Eg har intervjua
morfaren min, Norvald Myrene, om kvardagslivet under krigen. Han budde
3 kilometer frå ein tysk leir som låg på Dragsund.
Det var eigentlig ikkje så mange forandringar som skjedde under
krigen, og vi slapp heldigvis å flytte. Det budde heldigvis ikkje
nokon nazistar i grannelaget, men den tyske festninga låg då berre 3
km. unna. Så det vart ofte sett tyskarar på sykkeltur gjennom bygda.
Det dei var ute etter var å kjøpe smør og egg.
Tyskarane oppførte seg svært høfleg og var svært vennlege,
med eit par unntak. Som til dømes ein gong Garnesfolket var på veg
heim frå møte i forsamlingshuset i Haddal. To soldatar som hadde
drukke, ville hindre dei i å kome forbi. Då vart det vart brukt
handmakt. Eit av krava for å kome forbi, var at alle måtte ta ein
slurk av brennevinsflaska. Det store spørsmålet seinare, sa ein av
sonene i familien, var: Drakk mor av flaska eller drakk ho ikkje?
Det fekk vi aldri vete. Ein av Garneskarane rapporterte til den
tyske sjefen om episoden, og soldaten vart sendt vekk til
Austfronten.
Fritida. Fritida vart som før. Vi gjekk på ski,
sparka fotball, gjekk på fjellet og segla med færing. Men vi måtte
lage både skia og fotballane sjølve. Fotballane var stort sett
papirballar.
Informasjon. Vi hadde Sunnmørsposten. Og i den sto det
som tyskarane tillet å skrive, og då visste alle at det ikkje var
heile sanninga. Radioapparata vart inndregne, så eigentlig visste vi
svært lite om krigens gang. Men frontlinjene sto i Sunnmørsposten.
Folk hadde gjerne store kart hengande heime, og der merka ein
av frontlinjene til kvar tid.
Skulegong. Skulegongen var også som før krigen.
Skulebøker var det ikkje noko vanskeleg å få tak, for papir var det
ikkje mangel på i Noreg. Lærarane var skikkelige og gode til å
lære frå seg. Faga vi hadde var nokså ulike viss du samanliknar med
dei vi har i skulen i dag: Faga den gongen var: Bibelsoga,
katekisme, kyrkjesoge, rekning, skriving, diktat, attforteljing.
soga, landkunne, naturfag, sløyd og handarbeid. Det var berre gutane
som fekk ha sløyd, og jentene som fekk ha handarbeid. Vi gjekk på
skule annakvar dag. Skulevegen var ikkje så særleg lang. Til
småskulen var det berre 30 meter, medan det til storskulen var
omlag 300 meter å gå. Det var ikkje noko skuleskyss, så dei som
budde lengst vekk måtte gå 6 kilometer.
Mat. Vi som var bønder hadde nok mat. Men vi dyrka
ikkje mjøl til å lage brød av. Det var mangel på gjær, så ein måtte
ofte bruke natron istadenfor. Det gjekk mykje i graut, for den var
laga av sjølvdyrka havremjøl. Det var graut kvar kveld, noko det
sikkert var i kvar heim. Elles vart det mykje tørrsild, spekesild og
saltfisk. Vi som var gardbrukarar hadde bra med mjølk og
kjøt. Smør var stor mangelvare, så det vart brukt berre
søst som pålegg i lange tider.
Klede. Tøy til ytterklede var nesten uråd å få kjøpt.
Ein skreddar i Dragsund sydde meg konfirmasjonsdress hausten 1944.
Til for måtte mor ofre foret i ei av kåpene sine. Men systrene mine
var flinke å strikke, både vestar, kofter, lange strømper og
gensarar. Mor spann ulltråd. Ei kone som hadde strikkemaskin,
strikka undertøyet åt oss. Det var ikkje skikkelige sko å få
kjøpt på fleire år. Så dei måtte vi bøte oppatt og oppatt.
Handel Det var ein god del svartehandel. Det var
eigentlig ikkje lov å selje noko. Men der var også ein del
profesjonelle svartehandlarar. Dei for rundt på bygdene og kjøpte
ting, særleg matvarer, av bønder. Så reiste dei til byane og
tettstadane og selde desse varene til skyhøge prisar. Handelen på
butikken gjekk som vanleg, men det var rasjoneringskort på alle
matvarer og forbruksvarer. Dermed fekk ein ikkje kjøpt så
mykje som ein eigentlig hadde behov for. På landhandelen heime
brukte handelsmannen å klippe alle mjølmerka etterkvart som vi fekk
nye kort. Så fekk vi kjøpe så mykje brødmjøl vi hadde behov for.
Kveitemjøl var ikkje i handelen for andre enn dei som hadde små
born.
Andreas.
|