Universet

Big Bang

Avstander i universet

Tåker

Stjerner

Supernovaer og svarte hol

Galaksar

 
Tåker

Kva er ei tåke?
I rommet mellom stjernene er det nesten, men ikkje heilt tomt. Rommet inneheld ein del gass og støv. I nokre delar av rommet har gassen og støvet samla seg til større og tettare skyer, som vert kalla tåker. Inne i tåkene blir det laga nye stjerner.

Det kan vere både mørke og lyse tåker, og ein kan best studere dei med eit teleskop. Tåkene kan ha mange forskjellige slags former. Den første grundige undersøkinga av tåker blei gjort av den franske astronomen Charles Messier seint i 1700-åra.


Dette er Kjegletåka. Ho ligg i stjernebiletet Enhjørningen.

Uttrykket tåke omfattar i astronomien to forskjellige typar objekt. For det første har vi gasståkene (f.eks. Orion-tåka) og for det andre stjernesystema som befinn seg utanfor Mjølkevegsystemet.

Det einaste systemet utanfor Mjølkevegen som vi kan sjå med augene, er Andromeda-tåka (M31). Den er ei stor spiraltåke som er vel 2 mill. lysår borte i stjernebiletet Andromeda.

Mørke tåker
I nokre delar av himmelen er materien i ei tåke mørk og stenger for lyset frå dei stjernene som står bak. Slike tåker blir kalla mørke tåker. Dei ser ut som "hol" i himmelen der det ikkje er nokon stjerner.

Ei berømt mørk tåke er Hestehode-tåka i Orion. Namnet har ho fått på grunn av forma si. På sørhimmelen er ei anna kjend mørk tåke, Kullsekken.

Lyse tåker
Dei lyse tåkene er dei mest iaugefallande. Den store Orion-tåka (M42) er den mest kjende og vi kan sjå den berre med augene. Gjennom enkle prismekikkertar kan vi sjå fleire andre. Blant anna Omega- (M17) og Lagune-tåka (M48) som begge er i Skytten.

Alle desse tre tåkene vert kalla emisjonståker. Grunnen til det er at dei sjølve sender ut lys. Nokre av dei lyse tåkene sender ikkje ut lys sjølv, men reflekterar berre lyset frå dei næraste stjernene.


Dette er Ørnetåka. Den ligg ca. 7000 lysår borte, i stjernebiletet Serpens.

Korleis lagar tåker stjerner?
Teorien om korleis tåkene lagar stjerner går ut på at ei protonstjerne i utgangspunktet er ei mørk boble av gass. Temperaturen er då svært lav, berre ca -263 grader C. Det magnetiske feltet vil etterkvart lekke ut av den sentrale delen av bobla. Når magnetfeltet er svekka nok vil kjerna kollapse og vi får ei stor auking i kjerna si tettleik.

Det medfører at varmen og gassen tek til å gløde og temperaturen inne i kjerna blir så høg at ei hydrogenbrenning oppstår. Når protonstjernene tek til å sende ut synleg lys er dei relativt kalde, men blir fort varme. Til slutt endar dei opp på hovudserien, der dei vil halde seg størstedelen av livet sitt.

Kjende tåker:
Oriontåka (M42)

Oriontåka er den mest kjende tåka. Vi kan sjå den utan kikkert.

Den ligg i sverdet til Orion og er kanskje den flottaste lyse tåka på himmelen. Avstanden frå jorda er ca 1500 lysår. Den har ei utstrekning på rundt 15 lysår og det er nok materie i den til å danne 300 soler.

Oriontåka blei oppdaga i 1610 av Nicholas Peiresc og er den lysaste gasståka på stjernehimmelen. Lyset er ultrafiolett frå varme stjerner som befinn seg inne i tåka. Inne i den 30 lysår store tåkemassa blir det kondensert nye stjerner av støv og gass.


Dette er eit bilete av Oriontåka som ligg i stjernebiletet Orion.

Helix-tåka
Helix-tåka ligg i vannmannen. Den er ei planetarisk tåke. Namnet skuldast at på avstand ser den ut som den er skiveforma, som ei planetskive.

Den har ingenting med planetar å gjere, men har eit gasshylster som blei støtt ut frå stjerna i sentrum for fleire tusen år sidan. Faktisk er den heller ikkje ein ring, men ei kule som omhyller stjerna heilt, og framleis utvidar seg.


Helix-tåka er ei planetarisk tåke og den ligg i vannmannen.

Tåka ligg ca 450 lysår vekke frå Jorda og er då den planetariske tåka som er nærast oss. Truleg er det eit resultat av dei siste utbrota frå den døyande stjerna som er opphavet til den planetariske tåka.

Stjernehoper
Gassen inne i Oriontåka er i ferd med å trekke seg saman å danne stjerner. Etterkvart vil den bli til ein stjernehop. Stjerner blir født stadig vekk inne i andre stjernetåker. Resultatet blir ein såkalla open stjernehop. Den andre typen stjernehop blir kalla kulehop.

Opne stjernehoper
Opne stjernehoper er stjernesamlingar utan nokon bestemt form. Vi kan sjå mange av desse på himmelen. Blant anna Pleiadene (Sjustjerna) er ei ung open stjernehop som har oppstått av ei stjernetåke. Opne stjernehoper kan bestå av mellom 20 og 1000 stjerner.

Kulehoper
Kulehoper er store, gamle kulerunde stjernehoper. Dei består av fleire tusen, ofte millionar, av stjerner. Dei ligg utanfor galaksen og kretsar rundt galaksa sitt sentrum i veldig lange baner.


Bikuben (M44) er ein open stjernehop.

Laga av: Anna Elise, Svein Otto, Elling og Kristoffer.


 

Bileta i denne oppgåva er kopiert frå STScI og NASA. Dei har gitt løyve til bruk av bileta. Du finn bileta på nettstaden: http://hubblesite.org/