|
Universet
Big
Bang
Avstander
i universet
Tåker
Stjerner
Supernovaer
og svarte hol
Galaksar
|
|
Ein
galakse er eit enormt system av stjerner og planetar. I kvar
galakse er det milliardar av stjerner og det finst milliardar
av galakser.
Den galaksa jorda er i heiter Mjølkevegen. |
|
Mjølkevegsystemet
Mjølkevegsystemet
har ein diameter på ca 100000 lysår og inneheld
mykje over 100 milliardar stjerner. Mjølkevegsystemet
er ei spiralgalakse og solsystemet vårt befinn seg i
ytterkanten av Mjølkevegen, rettare sagt i den arma
som kallast Orionarma. Sola ligg ca 30000 lysår frå
sentrum av galaksen.
|

Dette
er Mjølkevegen.Den er ei spiral galakse.
|
|
Galaksa
vår er ei av ca 20 andre galaksar i ei galaksehop som
vi kallar "Den lokale gruppa." I "Den lokale
gruppa" er det både elliptiske, spiralforma og
irregulære galaksar.
Vi
kjenner til mange andre galaksehopar enn "Den lokale
gruppa."
Nokre av desse er mykje større enn den vi tilhøyrer.
I stjernebiletet Perseus ligg ei av dei største, med
fleire hundre galaksar.
|
|
Andromeda
galaksen
Andromeda
galaksen er ein spiral galakse, og er den fjernaste himmellekamen
i universet som er synleg frå Jorda med det blotte auget.
Den har minst sju spiralarmar og lignar på vårt
eige Mjølkevegsystem.
Galaksen
ligg omlag 2,3 millionar lysår vekk og er nesten 1 ½
gong så stor som Mjølkevegsystemet. Den inneheld
omtrent 300 milliardar stjerner. To små elliptiske satellitt-
galaksar går i bane rundt Andromeda galaksen, M32 (NGC221)
og NGC205.
|

Her
ser du Andromeda galaksen med ein av dei to satelitt galaksane. |
|
Galaksetypar-Spiralgalaksar
Spiralgalaksar
er flate og har ei sentral kjerne som spiralarmane går
ut frå. Spiralarmane lyser opp, fordi dei inneheld mange
unge, varme blå stjerner.
Den sentrale kjerna kan vere stor eller lita, og armane kan
vere meir eller mindre samanfiltra. Dette kan brukast til
ytterlegare inndeling av spiralgalaksane:
Sa:
stor sentral kjerne og veldig samanfiltra armer.
Sb: mindre sentral kjerne og ikkje så tette armer.
Sc: lita sentral kjerne og meir laussleppte armer.
|
|
Stangspiral
galaksar
Stangspiral
galaksane liknar veldig på spiralgalaksar, men dei har
ei stang som går gjennom kjerneområdet og som
spiralarmane går ut i frå. Inndelinga liknar veldig
på spiralgalaksane:
SBa:
veldig samanfiltra armer og eit stort sentralt kjerneområde
med ein tydeleg stang.
SBb: ikkje fullt så tette armer og mindre sentral kjerne
og stang.
SBc: laussleppte armer og ei lita sentral kjerne med kun ei
lita stang
|

Ein
stangspiral galakse. |
|
Elliptiske
galaksar
Elliptiske
galakser skil seg ut frå dei andre ved at dei ikkje
har nokon spiralstruktur. Galaksane vert inndelt etter kor
runde eller flate dei er. Typen E0 er dei rundaste og E7 er
dei flataste.
Elliptiske
galaksar kan innehalde alt frå nokre millionar stjerner
til hundre milliardar stjerner. I elliptiske galaksar er der
ikkje så mykje gass og støv i mellom stjernene
som i andre galaksar. Dei store elliptiske galaksane finn
vi i sentrum av galaksehopane.
|

Dette
er ein elliptisk galakse.Den skil seg ut frå dei anre
ved at den ikkje har nokon spiral struktur. |
|
Irregulære
galaksar (uregelmessige galaksar)
Dei irregulære galaksane passar ikkje inn i nokre av
dei andre kategoriane. Eit slikt eksempel er dei magellanske
skyane.
Her er ei liste over kva slags galaksar som er mest observerte:
Spiral og stangspiral galakser 77%
Elliptiske galakser 20%
Irregulære galakser 3%
|

Irregulære
galaksar.Dei forandrar form heile tida. |
|
Magellanske
skyer
Dei
Magellanske skyane er våre næraste naboar i "Den
lokale gruppa."Den store og den vesle Magellanske
sky kan sjåast med det blotte auge frå den sydelege
halvkula.
Den
store Magellanske sky ligg 170 000 lysår borte og har
ein diameter på ca 30 000 lysår, og inneheld ca
10 milliardar stjerner
|

Dette
er den store Magellanske sky. Den er ein irregulær galakse.
|
|
Avstanden
til den vesle Magellanske sky er ca 200 000 lysår. Den
inneheld ca 1 milliard stjerner og har ein diameter på
omtrent 15 000 lysår.
Begge galaksane er irregulære og har liten struktur.
Dei to Magellanske skyane er innehylla i eit belte av gass
i hurtig rørsle. Den er kalla "Den Magellanske
straum". "Den Magellanske straum" strekkjer
seg også over Mjølkevegsystemets sydpol.
Laga
av:Annelinn, Lars & Bjørn Ove.
|
|