|
Liv
Mo fortel om krigsåra i "Kufjorden".
Tilbake
|
|
I
1940 opplevde den då 16 år gamle Liv Kvistad (f. 1924), farmora mi, at krig
braut ut i Noreg.
Farmor låg sjuk
heime, medan foreldra var i Ørsta på dyreutstilling. Der fekk dei
vite at tyskarane hadde invadert Noreg. Dei kom heim att og fortalde
dette til henne, og farmor hugsar denne dagen som ein av dei
tristaste dagane av alle dagane gjennom heile krigen.
|

Liv Kvistad |
|
Ingen var budd på krig, og ingen trudde at krigen kom til
å vare lenge, berre eit par månadar eller veker. Men slik gjekk
det ikkje. Mange menn måtte ut i krigen for å hjelpe til. Blant
dei var to av onklane til farmor.
Dei som for i krigen her frå Hjørundfjorden kom til
kyrkja for å drikke av kyrkjekalken før dei reiste ut. Og dei som
gjorde det kom tilbake i levande live. Ein annen av onklane hennar
omkom i Irma-forliset, i 1944.
Ein
torsdag i september møtte eg farmora mi heime hos meg som
avtalt for å
intervjue henne om korleis ho hadde det under krigen. Eg forsto fort
at dette kom til å bli eit vanskeleg intervju ettersom ho villig
snakka både langt og lenge om krigen. Eg forsto også at det var
vanskeleg og hardt for henne og alle andre folk her i Bondalen under
krigen.
Det er
utruleg kva ei ung jente som farmor var den gongen, opplevde. Eg
håpte på å få høyre om matproblem, skule og alt om korleis det
var i heimen under krigen. Men farmor ville det annleis. Ho fortalde
heller om redsla for tyskarane, unnaluring av mat, nazistane i
nabolaget og flykamp nesten rett over hovudet hennar. Og alt anna eg
aldri kunne tenkt at den gode og snille farmora mi hadde opplevd.
Krigen.
Ein merka ikkje så mykje av krigen her i
Bondalen, men det vart sjølvsagt litt forandring. Tyskarane skulle
ha ein del av maten som vi på gardane avla fram, dei passa på
bussane og bilane, kvar folk skulle, og kva dei hadde med dit. Alle
radioar og aviser vart forbode, og folk tenkte seg om både to og
tre gongar før dei snakka med naboen. Det var ganske skremmande.
Det meste av maten dyrka
vi fram sjølve, kyr, sauer og høner. Poteter, korn, bær og
grønsaker. Tyskarane tok ein del av det. Smør, ull, små lam og 500 gr poteter. Når vi tok opp poteter, måtte vi fylle ti sekkar
til tyskarane. Kvar sekk tok 50 kg. Tyskarane kom rundt og sjekka
sekkane for å passe på at vi ikkje "juksa" ved å ha
steinar i botnen, for det var det mange som gjorde for å få meir
poteter til seg sjølve.
Skårasalen.
Første veka i juli var sæterjentene på
Kivistadsætra. Annakvar dag bar eg 15-20 liter mjølk ned til
garden, medan dei andre jentene fekk køyrd ned mjølka.
Ein dag kom det nokre tyskarar som skulle ein tur på
Skårasalen. Då vart vi redde, for det var ikkje kvar dag det kom tyskarar dit,
så vi gjorde det dei sa. Dei ville vite vegen dit og spurde difor
oss. Det var vanskeleg å forklare fordi tyskarane ikkje var særleg
gode i norsk, og vi ikkje kunne mykje tysk. Til slutt klarde vi å
forklare vegen, men tyskarane ville ha niste òg, eg hugsar at vi
steikte vaflar og laga rjomeringar til dei.
Maten.
Det var ikkje alltid at
det var lett å få tak i ordentleg mat, eller dei ingrediensane vi
trengde til matlaginga. Vi brukte t.d. natron i staden for
gjær til hevinga. Tyskarane stengde mjølkveinene då dei fann ut
at folk for ut om natta for å male mjøl. Vi som budde på gard
hadde meir kjøt og poteter enn andre som ikkje hadde jord og dyr.
Kveite var det
verre med, vi hadde berre bygg og havre. Ei jul fekk vi tak i
kveite, og då fekk vi laga kake til jul, det var godt det.
Kvar laurdagskveld kom mjølkebåten, ein dampbåt. Med
den sendte vi kyr til slakting i Ålesund. Der selde vi dyr og bytta
varer med andre folk som sende dyra sine til slakting. Ofte var
båten overfylt.
Med rasjoneringskorta fekk vi bla.: 250 gr. sukker, 200
gr. smør, svart mjøl som ikkje ville heve seg.
Ein dag fekk bestefaren min eit par sjokoladeplater ut
av rasjoneringskortet, og så snill som han var, så gav han den eine
til meg. Heile den natta låg eg og åt på denne plata, og omtrent
kl. fem om morgonen måtte eg opp å spy. Det var ei altfor stor
plate til meg som ikkje hadde smakt sjokolade eller anna søtt på
ei god, god stund.
|
|
Radio.
Rett etter
okkupasjonen tok tyskarane alle radioane dei kunne få tak i frå
folk. Dei fleste leverte inn radioen, men ikkje alle. Radioar vart
greve ned i hagane, gøymde i dei mørkaste kjellarane. Det var ein
mann som hadde to radioar, den eine leverte han inn
og den andre gøymde han opp i fjellet oppe i ura. Dit for han for
å høyre på nyheitene. Det var også mange som laga krystallradio.
Krystallapparata tok imot signal frå utlandet og var godt
brukbare.
Sjølv om det var folk som hadde radio her i Bondalen,
så kom ikkje nyheitene lett ut. Vi kunne ikkje stole på nokon,
ikkje eingong naboen vår. Det kunne vere folk som vi trudde var på
vår side som ikkje var det, difor var det ikkje mange som snakka
med kvarandre om krigen og fridom.
Etter krigen samla folk seg i Sandvika hos ein mann som
hadde radio. Dei sette radioen høgt på, slik at vi alle skulle få
høyre nyheitene om kapitulasjonen til tyskarane.
|
Radioane i Noreg.
Heile Noreg måtte levere inn radioane sine i august- september
1941. Meininga var å få slutt på innverknaden BBC hadde på
nordmenn. Eigarane fekk ei veke på seg til å levere radioane inn
på nærmaste oppgitte politistasjon eller skule. Aksjonen gjekk
etter tyskarane si meining smertefritt. 538 000 radioar i alle storleikar vart leverte inn. 10% meir enn
det NRK sin lisensstatistikk viste. I tillegg vart eit
ukjent tal radioapparat gøymt vekk og skjult.
Ca. 100 000 apparat vart tatt av tyskarane og gitt til m.a. fronten.
Mange radioapparat vart stolne, berre 110 000 vart levert tilbake etter
krigen, medan 40 000 radioar vart kjent "herrelause".
|
|
Skulen.
Eg gjekk på det som i dag heiter folkehøgskule, i Langevågen. Der
gjekk eg på praktisk linje og lærte meg handarbeid og
kjøkkenteneste. Maten fekk vi på skulen, og kvar dag unntatt på
søndag, var det sildekaker,berre i helga fekk vi kjøt. Vi fekk også litt
flesk og poteter.
Eg fekk fare heim i haust- og
juleferiar, og då fekk eg med meg smør og kjøt og 1 kg ull som
eg skulle bytte i tråd og stoff som eg sjølv måtte skaffe til
handarbeidet mitt.
Eg budde saman med tre andre ungdommar i ein kjellar eit stykke frå
skulen. Ein kveld gløymde vi å blende for vindauga. Plutseleg
banka det hardt på vindauget. Vi vart frykteleg skremde. Det var
ein tyskar, og vi var redde for kva han ville gjere med oss, men
heldigvis så var det berre som ei åtvaring. Og han gjekk vidare
utan at noko meir skjedde.
Tyskarane.
Tyskarane budde eigentleg ikkje
på land på Sæbø men som oftast i båtar ved hamna. Nokre gongar
budde dei på det gamle hotellet på Sæbø.
Dei skulle ha mat òg. Om sommaren
då vi plukka poteter, forlanga dei å få 500 kg, ti sekkar med 50
kg poteter i kvar. Dei kom etterkvart for å sjekke sekkane, for det
hendte ofte at folk ville lure unna poteter, og hadde steinar i
botnen. Om dei oppdaga det, var det ein stor sjanse for at dei ville
sende deg vekk. Dei ville også ha ull, kjøt, smør osb.
Tyskarane passa på bussane også.
Dei sjekka kvar folk skulle og kva dei hadde med seg. Ein dag då
bussen skulle til å gå og ein av dei lokale nazistane passa på
som vanleg, kom ein mann bort åt han: "Når krigen er over,
skal eg vere den første som dreg i snora når du skal
hengast" var meldinga frå mannen. Då vart nazisten rasande. Eg satt inne i bussen og
var livredd for kva han kunne finne på å gjere. Heldigvis gjorde
han ingenting, og bussen fekk gå.
|
Klede.
Det vi fekk av klede på
rasjoneringskorta var ikkje
mykje. Og stoffet var i tillegg dårleg, det vart fort slitt ut og heldt ikkje godt. Vi sydde om gamle klede til nye. Så det var ikkje
mykje vi hadde.
19. februar 1945 var eg tilskodar til eit flyangrep der
eit tysk fly vart skote ned og styrta oppe i Grøtdalstinden.
Flygaren skaut seg ut. Det såg ut som ein stor paraply som dala
ned. Han landa på Standal, og der etterlet han seg
fallskjermen. Stoffet til denne fallskjermen vart brukt til
brudekjole til ei brur frå Standal.
På rasjoneringskortet fekk vi berre eit skopar i året,
og dei kunne i tillegg vere av papp og egna seg ikkje til utesko i
vått vèr. Då vart dei berre oppløyst.
|

Rasjoneringskort

Restar etter flyet som
styrta oppe i Grøtdalstindane
|
|
Kyrkja.
Presten som var her i
Bondalen under krigen var nazist. Den verkelege presten hadde tyskarane jaga vekk med familie
og det heile. Folk misslikte den nye presten, og det var berre
tyskarane og nazistane som gjekk til kyrkje. Bryllaup blei heller
haldne i Volda kyrkje enn her.
Fritid.
Det var ikkje mykje vi hadde å gjere i
fritida. Det var eit fotballag og kor. Det var strengt forbode å
synge fedrelandssongar der, vi fekk berre synge viser, religiøse
songar og folketonar.
|
Dei stripete.
Det var
nokre få menneske i Bondalen som heldt med tyskarane og som ønskte
at dei skulle vinne krigen, men som ikkje ville at andre skulle få
vite det. Dei blei kalla stripete. At det var slike folk her i Bondalen fekk vi ikkje vete før
etter krigen.
|
"stripete", omgrep som
dukka opp litt ut i den tyske okkupasjonen, på ein
person med ei usikker nasjonal haldning, som t.d.. var tilbøyeleg til
å samarbeide med tyskarane og NS-folka.
Frå Noregs krigsleksikon
|
|
Då krigen var over, stod store oppgåver
i kø for landet vårt. Dei krigsherja strøka i landet måtte
byggast opp att. Finnmark, Nord-Troms og ei rekkje byar og
tettstader var øydelagde. Det var husmangel over heile landet.
Kommunikasjonsmidla var nedslitne, det same var heile vårt
produksjonsapparat – dvs. all vareproduksjon – og alle varelager
var tomme. Det gjekk lang tid før folk i landet kunne kjøpe det
dei ville. Varemangelen var så stor at det var rasjoneringskort på
nesten alle varer: kjøt, fisk, mjølk, ved, klede, sko, tobakk og
brennevin.
Lovise
|
|