Universet

Big Bang

Avstander i universet

Tåker

Stjerner

Supernovaer og svarte hol

Galaksar

 
Avstandar i universet

Lysår
Når vi skal måle avstandar i verdsrommet, blir meter og kilometer altfor små måleiningar. vi brukar i staden ei måleining som som tek utgangspunktet i noko som er mykje raskare enn alt anna.

Det raskaste vi kjenner til, er lysfarten. Eit lysår er den lengda lyset reiser på eit år. På eit år reiser lyset 9461 milliardar kilometer med ein fart på ca. 300000 kilometer pr sekund. Vi brukar denne måleininga fordi det er så store avstandar i verdsrommet. På same måte brukar vi lystime, lysminutt og lyssekund.


Sola, 150 millionar km vekk. Lyset brukar 8 min og 20 sek på turen hit.
Sola er også den næraste stjerna.

Frå månen til jorda er det 384000 kilometer. Måneraketten Apollo 11 brukte tre dagar på ferda, medan lyset brukar 1,3 sekund.

Pluto er dn planeten som ligg lengst få sola i vårt solsytem. Lyset brukar fem timar til Pluto.


Pluto ligg 5 lystimar unna.

Den første stjerna menneska målte avstanden til ligg i stjernebilde svana (Cygnus). Det var den tyske astronomen Frearich' Bessel som rekna ut avstanden i 1838. Han fann ut at stjerna var rundt 11 lysår borte.

Astronomane brukar ein spesiell metode for å rekne ut avstanden til stjerner. Dei finn stjernas sanne lysstyrke og samanliknar med ei nærmare stjerne som vi kjenner avstanden til, og som har same lysstyrke.


Sirius er ein av dei mest lyssterke og kjente stjernene på himmelen. Den er ca. 9 lysår borte.

Mjølkevegen
Vår eigen galakse er ein spiralgalakse av middels storleik. Den har ein diameter på rundt 100000 lysår, og inneheld 100 milliardar stjerner. Sola ligg i ein spiralarm rundt 28000 lysår frå sentrum.


Galaksa nærast mjølkevegen er Den store Magellanske sky, som ligg rundt 170000 lysår borte.


Mjølkevegen. Sola ligg i ei spiralarm 28000 lysår frå sentrum.

Hubbels Lov
Hubbels lov går ut på at farten aukar med 1700 km/s når avstanden mellom to eller fleire gjenstandar i universet auker med ein million lysår. Dirfor utvidar universet seg raskare og raskare. Det er Big Bang som ein trur har satt alt i gong.

Altså to galakser med ein avstand på 100 millionar lysår fjerner seg fra kvarandre med ein fart på 1700 km/s.


Andromedagalaksa ligg 2,2 mill. lysår borte.

NGC6240 er ei galakse som ligg 400 millionar lysår borte. Den er ein gedigen og temmeleg kaotisk stjernehop, som blei danna då to mindre galaksar kolliderte.

Akkurat no driv dei to svarte hola i NGC6240-galaksen og sirklar rundt kvarandre med ein avstand på 3000 lysår i mellom seg. I løpet av dei neste hundre millionar år vil dei frese nærmare og nærmare, og til slutt ende i et gigantisk kosmisk famntak, innst i galaksen.


NGC6240 galaksa, 400 millionar lysår borte.
Laga av: Ivar, Kjetil og Camilla

 

Bileta i denne oppgåva er kopiert frå STScI og NASA. Dei har gitt løyve til bruk av bileta. Du finn bileta på nettstaden: http://hubblesite.org/