Prosjekt

Ungdom, arbeid, økonomi   -eit prosjektarbeid av 8.klasse.


Hovudside  

Spørjegransking

Bellingen  

Frå prest til bankvesen

I gamle dagar 

Folk i farta

 

 

I tre veker har 8.klasse arbeidd med prosjektet "Ungdom, arbeid og økonomi." Vi har gjennomført ei spørjegransking i ungdomsskulen for å finne ut kva elevar brukar pengar på og kvar dei får pengar frå.

Vi har vore både til bank og prest for å høyre deira meining om  pengebruk og økonomi, og sjølv om Sæbø sentrum ikkje er så stort, har vi laga til ein enket over folk i farta og høyrt kva dei har å seie om same tema.

Dessutan er Hjørundfjordheimen godt representert med fire av innbuarane som fortel om oppvekst, lommepengar og sin første jobb i ei tid som var ganske så forskjellig frå vår.

Ein annan stad som har god oversikt over dei unge sitt pengebruk, er Bellingen. Ein populær samlingsstad for dei unge med snop, gatekjøken og speleautomatar som fristar lommebøkene våre etter skuletid.


8. klasse


Klassa i arbeid med prosjektet