Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Årsskrift 25
Årsskrift 25

Tradisjonen tru er det også dette året lagt opp til eit årsskrift med hovudtema. Denne gongen er det ungdomslagsrørsla som er sett i fokus.

Det starta opp med kristelege ungdomslag, seinare kom dei frilynde ungdomslaga til. Ikkje alltid var det semje mellom dei to åndsretningane. Ungdomslaget var ein møteplass for kulturarbeid og leik. Her lærde ungdomen for livet - om formell lagsverksemd og eigne talent.

Dagbokstoffet har alltid vore eit særleg kjærkome innslag i årsskrifta våre. Vi kjem nær menneska og livet dei lever, og vi får levande tidsbilete som stundom fortel meir enn lange beskrivande prosatekster.

Denne gongen er vi på Holane på Kvistad i Bondalen i 1913, altså for 90 år sidan, og vi møter først Andreas Kvistad (1846-1936) og seinare same året tek sonen, Johan Br. Kvistad (1880-1959) over. Han har vi møtt tidlegare i Frå Hjørundfjord.

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland