|
Fyrste tanken om denne boka
kom på den tiden vi dreiv Skjåstaddalen
Bondekvinnelag, og medlemmane i felleskap skulle samle
gamle ord frå Storfjorden. Det var ikkje so enkelt
som den evige optimisten trudde, laget tok til å
dabbe av og det "kokte ut i sode".
Eg hadde etter
kvart teke til å skrive opp ord og setningar som
no og då "datt ned i haude" på
meg, særleg var det når Einar og eg arbeidde
i fjøsen at orda og setningane kom fram og dermed
tok eg til å skrive lappar av kraftforsekker.
Dei låg og slong her og der, og etter kvart gjekk
eg over til å skrive på mjølkeromsveggen.
|