|
|||
| I 1940 starta den andre verdskrig… ,i 1945 slutta den andre
verdskrig…og i 2002 skal eg ha eit intervju, om korleis Ragna Riise opplevde
andre verdskrig. Ragna er den nærmaste naboen min. Ho var 13 år da krigen
begynte, og 18 då den slutta. Ho budde på Hustadneset under krigen, og har
mykje å fortelje om kvardagslivet, spesielle hendingar og eit historisk
skot i Sæbø sentrum.
Eg er på veg til huset med kassettopptakar, digitalt kamera og eit spørsmålsark i handa. Eg ringer på og stig inn. Det er tydeleg at ho har førebudd seg, for på plassen der eg skal sitje er det potetgull og brus. Etter at alt er laga til, startar eg intervjuet: |
|||
|
Kva for rolle hadde ein lensmann under krigen?" Ein dag nede på kaia, var både han Martinus og nazilensmannen som heitte Sevald Vik, til stades. |
![]() |
||
|
Under
krigen måtte ein ha pass for å reise til og frå alle stader, og Jakob
Skår, ein mann som kom ifrå Skår, ville reise med båt til Ålesund. Han
hadde ikkje med seg passet sitt, og nazilensmannen vart veldig sur og
nekta han å reise. Han Martinus sa: " Eg kjenner Jakob, og eg veit at
han er til å lite på så han bør få reise til Ålesund." Det tok nazilensmannen
som kritikk og innblanding i arbeidet hans og fekk han Martinus avsett.
Martinus måtte flytte frå Sæbø til Hornindal og budde der i eit
halvt år. I norskboka
vår stod der at einskilde brukte å ha på seg nisselue for å "terge" tyskarane,
gjorde de det? Kva tilhøve
hadde de til tyskarane under krigen? Så de
var ikkje akkurat nokre aktive motstandarar? Nei, det var vi vel eigentleg ikkje. Alle
gardar vart pålagde å skaffe tyskarane ei viss mengde korn, poteter og
andre grønsaker vi dyrka. Viss ikkje, kunne det verte farleg for oss. Fekk
Martinus nokre spesialoppdrag? |
|||
|
Sevald Vik fekk vite at sonen til Martinus var reist over til England. Difor kom han til Martinus sin gard for å beslagleggje ting i garden som straff for at sonen var reist til England. Og då ville dei ta eit steinbord og nokre stolar. (Sjå bilde) Men han Martinus sa at han eigde ikkje stolane og borda, for dei hadde vore i slekta i alle år. Han tok berre vare på det. |
![]() |
||
|
Så det endte opp med at lensmannen let bordet og stolane få vere i fred på garden. I staden ville han ha hesten Jorunn, men han var det sonen John som eigde, sa Martinus. Difor tok ikkje lensmannen hesten eller stolane og bordet. Seinare sa han at møblane var så møllspiste at det ikkje var noko å ta vare på. Skjedde det noko kriminelt under krigen? Radio var det jo ikkje lov å ha under krigen, var dette noko
Martinus måtte ta seg av? Men eg har høyrt at nokre av apparata blei att på gardane?” Men kva om han vart oppdaga? Korleis forandra krigen kvardagslivet i familien? Av Marius |
|||