| "Truleg kom fangane til Saltre for veden si skuld,"
fortel Synneve Aarskog, som vaks opp på Saltre. "Fangane
skulle hogge ved på Brattheim. Oppe i markane hadde dei
løypestrengar som dei frakta veden til sjøs med. Veden skulle
brukast av den tyske krigsmakta." Synneve reknar med at dei
hogg ved til både seg sjølve, til soldatane og noko av veden
sendte dei også ut til Ålesund, der det var mange
fangeleirar.
Saltre ligg også rett ved sjøen, og på den tida var
sjøvegen viktig. Som sagt hogg dei ved på Brattheim. For å
kome dit, måtte dei gå forbi både Skarbøen og Øra på den smale
råsa. Vaktene som fylgde dei var væpna med gevær.
Ein av desse vaktene var skada i ein fot, så han halta. Han tok
derfor ikkje alltid med seg det tunge geværet sitt, det sette han
att på skulen. Det var eit så godt forhold mellom fange og vakt at
ein kunne gjere dette. Brått ser dei ein tysk vaktbåt ute i
Vegsundet, med kurs for fangeleiren og vedhoggarane. Her var gode råd
dyre. Vart soldaten teken utan gevær på fangevakt, så kunne skjebna hans vere avgjort der og då.
Ein av dei polske
fangane gjer det ein ikkje kunne tru. Han spring inn att til skulen
og hentar geværet til soldaten. Han greier å kome tidsnok
tilbake til dei andre, før vaktbåten hadde lagt til skikkeleg.
Dette viser kor fint forhold dei hadde seg imellom. Sjølv om det
var fienden som hadde hamna i klypa, så ville han hjelpe det han
kunne. Dette meiner eg er noko som vi alle kan lære av.
Folk uti
strendene merka etterkvart at både fangane og soldatane var vanlege
menneske som lengta heim. Så byrja dei forsiktig med å gje ein
matpakke til fangane om morgonen, og ein liten kaffiskvett til alle
mann. Etter ei tid begynte dei på Skarbøen å be dei inn på
middagsmat. Det kunne vanke både rjomegraut og spekekjøtt på
menyen.
Dei polske fangane var berre på
Saltre frå september 1943 til mai 1944. Då det kom nye fangar til
Saltre i april 1945, vart det andre bollar. 59 russiske fangar og
minst 20 tyske vakter var det som denne gongen skulle bu der.
Soldatane budde i skulestova og kammerset, medan fangane måtte bu i
den vesle kjellaren. Det er vanskeleg å tenke seg korleis dei
nesten 60 fangane kunne bu på vel 40kvm. Det
var ikkje lagt tre på veggane, det var berre bare murvegger. Midt i
rommet var det plassert ein skorstein. Rundt
om kvar vegg var det bygd køyesenger. Det er usikkert korleis dei
sov. Det spekulerast i om dei sov på skift og at dei var opptil
fleire oppi same køye. Polakkane
låg ikkje nede i kjellaren, slik som russarane gjorde. Dei sov oppe på loftet. Maten kokte dei sjølve ved hjelp av ein omn i
kjellaren. Til mat hadde dei kålrabi og kjøtbein, som dei kokte
seg suppe av. Det vart mykje
strengare då russarane kom. Dei hadde berre nokre filler på seg,
medan polakkane hadde uniformkleder frå Tyskland. Rasmus forstår
ikkje korleis dei klarte å halde uniformene så fine og reine. Uniformene
hadde dei alltid på seg når dei arbeida og gjorde andre
ting.
Høge piggtrådgjerder vart bygde
på kryss og tvers så fangane ikkje kunne røme. Piggtråd i ruter,
meir enn to meter høgt. Borna synest dette var spanande og gjekk og
kika, men dei fekk streng ordre heimanfrå om å halde seg på
avstand.
Dei siste soldatane var av ein
heilt anna sort enn dei første. Desse var harde SS-menn. Det var
plassert ein vaktpost som patruljerte mellom skulen og brua til alle
døgnets tider. "Eg kan den dag i dag sjå han for meg der han
stod, med lada gevær, utanfor brua heime," hugsar
Synneve.
Telefonstasjon.
Synneve
og familien hennar hadde under krigen ein telefonstasjon i huset
sitt. Sjølv om dei ikkje likte det, så måtte dei sleppe inn
tyskarane, slik at dei fekk ringe dei også.
Nyhenda frå
krystallapparatet.
Rasmus
hugsar godt då
krigen starta. Han låg oppe i senga si då han ein morgon fekk høyre,
frå krystallapparatet sitt, at Tyskland hadde okkupert Noreg. Eit
krystallapparat er ein radio som var det vart laga flittig av under
krigen. Rasmus hadde det godt plassert opp på nattbordet sitt. Han
måtte bruke høyretelefonar på øyrene, og det var svært vanskeleg
å få med seg det som vart sagt. Og då hugsar han at han høyrde
at ”Bergen er også tatt”. Med ein gong han høyrde denne
nyhenda, sprang han så fort han kunne ned på kjøkenet og slo på
radioen. Så fekk dei andre i familien også vite.
”Det var ein
veldig trist dag”, seier Rasmus når han tenkjer tilbake på sine
ungdoms år. ”Vi trudde i grunnen at krigen ikkje skulle vare så
lenge”, fortel Rasmus. ”Og det var det som var håpet heile
tida. Hadde vi berre visst at den skulle vare i fem år, då reknar
eg med at vi hadde gitt opp nokså raskt."
Møteplass.
Som
sagt vart ungdommar i området kjende med fangane. Rasmus var ein av desse ungdommane.
Det var med dei polske fangane han og dei andre vart kjende med, dei
russiske var fleire og ville ikkje sleppe dei inn. "Dei i
fangeleiren var frykteleg redde når det var personar der med
Ålesundsdialekt. Frykta kom av at dei trudde at Ålesundarane kom
til å sladre til Ålesund."
Eg
spurde Rasmus om korleis dei kom på den ideen å besøke fangane.
Han forklarte meg at ungdommane gjekk der i området, og etterkvart
fekk dei litt kontakt med polakkane. Dei fekk smugla inn litt mat
til dei og slikt. Vaktene brydde seg ikkje så mykje om ungane som
sprang kring skulehuset. Dermed kunne blant anna dei to yngre
brødrene til Rasmus gje litt mat til fangane.
Leik
med barna.
Rasmus
kjende ikkje så godt dei tyske vaktene, men han hugsar godt ein som
vart kalla August. Han for og traska langs vegen og snakka med folk.
Kone og barn venta på han heime i Tyskland, og han lengta sjølvsagt
etter dei.
Synneve Aarskog hugsar også soldaten August. Han brukte å leike
ilag med brna ein heil del. Fleire gongar leika dei butikk i
kjøkenet til Synneve. August var også med og leika ute i snøen.
"Eg hugsar at vi putta snøballar ned mellom halskragen hans, og
at han berre flira av det," fortel Synneve. Kanskje
det hjelpte på saknet av sine eigne barn å leike med dei
norske ungane?
Foreldra til borna likte ikkje at barna hadde så nær kontakt med
soldatane, men Synneve forstod ikkje den gong at desse tyskarane var
farlege fiendar.
"Purketysk" og tenester.
Når
dei norske ungdommane tok seg ein tur til fangeleiren, gjekk praten
på noko Rasmus kalla ”purketysk”. Det var ei salig blanding av
tysk, engelsk, norsk og polsk. Somme av polakkane var ivrige etter
å lære seg norsk, så dermed fekk dei tak i nokre tysk-norsk ordbøker.
Etterkvart vart nokre av fangane ganske flinke til å snakke både
norsk og engelsk. Dei
snakka om alle moglege kvardagslege ting. Ungdommane som knapt nok
hadde vore utafor bygda sine grenser, var svært interesserte i å
få vite korleis ein hadde det i Polen.
Ein
gong kvar 14. dag fekk polakkane ein rødekorspakke. Den inneheldt
rosiner, kjeks og tobakk og slikt. Det vart nærmast ein fest når
dei fekk desse pakkane. Dei var flinke å spandere på sine nye vennar.
Av
og til laga folk i bygdene brennsnut og anna middagsmat til dei og
bar ut til Saltre. Ein sjeldan gong lurte polakkane seg til å besøke
nokre av dei personane dei hadde blitt kjende med, men det var
veldig sjeldan. Viss dei fylgde folk heim, var tyskarane der
fort.
Som
takk for mat, smugling av brev, og ymse andre tenester, laga fangane
ringar av kronestykke. Skar ut fine smykkeskrin av all slags
tresortar.
Rasmus
huskar spesielt godt Jan Pyszka, som var ein polsk fange som var
her. Ein kan vel seie at han var ein slags leiar for fangane. Han kom
tidleg i kontakt med folket i bygda. Han vart og skoten under eit
fluktforsøk. Kula gjekk tvers igjennom han like ved hjarta.
”Pyszka ikkje dø for tysk kule,” sa han, medan han blei frakta
til sjukehuset i all hast. Han overlevde, og kom tilbake etter
krigen og hjelpte til med ymse gardsarbeid.
Rasmus
kan fortelje at mange av tyskarane var skikkelege folk, men der var
nokre som var nokon ”bajasar”. ”Eg skal seie deg det at dei
stod oppe i vindauget og skaut over hovudet på bestemora til
Synneve så spruten stod bort på fjorden. Men dei fleste var i
grunnen vanlege folk, som var leie av krigen slik som oss.”
Då
Sverre henta tilbake radioane.
På hausten 1941 vart alle radioane, som tyskarane
kunne finne, samla inn. Dei ville ikkje at nordmenn skulle få høyre
på all ”tullpratet” som BBC kom med. 538 000 radioar vart
leverte inn til dei lokale lagerplassane. Det er usikkert kor mange
radioar som vart gøymt vekk heime hos folk, i kjellar og på loft.
Her i området var det lensmann Martinus Riise som
ordna med å plassere radioane. Far ordna med å plassere radioane.
For Ytre-Standal og stranda utover vart radioane lagra på eit skråkott
i huset til Sverre Saltre, far til Synneve. Avlåsinga vart først
ordna med eit hengelås med to nøklar. ”Den eine ville lensmannen
ha, men den andre kunne eg ha,” skreiv Sverre til ei sogelagsbok.
”Det var såleis svært enkelt for meg å høyre meldingane frå
London.” Noko seinare kom det nazistar for å sjå om han lytta
illegalt. Døra vart då festa med streng og plombert. Men
inntakssikringane for elektrisiteten var på det romet, og vart det
sikringsfeil, måtte ein bryte opp døra. Ikkje lenge etter kom den
nye nazilensmannen med sine folk og henta alle radioapparata. ”Det
vart då eit sakn å ikkje høyre nyheitsmeldingane frå London,”
fortel Sverre.
”Ein dag eg var på Sæbø, kom eg i kontakt med Odd Wille. Han
visste kvar radioane var lagra, og eg kunne lettvint opne døra til
radiolageret. Vi planla så å gjere ein aksjon for å få radioar.
Han skulle passe på eit lagleg tidspunk og gje meg telefonisk
melding om det”, opplyser Sverre.
Han fekk med seg ein påliteleg mann heimanfrå, og dei reiste med
motorbåten til Sverre med ein færing på slep. Dei tok med seg
garn og anna fiskeutstyr, noko søkkestein til å dumpe
radioapparata i havet, i tilfelle dei vart praia av ukjente båtar.
Som avtala kom dei til Sæbø i mørkninga. Motorbåten
vart fortøygd utanfor Sæbøneset, og med færingen rodde dei til
land på Sæbø. Odd hadde sett at lensmannen ikkje var heime, så
det var berre å setje planen i verk.
Først var det å finne fram
blendingsgardinene. Dei hadde høyrt at dei skulle vere på mørkeloftet
i kommunehuset. Men til deira store overrasking oppdaga dei at det
allereie hang blendingsgardiner. Dei tok til å begynne og leite
etter dei finaste radioane på lageret. Dei visste om mange som
hadde gode universalapparat. Det er slike som kunne brukast både på
likestraum og vekselstraum, og du kan tru at det var stas å ha eit
slik apparat i heimen sin. Men dessverre var der ikkje mange av
desse radioane som var att. Dei fleste var allereie tekne derifrå.
Sverre og gjengen valde ut ti radioar som du syntest såg bra ut og
tok dei med seg.
Då dei hadde ordna etter seg på lensmannskontoret, var det lyse
dagen. No var det berre å kome seg heim i ei rasande fart. Ute på
fjorden skjedde nesten det ein håpa at ikkje skulle skje; ein båt
kom imot dei. Dei batt radioane saman og festa ein sto stein til
dei, klar til å tippe dei i sjøen om dei skulle bli praia.
Heldigvis gjekk det bra denne gongen, dei heldt stor avstand frå båten,
og han heldt stø kurs og ensa dei ikkje eingong.
Alle apparata vart no lagra på Saltre. Radioane
vart gøymde vekk nokre dagar i tilfelle nokon hadde sett dei då
dei tok radioane tilbake. Nokre apparat vart plasserte der det var
nokolunde trygt for rassia. Dei radioane som ikkje vart utplassert
til lytting, vart gøymde i ein hellar i utmarka. Det var ikkje
mange som visste at Sverre hadde radio til lytting. Ikkje eingong
hans eiga mor visste det. Om ho hadde visst det, hadde det ikkje vore
so trygt, fordi ho var som kvinner flest, ho likte å snakke.
Ei
juleforteljing.
Synneve
fortalte oss om ein dag ho hugsa godt. Det var 1. juledag i 1943, og
på morgonkvisten låg det ein pakke på dyna då ho vakna.
"Mor
og far hadde fått besøk av soldaten Pfaff seint på
julekvelden," startar ho. "Han hadde vel fått i seg eit
par drammar, då han bad om å få sjå oss barna. Redde gav
foreldra våre han lov til å sjå inn på soverommet. Og rett som
det var tok han julekort opp frå lomma si og kasta dei utover
sengane våre. Tårene rann fritt då han sa: ”Dette er mi jul”.
Julekorta hadde han fått frå barna sine heime i Austerrike. På
korta stod det mellom anna: ”Lever far, kom heim om du kan”.
Julekorta låg på kjøkenbordet om morgonen, men vi såg dei ikkje
seinare, så han fekk dei nok att.
Mor
snakka mykje om denne hendinga seinare, ho tykte synd i dei. Han
kunne i alle fall ikkje vere harde nazisten denne karen.”
Etterkrigstid.
Sverre Saltre lytta jamt på meldingane frå London. Då 6.mai
kom, siterte London svenske meldingar som sa at tyske styrkar i
Noreg skulle kapitulere kl. 5 minutt over midnatt 7.mai. Dette var sagt
fleire gongar i løpet av dagen, så han rekna med at det var rett.
Mot midnatt gjekk Rasmus Klubbenes ut til leiren og sa på gebrokkent
tysk at 5 minutt over midnatt kapitulerer den tyske krigsmakta i
Noreg, og då er alle krigsfangar fri og dei tyske soldatane skal
avvæpnast. Dagen etter reiste dei tyske vaktene så fort dei fekk seg
båt.
Seinare
så gjekk Sverre Saltre inn på stabburet og fann fram dei små
norske flagga som vi visste var der, men som vi ikkje hadde lov til
å bruke. Så fekk broren min, Jon Ivar, og eg beskjed om å gå ut
til skulen og oppover marka der vi vifta med flagga og ropte:
”Hurra, krigen er slutt”, på norsk og tysk. Dette huskar eg
godt, mimrar Synneve. Da vi kom nedatt til vegen, tok den tyske
soldaten som var på vakt av seg geværet og lyfta det opp og tømde
heile magasinet i lufta. Han hadde truleg skjøna bodskapen. Kanskje det var av glede?
"Når
eg tenkjer tilbake på dette, kunne han like gjerne sikta på oss
som opp i lufta. Men heldigvis gjekk det bra," fortel Synneve Aarskog.
"Det var altså Jon Ivar og eg som var dei fyrste som fekk fortelje
fangane i leiren at no var krigen slutt."
"Kva som skjedde til slutt med fangane veit eg ikkje," seier Synneve.
Men dei polske fangane var der nokre dagar etter at krigen var
slutt. Dei var inne på skulen og der vart det innsamling
av mat, blant
anna frå Hundeidvika, utigjennom fjorden og først og fremst frå
gardane på Saltre. Ei lyninnsamling av mat i Bondalen gav som resultat ca. 1500 kg av
all slags mat. Dette kom med rutebåten til Saltre straks etter
kapitulasjonen. Det var visstnok helselaget i Bondalen som stod for
innsamlinga.
Dei
var der i mai og hjelpte da til med vårvinna og alt anna
gardsarbeid som var.
Nokre av russarane ville vere her til dei fekk reise heim, men det
var det ikkje høve til. Dei som rømde frå leiren siste dagane,
kom tilbake etter frigjeringa.
Der
var ein fange som rømde, han stakk av og for nedover elva som var
der, og eg trur han for innover fjørene. Det var eit frykteleg styr
då dei skulle å leite etter han. "Eg trur det var til
Barstadvik han for til, og der heldt dei han skjult," fortel
Synneve.
Det
var stor stemning og jubel etter freden og frigjeringa både med
oss norske og russarane. Det første russarane gjorde var å rive
ned heile piggtådsperringane og hive dei på sjøen, og så gjorde
dei reint i skulehuset.
Når det gjaldt vask og reinhald
av skulehuset, så kunne
dei bruke Saltre-elva. Dei spikra saman eit badekar av bord, og det brukte dei flittig. Dei
var intelligente og hyggelege menneske. Sjefen deira her, Gregorj
Strasjuk og fleire,
sa at denne bygda og folket her ville dei
aldri gløyme. Vi var glade for at vi fekk lov til, etter beste
evne, å hjelpe våre medmenneske som var i verkeleg naud.
Dei
hadde no rikeleg med mat, - mat
i lange tider, som dei sjølve sa. Men 13.mai kom ein båt frå Ørsta
for å hente dei. Russarane var ikkje berre begeistra for det. Her
var dei frie menn, men då dei kom til Ørsta kjende dei seg som
fangar att, med vaktar som skulle passe på dei. All mat som var
samla inn i Hjørundfjord og Hundeidvik fekk dei med seg, så dei
ikkje kom matlause dit.
Så
kom den store dagen då russarane skulle få reise heim. Eit
transportskip låg ved Storneskaia i Ålesund. Medan dei venta på
russarane frå Ørsta, samla det seg store folkemasser og skulle sjå.
Det var oppsett tausperringar og politivakt for å ha fri tilgang
til transportskipet.
Då
båten kom med russarane, gjekk eg fram om tausperringane, for eg
ville seie god tur og på gjensyn til russarane. Det vart eit hyl frå
folk bak sperringane: "Kva eg tenkte på som gjekk fram om
sperringane?" Men politiet sa ikkje eit ord. Den første russaren som
kom over kaia, kom rett mot meg for å seie farvel og på gjensyn.
Og alle russarane kom og tok meg i handa. Men det måtte seiast på
russisk: ”Das Vidania”. Det tyske ”auf wiedersen” ville dei
ikkje høyre. Det vart stilt mellom folket bak sperringane.
Russarane mintest sikkert då eg sa dei fredsslutninga, og eg såg
at mange av dei var blanke i augo då dei gjekk om bord i
transportskipet.
Det var som å
ta avskjed med gode vener.
”No, 50 år etterpå, kan det heile verke som eit eventyr. Men i
den tida krigen rasa, var nok dette bitter røyndom” fortel
Synneve Aarskog i det vi avsluttar intervjuet.
Kjelder:
Intervju:
- Synneve
Aarskog - budde på Saltre, var 7 år
då krigen slutta.
- Rasmus
Klubbenes - var midt i 20-åra under krigen. Han budde på Klubbenes,
som du finn på kartet ikkje langt ifrå Saltre.
Bøker:
Marita
og Anne Mette
|