Den historiske kvervelvind.  

Kvardagsliv 1

Brandal

Bryllaup

Irmaforliset

Farmor fortel

Kvardagsliv 2

Intervju med Ragna Riise

Skotet på kommunehuset

Fangeleiren på Saltre

Bilete frå fangeleiren på Saltre

Intervju med morfaren min

 


Dette skuleåret har 10.klasse delteke i ein prosjektkonkurranse i historie arrangert av Historisk institutt ved Universitetet i Oslo. Tema for prosjektet har vore "Eg og familien min i den historiske kvervelvind"

I konkurranse med 55 innleverte historieprosjekt frå elevar i ungdomsskular og vidaregåande skular, har juryen gitt gode tilbakemeldingar til dei ni elevane ved Sæbø skule. No blir det sommarakademi ved Wannsee i Berlin på to av dei ilag med 30 andre ungdommar frå ei rekke austeuropeiske land, samt Tyskland og Wales.

Tankar omkring arbeidet:
10.klasse har altså arbeidd med prosjektet "Den historiske kvervelvind" seinhausten 2002 og på nyåret 2003. Det har vore dei lokalhistoriske og familiehistoriske momenta i samband med 2.verdskrig som har vore utgangspunkt for problemstillingar og arbeid undervegs. Slik "spissa" vi prosjektet - for å unngå at det ikkje skulle famne for vidt.

Vi har såleis intervjua familiemedlem, naboar og lokale kjentfolk som har gitt oss sin versjon av forskjellige opplevingar under krigen. I førebuinga av prosjektet undersøkte vi kva for problemstillingar som kunne vere mest aktuelle for oss å finne ut av. I startfasen tenkte vi det kanskje ikkje var dei store og dramatiske hendingane vi ville møte i dei ulike familiane i ein lang og trong vestlandsfjord, langt frå krigens sentrum. Vi var difor i hovudsak opptekne av kvardagslivet; med mat og klede, rasjonering og blending, fritid og skule. Etterkvart forsto vi at fleire av familiane hadde forholdsvis dramatiske hendingar i si historie som vi ville ta vare på for ettertida. Difor måtte nokre problemstillingar justerast undervegs.

Ei anna side ved prosjektet blei dei mellommenneskelege tilhøva; kva krig gjer med forholda mellom naboar, familiemedlem, vennar osb. Det blei etterkvart naudsynt å diskutere kva vi kunne tillete oss å publisere på ei heimeside som kan studerast av alle. Etiske retningsliner, personvern og kjeldebruk blei såleis eit lite "prosjekt i prosjektet" for nokre av elevane.

Det munnlege kjeldestoffet har vore det heilt sentrale i arbeidet, og hadde det ikkje vore for alle dei som stilte mykje tid og gamle minner til disposisjon for oss, hadde det aldri kunne blitt noko prosjekt. I førebuingsarbeidet til intervjua var årsskrifta til Hjørundfjord Sogelag ei god hjelp. Kunnskap om intervjuteknikk og intervjusjangeren frå norskfaget var og viktig for å gjere eit skikkeleg arbeid. Det er mange timar framfor dataskjermen som ligg bak arbeida med tekstane. Og siste hand på det datatekniske arbeidet, blei grundig ivareteke av dataansvarleg på skulen.

Viss prosjektet til 10.klasse kan nyttast som supplement til lærestoffet i historie, har vi oppfylt ein av intensjonane ved prosjektet. Viss nokre les av rein interesse, blir vi glade, og viss andre har fått inspirasjon til å vere med på neste års prosjektkonkurranse frå Historisk Institutt, ønskjer vi lukke til!

Marthe Ruud