Jobb, løn og vaksne på Sæbø:

 Intervju med elevar     Intervju med vaksne


Hovudside  

Spørjegransking

Bellingen  

Frå prest til bankvesen

I gamle dagar 

Folk i farta

Spørsmål til vaksne på Sæbø:

  1. Når du var liten, kva drøymde du om å verte når du vart stor?
  2. Kvifor ville du verte det?
  3. Hadde du sommarjobb?
  4. Kva slags sommarjobb hadde du?
  5. Kva fekk du i løn?
  6. Til somme personar spurte vi:  Kva er viktigast på arbeidsplassen for deg?

Torbjørn Slettedal (kjøpmann og brannmann).

  1. Ja, sei det, kanskje det var at eg ville verte kjøpmann slik som eg vart. Trur nesten det.

  2. Nei, eg vaks no opp her og brukte å vere på butikken då eg var liten. Det vart heilt naturleg.

  3. Ja.

  4. Eg hadde sommarjobb både på butikken og på bensinstasjonen som var her. Og så jobba eg på kaia og sjølvsagt på campingen.

  5. Svært lite.

Jon Arne Årset (kjøpmann, gatekjøkkeneigar og brannmann).

  1. Eg ville bli brannmann og det er eg også, sjefsbrannmann.

  2. Eg synest det såg stilig ut, kjempetøft.

  3. Ja, eg hadde sommarjobb første gong då eg var 14-15 år.

  4. På bensinstasjonen.

  5. Eg hugsar ikkje kor mykje det var, det var ikkje så kjempemykje.

Margrete Rekkedal (bankvert).

  1. Det er så lenge sidan at det hugsar eg ikkje.

  2.  

  3. Ja.

  4. Passa ungar.

  5. Det var veldig lite hugsar eg. Eg og ei vennine tente 25 øre for dagen på deling. Det var vanskeleg å dele.

  6. Godt miljø, trygg jobb og pengar

Haldis Fiskå Mo (hjelpepleiar).

  1. Då eg var heilt lita, ville eg verte butikkdame, så skulle eg jobbe på en dropsbutikk.

  2. Fordi at då trudde eg at eg kunne drikke mykje brus å ete mykje drops.

  3. Ja.

  4. Sto i silo.

  5. Første året fekk eg ein trompet og så seinare fekk eg pengar, men eg hugsar ikkje kva det var.

 

Jarle Valseth (ein fiskeinteressert og fotballgal rektor).

  1.  Ja, eg hadde eigentleg tenkt å bli god i fotball, men det var ikkje så mange proffar då, så eg tenkte ikkje den vegen. Så hadde lyst til å bli arkeolog, men så vart eg ikkje arkeolog heller. Einaste eg var heilt sikker på at eg ikkje skulle bli, var lærar. Hehe. Det hugsar eg at eg var heilt sikker på, men det vart eg.

  2. Sjå spørsmål 1.

  3. Ja.

  4. Ja, det var eit år eg var dreng. Då var eg 12 år. Eg var dreng inne på Skår nokre år. Og så var det eit år då eg fiska laks borti elva. Eg fekk veldig mykje laks og eg selde han og fekk veldig mykje pengar, men då synest han far det vart veldig mykje til slappt liv, så eg fekk ordre til å verte dreng på Kvistad. Eg hugsa at eg lessa gjødsel for 2 kr timen. Knall- hard jobb, og då fekk eg 10 kr kiloen for laksen, så eg synest det var eit dårleg byte, men det var nok klokt å lære seg å arbeide litt.

  5. Kva får du i løn som rektor:? Det er ganske god løn,  synest eg, og det har det vorte i det siste. Faktisk i år er det vi har fått eit godt lønstillegg, men eg tenar berre halvparten av det broderen tenar. Han er privat næringsdrivande. Så det er stader ein kan tene betre, men det viktigaste er ikkje det, det er å trivest.

  6. Å gjere full innsats heile tida slik at elevane, lærarane, vikarane og vaktmeisteren her har det best mogleg. GOD KVALITET!

 

Laga av Marius og Knut Arne