|
Denne
gongen er det småindustrien som er hovudtema i
årsskriftet.
Rundt
om i bygdene var det mange handverkarar som starta opp
med småindustri. Nokre få dreiv relativt
stort og sikra arbeidsplassar til fleire, andre skaffa
seg sjølv ei inntekt til å føde
ein familie.
Nokre
trong ei biinntekt å skøyte på ein
liten gard for såleis å skaffe seg eit levebrød.
Det viste seg raskt at vi her har ei stoffmengde som
gjer det umogleg å få med alt i eitt tidsskrift.
Fleire artiklar om temaet ligg derfor ferdiggjorde på
vent til neste årsskrift.
|