Tilbake                                                                                                                                     Neste side

Banktryggleiken
Intervju med bankdirektør Venke Vik Nordang.

Korleis vil du karakterisere tryggleiken i banken?
Den er veldig god, ja.

Har de vore utsette for ran i Volda & Ørsta Sparebank?
Ikkje det eg veit.

Kva røynsle har de tilsette til væpna ran?
Ingen av dei tilsette har erfart ran, men vi har lært korleis vi skal takle det.

Har de forholdsreglar i høve til ran?
Det viktigaste er tryggleiken til dei tilsette. Pengane er det ikkje så viktig med, for dei får vi att. Ja ,også har vi ein alarm vi kan trykke på, men vi skal ikkje
starte alarmen om han ser det. Det kan provosere han til å skyte.

Korleis er de rusta mot ran?
Vi har videoovervaking slik at vi ser dei som kjem inn. Vi er også tilknytte ein alarmsentral.

Korleis har ransutviklinga generelt vore dei siste åra?
Det er spesielt i Oslo-området det har forverra seg. Men ranarane har
gått meir på kioskar og bensinstasjonar, kanskje fordi vi bankane har blitt så pass trygge. Men ranarane har vorte tøffare og gjer alt. Dei kan skyte ned eit menneske for desse pengane. Men kundane taper ingenting på ran, for vi har pengane i eit garantifond. Dei er også forsikra. Vi har liksom pengane på papiret. Så sjølv om dei tek pengane vi har her, får kundane dei attende.

Så du meinar eg med tryggleik kan sette pengane mine i banken?
Ja, absolutt!!


Tilbake                                                                                                                                     Neste side