Brandal.                                                                                                   Tilbake
Brandal ligg i Hareid kommune. Det ligg ved sjøen og var derfor ein perfekt stad for tyskarane å lage fangeleir og bunkersar. Sjølve fangeleiren var ut på Kvitneset, 5 km frå Brandal sentrum. Bestemora mi er der i frå og levde der i krigsåra. Ho var ofte ut på Kvitneset under krigen, og med fangane fekk ho ofte utskore fuglar som dei hadde laga av tre. Dei er no borte. 

Faren hennar, oldefaren min, var sjømann og var på ei skute under krigen. Han deltok i konvoitrafikk mellom England og Amerika under heile krigen. Han fekk krigsmedaljen og krigsdiplom for sin tapre innsats for fedrelandet. 

Eg har tatt meg tida til å intervjue bestemora mi om faren hennar og sjølve krigen ute på Brandal. Ho var berre to og eit halvt år då krigen braut ut, men hugsar likevel mykje både om krigsfangane og tilhøve til faren.


Krigsmedaljen til Petrus B. Ekrem

Korleis var forholdet til krigsfangane?
På grunn av det strenge vakthaldet, kom vi dei ikkje så nært, men vi syntest synd på dei og prøvde å hjelpe dei så godt vi kunne.

Kvar kom dei frå?
Dei fleste kom frå Russland, men også frå Jugoslavia.

Kor mange fangar var der?
Eg veit ikkje akkurat kor mange der var, men der var mange.

Kvifor var dei der?
Tyskarane bygde festning på Kvitneset, og dei brukte fangane  til å bygge festninga.

Korleis levde dei?
Dei budde på Kvitneset under kummerlege forhold. Dei var utsvoltne og gjekk i fillete og skitne klede.

Hadde de kontakt med dei?
Dei henta grus og sand i grustaka like ved der vi budde, og vi prøvde å gi dei matrestar, men mange av tyske vaktarane hindra oss og trua oss. Som takk fekk vi ringar og fuglebrett som dei hadde laga.

Korleis var forholdet til dei tyske soldatane?
Tyskarane invaderte landet vårt, så dei fleste følte avsky og redsel for dei.


Her er eit kart over Brandal området. Den raude prikken viser kvar Kvitneset ligg. 

Kva slags folk var det?
Nokre likte å herse med fangane og omgjevnadene, mens dei fleste var vanlege gutar og menn som ikkje var der av eiga fri vilje.  

Korleis oppførde dei seg?
Stort sett let dei oss vere i fred.

Var dei snille med dykk? 
Vi prøvde å ha så lite med dei å gjere som muleg. Det hende at vi barn blei bodne godteklubber, men vi torde ikkje å ta imot.

Korleis var det å vere barn under krigen?
Vi var nok prega av at det var krig, men oppførte oss elles som barn gjer.
Leik:
Leiker var vanskelege å kjøpe, men vi laut bruke fantasien og laga leiker sjølve. Så leika gjorde vi mykje.
Idrett:
På Brandal var ikkje noko organisert idrett, men det eg kan hugse var at vi dreiv med handball, fotball og anna aktivitet.


Familien til bestemora mi samla rett før krigen braut ut.
Mat:
Det var vanskeleg å få tak i dei fleste matvarer, spesielt jordbruksprodukt, men fisk og sild hadde vi tilgang på, så det åt vi mykje.
Klede:
Kleda var for det meste av oppattsydde stoff, men mor gjorde så godt ho kunne for å få tak i det vi trengte. Å få kjøpe klede vart mest umogeleg.  

Oldefaren min på eit julebord som den norske marine arrangerte i London 1944.

Sko:
Skoa som vi kjøpte, var laga av pressa papir og fiskeskinn.

Korleis var det å ha ein far som var krigsseglar?
Far reiste like før krigen braut ut, og var borte fem og eit halvt år, så eg sakna han sjølvsagt. 

Kva tankar gjorde du deg då faren din var vekk?
Eg var heile tida redd for at han var død, for vi fekk berre 5 brev på alle desse åra.


Oldefaren min på ein storfest i London i 1944. Sannsynligvis er  det eit julebord.
Kvar segla han?
I konvoi mellom England og Amerika.

Heimkomst:
Far kom heim hausten 1945 med Hurtigruta Nordstjernen. Gleda vart stor då vi såg han stå på dekk. Eg var to og eit halvt år då han reiste og over sju då han kom tilbake og kjende han ikkje att, men det gjekk ikkje lenge før han overbeviste meg om at han var faren min.

Korleis var kvardagen for mora di?
Det var nok tøft for mor å oppdra systra mi og meg aleine og skaffe oss det vi trengte. Også økonomisk.

Pengar/rasjoneringskort:
Rasjoneringskort måtte vi ha for å få kjøpe dei fleste varer. Dei som var sjuke fekk ekstra kort til blant anna mjølkeprodukt og kveitemjøl.

Gjekk de noko i kyrkja?
For å kome til kyrkja, måtte vi gå gjennom Brandal-stranda der det ikkje var hus eller budde folk. Så det vart ikkje ofte.

Butilhøve?
Vi budde i huset til besteforeldra mine og hadde kjøken, stove og to soverom.

Kva slags blendingsgardiner hadde de?
Blendingsgardinene var av svart, ugjennomsiktig papir, som eg trur mor laga sjølv. Kvar kveld måtte vi blende når det vart mørkt og når vi brukte lys.

Kvitneset

Kystbatteri:
Kystbatteriet var ferdig i juni 1941. Hovudskytset var på dette tidspunkt 4stk. K 331 (f) Schneider feltkanoner. Batteriet var underlagt  Artillerigruppe Ålesund. 

Fangane: 
Fangane kom til Kvitneset i juni 1942, det var fyrst berre russiske fangar, og etter kvart kom det stadig nye fangar, og i 1943 var fangetalet oppe i 105. 

 


Krigsfangar og tyske soldatar i arbeid ved batteriet på Kvitneset.
Byggverk:   
Ein av dei fyrste brakkene som vart bygd på Kvitneset var spisebrakka. Den var bygd på ein stad der det var ein gard. Garden måtte fråflyttast og den vart reven. Til bygginga av brakka gjekk det med: ca. 7000 sekkar sement, 12.600 sekkar sand, 33.000 mursteinar, 113 kasser dynamitt, 8.900 sementrøyr og 565 buntar piggtråd.

Her er ein av fire 8,8 cm luftvernkanoner som var på Kvitneset.
Brakker:                      19 stk.
Bunkersar:                     4 stk.
Bygningar:                   14 stk.
Tunnelar:                       7 stk.
Kanonstillingar:              9 stk.
Skytestillingar:              19 stk.
Lyskastarstillingar:          3 stk.
Minefelt:                        2 stk. 
Diverse:                         6 stk.
Til saman:                     83 stk.

Knut Arne