdomslag, seinare kom dei frilynde
ungdomslaga til. Ikkje alltid var det semje mellom dei
to åndsretningane. Ungdomslaget var ein møteplass
for kulturarbeid og leik. Her lærde ungdomen for
livet - om formell lagsverksemd og eigne talent.
Dagbokstoffet har alltid vore eit særleg kjærkome
innslag i årsskrifta våre.
Vi
kjem nær menneska og livet dei lever, og vi får
levande tidsbilete som stundom fortel meir enn lange
beskrivande prosatekster. Denne gongen er vi på
Holane på Kvistad i Bondalen i 1913, altså
for 90 år sidan, og vi møter først
Andreas Kvistad (1846-1936) og seinare same året
tek sonen, Johan Br. Kvistad (1880-1959) over. Han har
vi møtt tidlegare i Frå Hjørundfjord.
Dei
tradisjonelle gjengangarane i årsskriftet er sjølvsagt
med, og som sist ruvar livsminneartikkelen til Egil
J. Nordang. Han har med eit vake auge for dei minste
detaljar gitt eit sjeldant levande tidsbilete frå
oppveksten sin på Moane tidleg på 1900-talet.
Denne gongen møter vi skulen og lærarane
- og ikkje minst jula. Vi følgjer også
Egil med sambygdingar på vegen vidare og ut i
verda til trandamping i Svolvær.
Korrekturarbeidet
har vorte utført på vanleg måte.
Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv, og
skriftstyret har stor sans for dialektnær uttrykksmåte.
Mange artiklar dukkar no opp den elektroniske vegen,
og ein kan trygt slå fast at mangt faktisk no
er lettare enn før. Likevel skal det eit stort
fellesløft til for å føre det årlege
årsskriftproduktet fram til endeleg realisering.
Mange er med, og gledeleg er det at det mest kvar gong
dukkar opp nye artikkelskribentar.
Det
har vore tradisjon dei siste åra å antyde
tema for neste års dugnadsprosjekt, og slik får
det verte denne gongen også. Dette årsskriftet
har opna auga for at det hastar med å ta vare
på fakta om anna lagsverksemd i fjorden. Dei mange
idealistane i dei mange misjonsforeiningane har si soge
å fortelje. Bondelaga og bondekvinnelaga og losjelaga
i fjorden skal heller ikkje gløymast. Og som
før er vi avhengige av at dei som sit inne med
stoff og bilete om aktuelle emne, tek kontakt. Også
gode idéar vert mottekne med stor takk.
Skriftstyret
vil til slutt takke alle som på ein eller annan
måte er med; som artikkelskribentar, bileteinnsamlarar,
illustratørar, munnlege kjelder, dei som sel-
og ikkje minst alle kjøparar av årsskriftet.
Dei gjev kveik til ny innsats!
For skriftstyret
Jarle
Walseth, redaktør
|