Historie frå gammalt av


Hovudside  

Spørjegransking

Bellingen  

Frå prest til bankvesen

I gamle dagar 

Folk i farta

Arvid Svoren (74), Judith Wille Hustad (90), Berta Sellereite (90) og Kristianne Urke (93) bur alle på Hjørundfjordheimen på Sæbø. 

Arvid kjem ifrå Oppstryn. Foreldra hans levde av eit lite småbruk. Dei hadde; to kyr, ei kvige, tre sauer, og som regel ein gris som dei slakta kvar jul. Men dei levde mest av frukt og bær. Han hadde fem brødre og ei søster, men no er det berre søstera som lever igjen. Ganske tidleg begynte han å arbeide på garden. Han plukka frukt og bær, og så var han med i slåtten.

Judith budde i eit stort kvitt hus nær fergekaia på Sæbø. Ho kom ikkje frå nokon gard. Faren var snekkar, og det levde dei av. Mora til Judith døydde då Judith var knapt 7 år. Tanta kom og tok seg av Judith og dei fire søskena hennar. Sidan ho ikkje hadde gard, var det ikkje så mykje å gjere heime. Ho var  på Toregarden på Øye og passa tre gutar då ho var berre 12 år. Ho fekk 50 kr for heile sommaren. 

Kristianne er frå Øye. Heime var det ikkje så mykje å gjere sidan dei ikkje hadde gard, men ho var barnepike der på garden før ho vart konfirmert. Dei hadde rikstelefonen, så det var litt arbeid med den, med telegram og slikt. Ho fekk ikkje løn for det ho gjorde. Det var sjølvsagt at ho gjorde det ho var bedt om å gjere. Ho jobba 2-3 somrar på setra.

Berta vart fødd på Skylstad, men ho flytta til Sykkylven rett før ho skulle begynne på skulen. Dei hadde gard. Ho plukka ugras i åkeren, sette poteter, måka ut drit og mjølka kyr. Ho hadde tre søstre og ein bror. Familien hennar levde av garden.

Jentene sitt arbeid

Kristianne ardeida 2-3 somrar på setra og mjølka kyr. Dei gjekk opp til setra om kvelden, mjølka kyrne og overnatta der til neste morgon. Så mjølka dei kyrne igjen for så å gå ned igjen. Det var langt å gå, omlag ei mil. Det var 4 gardsbruk som hadde kyr der. "Vi var 6-7  jenter som delte på arbeidet" fortel Kristianne. Det var jentene sitt arbeid å gå på setra og mjølke kyr den tida. No er setra nedlagd for lenge sidan.

DISIPLIN!!

I gamle dagar var det mykje meir disiplin i skulen, hevdar dei eldre. Kvar morgon måtte dei syngje, og neie og bukke når læraren kom. Til og med når dei møtte læraren i fritida, måtte dei helse på han. Om elevane ikkje gjorde leksene sine, eller om dei hadde mistanke om at dei ikkje hadde gyldig grunn til å ikkje  ha gjort dei, måtte dei sitje igjen etter skulen eller i friminuttet medan dei andre var ute og leika. Av og til kom læraraen og tok tak i håra framfør øyrene og drog oppover, og det gjorde skrekkeleg vondt, seier Arvid, som var ein liten ramp. "Men det var ikkje ofte det skjedde."  

Brøstsvellepidemi

"Eg var husmorvikar", seier Judith."Eg drog rundt på gardane på Standal, Øyelandet, Urke, Viddal og Bjørke. Gard for gard,"fortel ho lystig. Det var ei tid då det var brøstsvell- epidemi for dei som fekk små. Og dei ville ikkje på sjukehus, dei ville vere heime. "Det var den travlegaste tida eg har hatt som husmorvikar," humrar ho oppgidd. 

Knipne på potetene

Då Arvid var og gjette geiter med ein ung familie, var der ein gamal mann med langt grått skjegg ned til beltekanten. Når dei satt og skulle ete middag, så kokte dei potetene med skalet på. Arvid var jo berre 11 år, potetene var varme og han fekk ikkje til å skrelle dei skikkeleg, og der sat han som ein gamal hauk og glana. Viss ein såg så mykje som ein potetbit som hang igjen på skalet, så sa han: "Du skjere for mykje av potetene!!" Han sat og passa på heile måltidet slik at stakkars Arvid skulle skrelle potetene skikkeleg. Poteter var vel det einaste dei hadde mykje av.

På hesteryggen

Berta fortel lystig:"Når det var veldig mykje snø, og dei ikkje kunne greie å ploge med treploga sine, berre vassa vi i veg med hestane våre. Veit du kva han far gjorde då? Han tok ut hesten og sette meg opp på hesteryggen, og rei meg ned på skulen. Fordi eg ikkje klarte å gå, men hesten var større veit du. Når vi skulle heim igjen, gjekk vi, for då var vegen opptrakka fordi det hadde vore så mange som hadde gått der i løpet av dagen. Det hugsar eg så vel."

Vekeløn?

Vi spurte dei om dei fekk vekeløn når dei var små. "Vekeløn? Åånei...ikkje tale om,pengar var ikkje oppfunne på den tida." svarte dei oss da og flira. Arvid og Berta fekk begge 4 ungar kvar. Arvid fekk tre gutar og ei jente, og Berta fekk tre jenter og ein gut. Vi spurte dei om kva plikter ungane deira hadde, og om dei fekk vekeløn. "Dei fekk ikkje vekeløn, men dei fekk lommepengar når dei trengte det. Når dei skulle på fest eller noko," seier begge to. Borna til Berta ordna med klede, vaska dei og strauk dei, og kokte mat. Arvid sine born rydda opp etter seg.

Kor gamle var dei når dei begynte å arbeide?(I heimen)

Konklusjonen vår her er at dei begynte å arbeide ganske tidleg. Arvid plukka frukt og bær og hjalp til i slåtten. Judith for inn på Toregarden på Øye og passa ungar då ho var 12 år. Berta plukka ugras, sette poteter og elles alt det går an å gjere på ein gard. Kristianne var barnepike der  på garden før ho vart konfirmert, og ho gjekk med telegram fordi dei hadde rikstelefonen.

Vi lurte på kva det  var som skjedde når dei ikkje gjorde pliktene sine?

"Nei, då var det vel skjennepreika," seier Arvid, han var den einaste som hadde opplevd å ikkje gjere det han skulle. Dei andre svara at dei gjorde det dei skulle. Det var ei sjølvfølgje. Men vi har no ein liten mistanke om at dei ikkje alltid var så snille som dei skulle ha det til.

Korleis var skulen før?

Vi byrja på skule då vi var 7år. Vi gjekk tre år på barneskule og fire år på ungdomsskule. Det var nokså mykje heimelekse, og om dei ikkje gjorde leksa si, fekk dei straff. Det var ikkje ofte dei ikkje gjorde leksene sine. Arvid måtte gå omlag 3 km til skulen, Judith måtte gå fram i Årskogane, Berta og Kristianne sprang på omlag 10 min. Dei hadde bibelsoga, salmevers utenatt, norsk, rekning, songtime, kroppsøving, landkunna, naturfag, landbruk, stiloppgåve og attforteljing.

Det var ingen av dei fire vi intervjua  som gjekk på skule etter grunnskulen. Det var heller ingen som hadde nokon draum om kva dei skulle bli då dei var små. Anna enn Berta som var ganske flink i rekning. Ho hadde litt lyst å gå på handelsskulen, men det fekk berre bli med draumen då ho måtte kome seg ut i arbeid.

Litt om arbeidet:

Arvid var polerar på ein fabrikk i Liabygda i eit par år. Seinare vart han tunnelarbeidar i over 45 år. Det var dårleg verneutstyr den gongen, derfor høyrer han dårleg no. 
Judith var husmorvikar, ho reiste rundt frå gard til gard og hjalp til med husarbeidet.
Berta var heime og hjalp til på garden. Då ho var 18 år, for ho til Ålesund og passa 4 born; 3 gutar og 1 jente. Ho var der berre ein vinter og trivdes dårleg der.
Kristianne arbeida på hotell i mange år.

Konklusjon:

Familiane var større før.
Ungane var flinke til å arbeide i heimen og på skule utan å få løn. Dei begynte tidlegare å hjelpe til heime før, enn det dei gjer no. Det var meir disiplin og lekser på skulane. Dei hadde fleire plikter og meir ansvar enn det vi har no og det var sjølvsagt at dei gjorde leksene sine. Dei eldre seier at det ikkje eksisterte pengar før, i all fall ikkje vekeløn. Og dei hadde mindre høve til utdanning. Dei tok det arbeidet dei kunne få. Dei måtte kome seg kjapt ut i arbeid for å tjene pengar. Dei måtte ikkje ha alt mellom himmel og jord for å hjelpe seg slik som mange må i dag.


Judith og ektemannen Olav i den koselege leilegheita på Hjørundfjordheimen.

 

 

 

 

 

 

 

 
Berta ei snill og koseleg dame.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Ansvarlege for sida: Lisa Svoren og Marita Trandal