|
||||
Du driver den mest populære butikk/kiosken på Sæbø, er den retta mot ungdom? Nei, ikkje spesielt retta mot ungdom. Den var det til å byrje med, for då dreiv eg berre med gatekjøkken, men så har det vorte meir daglegvare, post og bensin. No er den ikkje so voldsomt retta mot ungdom lenger, men det er kjekt at ungdom har ein plass å vere synsest eg. Litt derfor denne kroa vi sit i no. Kva er det ungdomane brukar mest pengar på? Viss vi slår i hop godteri og automatar, er det heilt klart det, trur eg. Er det mykje automatspeling? Nei, eg synest det varierer litt. Det er jo nokre som spelar ein del. Det har eg ikkje så stor kontroll på, men det er ikkje så voldsomt store beløp, trur eg. Kva synest du om aldersgrensa? Ja, no er det 18 år, og det synest eg er bra. Dei frå raude kross sa at eg ikkje skulle handheve lova, det var nok med ein lapp på automaten. Når det kjem lotteri- kontroll, seier dei frå til ungane eller ungdommane. Eg får ikkje noko straff for at eg ikkje handhevar lova. Kva er den mest populære vara hjå deg? Det veit ikkje Jon Arne, men han trur at frukt og grønt sel bra. Men det er jo klart at sjokolade er ganske populært. Er det mange som kjøper godteri? Jon Arne synest det er mange som kjøper godteri, t.d. i matfriminutta, etter skulen og før trening. Er det mykje steling? Det varierer litt, det går litt i perioder. Eg høyrer mykje, for vi som driv butikkane på Sæbø snakkar oss i mellom, og vi snakkar sjølvsagt med dei som driv butikkane i Ørsta, og då blir det mykje snakk om steling. Eg føler at det blir litt sånn gjengaktig, slik at det er nokre som dreg med seg andre. Det går sjølvsagt på å bli akseptert også. Eg har ganske klare linjer om eg tek nokon i å stele, om det er gamle eller unge. Eg melder det til lensmannen eller politiet, slik at det blir ein straffereaksjon som kjem frå politiet og ikkje frå meg. Eg vil også melde frå til foreldra, det synest eg er viktig. Korleis oppdagar du det då? Eg har sett det , eg har sett folk ha ting i nett t.d. Det er så vanskeleg å ta dei, for det er som oftast i ein situasjon der det er mange folk i butikken. Ein må vere ganske sikker, for ein har ikkje lyst til å gjera nokon urett, ved å sei at dei har stole. Kva stel dei? Det kan vere det meste. Det eg har tatt folk i å stele, det var ovnssverte. Det er noko som er uvanleg å stele. Eg fann to sånne bokser som låg i lisjeelva, og det var mine prislappar på. Det er jo ingen som kjøper sånt og hiver det etterpå. Det er folk som stel sånne merkelege ting. Den siste eg tok som stal var eit vakse menneske, og det var ein sånn dyr krem. Dei stel nesten alt mogleg. Har du faste kundar? Ja, både det og folk som droppar inn. Om vinteren er det mest faste kundar, men om sommaren er det mange framande turistar. Brukar unge pengar på frukt og grønt? Nokre brukar litt, men dei fleste kjøper snop, så absolutt. Ca. kor mykje pengar brukar dei på frukt og grønt? Nei, det anar eg ikkje, men eg trur at om dei brukar ei krone på frukt, så brukar dei ti kroner på snop. Men det er nokre flinke som kjøper sitron. Slik som han Marius? Ja, foreksempel! ( ha ha!) Kva betalar ungdommane med? Dei fleste brukar pengar, nokre få brukar kort. Er du overraska over pengebruken til ungdomane? Eg vil ikkje sei at eg er overraska, men eg synest det er mange som brukar ganske mykje. Brukar vi meir pengar no enn for 2-3 år sidan? Eg vil ikkje sei at det har auka på eit så kort tidsrom, men det har vel auka ein del på 5-6 år. Det aukar litt heile tida. Ungdomane har vel meir pengar no enn før. Kva tenar du mest pengar på? Ungdom eller vaksne? Nei, det er på vaksne, for det er dei som har mest pengar, det er faktisk litt iriterande når barn kjem og kjøpar ting for ei krone eller to. Er det nokon som har hatt sommarjobb hos deg? Det var ei periode der eg hadde litt hjelp av ein skuleelev, når eg fekk inn nye varer var han her og hjalp meg å prise varene og sånne ting. Ungdomane må vere litt vaksne for å kunne jobbe her på kveldstid. Har du oversikt over kor stor del av omsetjinga i butikken skuleelevane står for? Nei, det har eg ikkje. Hadde du sommarjobb då du var ung? Ja, eg hadde sommarjobb på ein bensinstasjon. Det er lenge sidan no, at eg var ung altså. Eg jobba litt åleine, men eg jobba også saman med han som eigde bensinstasjonen. Fekk du løn? Ja, det gjorde eg. Kva fekk du då? Nei, det hugsar eg ikkje. Fekk du vekepengar? Nei, eg fekk aldri vekepengar. Det er vel noko som har kome seinare. Kva brukte du pengane dine på? Det var vel snop og blad, det var ikkje så mykje å bruke pengane på då, som i dag. Var det denne jobben her på Bellingen du ønskte å ha? Nei, det var det ikkje. Eg begynte på verkstadlinja, og eg hadde eigentleg tenkt å bli mekanikar, men det vart eg altså ikkje. Får barna dine vekepengar? Nei, det får dei ikkje. Vi synest dei er for små enda, men vi hjelper dei å spare. Det blir sikkert spørsmål om det etter kvart. Det blir sikkert 50 øre dagen kanskje. (ha, ha) |
|
|||
| Bellingen inne ved automaten og godteria |
||||
|
|
||||
|
|
||||