|
Universet
Big
Bang
Avstander
i universet
Tåker
Stjerner
Supernovaer
og svarte hol
Galaksar
|
|
| Supernovaer
og svarte hol |
|
Ei
stjerne kollapsar
Når stjerna er på slutten av sitt liv, og alle
energi- reservane i stjerna er oppbrukt, er det fleire mogelegheiter
for korleis stjerna vil ende sitt "liv". Vanlegvis
kollapser stjerna etter ca.10 milliardar år og eksploderer
som ein supernova.
Etter
dette vil dei gjenverande restane etter stjerna trekkje seg
saman inn i mot sentrum, og massetettleiken aukar drastisk.
Kva som skjer vidare, er avhengig av korleis massen på
stjerna var før den kollapsa.
|

Her
er eit bilete av eit svart hol, som syg inn gass, støv
og lys. |
|
Svarte
hol
Eit svart hol er eit område av rommet som materie har
falt inn i og som ingenting, ikkje ein gong lys, kan unnsleppe
frå. Astronomane meinar at eit svart hol kan dannast
når ein svært massiv stjerne på over ti
solmasser døyr. Slike stjerner vil leve i mindre enn
10 milioner år, ei svært lita tid i astronomisk
samanheng. Deretter vil den eksplodere som ein supernova.
Kjernen
i materien som er igjen etter eksplosjonen, vil kollapse.
Viss massen til den er mindre enn 2-3 gongar solas, vil den
danne ein nøytronstjerne.
|

Her
ser du ei stjerne som er i prosessen til å bli ein kvitdverg. |
| Er
massen større enn dette, vil den fortsette å falle
saman forbi nøytronstjernestadiet. Materien i den vil
pressast meir og meir saman. Samtidig blir gravitasjonsfeltet
rundt den sterkare og sterkare, heilt til ingenting kan unnsleppe.
Den er då blitt eit svart hol. |
|
Supernovaer
Ein
supernova er ein gravitasjonsdrevet eksplosjon som markerer
slutten på ei stjernes liv. I nokre månadar stråler
den like sterkt som 1 milliard soler.
Supernovaer
er utan tvil noko av det mest dramatiske og fantastiske astronomar
kan observere. Etter eit heilt liv må stjernen gi opp
kampen om å oppretthalde balansen, og endar sitt "liv"
med eit kjempesmell! Lysstyrken aukar så mykje at den
kan bli like lyssterk som ein milliard soler. På det
sterkaste kan ein supernova bli like lyssterk som sin eigen
vertsgalakse.
|

Her
er bilete av ein supernova som er i ferd med å eksplodere.
|
|
Det
som skjer er at stjerna kastar av seg eit skal av gass som
utvidar seg i rommet med ein hastigheit som kan passere 10000
km/s! Det som blir att av stjerna er ein gassrest og ei lita
nøytronstjerne.
Kor
ofte skjer ein slik eksplosjon?
Supernova
eksplosjonar er sjeldne. I vår galakse er det ikkje
observert ein supernova eksplosjon sidan 1604. Nokre astronomar
trur at det i vår galakse smell av ei stjerne så
ofte som mellom kvart tiande til tjuande år. Men i vår
galakse vart den siste supernova eksplosjonen observert for
399 år sidan. Teorien er at supernova eksplosjonane
skjer i dei områda av Mjølkevegen som er skjult
av mørke gass- og støvskyer.
|
|
Novaer
Ein annan form for "nye stjerner" som kan opptre
på himmelen, er novaer som er mindre lyssterke enn supernovaer.
I vår galakse kan det observerast ein nova kvart tiår.
Novaer
er lyssvake stjerner der lysstyrken plutseleg aukar fleire
gongar, før den igjen vender tilbake til det normale.
Dei sprengast midlertid ikkje i filler, som supernovaer kan.
Istaden kvittar dei seg berre med noko av materien sin. Denne
prosessen kan gjenta seg etter noken tusen år.
|

Her
ser du bilete av ein form for ei ny stjerne også kalt
nova. |
|