Spørjegransking


Hovudside  

Spørjegransking

Bellingen  

Frå prest til bankvesen

I gamle dagar 

Folk i farta

 

For å finne ut kva elevane ved skulen vår brukar pengar på og om dei har inntekt ved sida av skulen, har Torbjørn, Anne Mette, og Andreas gjennomført ei spørjegransking blant elvenane frå  6.-10.kl. Elevane i klassene såg ut til å ta spørjegranskinga på alvor og gjorde eit godt arbeid. Det er viktig for at ei slik gransking skal bli nokonlunde rett. Vi har vore nøye på å greie ut om resultata så anonymt som mogleg.
Under kan du lese kva elevane svarte på dei ulike spørsmåla.

Utgifter:

SPØRSMÅL 1.
Kor mykje pengar bruker du på klede i månaden?

a. 0-100kr   b. 100-500kr   c.500-1000kr
Resultat:
Vi fann ut at 6% av elevane brukar 500-1000 kr i månaden på klede.
Vi fann og ut at jo eldre elevane blei - jo større forskjell var det på pengeforbruket til jentene og gutane.
Jentene bruker mest.
Det er 41% som bruker mellom 0-100 kr på klede i månaden.
Det er 53% som bruker mellom 100-500kr.

SPØRSMÅL 2. 
Kor mykje pengar bruker du på godteri i månaden?

a. 0-100kr   b. 100-300kr   c. 300-500kr
Resultat: 
Det er 75% som bruker mellom 0-100kr på godteri i månaden.
Det er 24% som bruker mellom 100-300kr.
Det er 0,2 % som bruker  mellom 300-500 kr på godteri.
Vi har funne ut at det kun er 1 person som bruker 300-500kr i månaden på godteri.

SPØRSMÅL 3.
Kor mykje pengar bruker du på vekeblad og teikneseriar?

a. 0-50kr    b 50-100kr     c. 100-200kr
Resultat:

Vi har funne ut at det er mest gutar som bruker pengar på vekeblad og teikneseriar.
Av jentene som har svart på spørsmåla
var det 86% som svarte at dei brukte 0-50kr på blad/teikneseriar.
13% brukte 50-100kr. Ingen av jentene brukte 100-200kr.
Av gutane brukte 80% 0-50kr på blad/teikneseriar - medan 20% brukte 100-200kr.

SPØRSMÅL 4.
Kor mykje pengar bruker du på kino/leige av video?

a. 0-100kr   b. 100-200kr   c. 200-300kr
Resultat:
86% av alle elevane som blei spurde bruker 0-100kr i månaden på kino/leige av video.
11% bruker 100-200kr.
3% bruker 200-300kr.
Det var inga store skilnader mellom gutar og jenter på dette spørsmålet.

SPØRSMÅL 5.
Kva bruker du mest pengar på i månaden?

a. klede   b. snop  c. mobil/internett
Resultat:
60% bruker mest pengar på mobil/internett.
24% bruker mest pengar på snop.
16% bruker mest pengar på klede.
Vi har funne ut at over halvparten av dei spurde elevane bruker mest pengar på mobil/internett, mykje meir enn t.d. på klede. Dette gjeld både gutar og jenter.

SPØRSMÅL 6.
Bruker du pengar på røyk/snus?

a. ja   b. nei
Resultat:
På Sæbø skule er alle ungdomsskuleklassane med i "Ver røykfri". Allikevel ser vi av spørjegranskinga at ikkje alle har greidd å halde seg røykfrie det siste skuleåret.
100% av elevane i 6. og 7.klasse svara nei på spørmålet.
Ungdomsskuleelevane svara slik:
23% røyker/snuser.
77% røyker/snuser ikkje.
Det viser seg at det er langt fleire jenter enn gutar som røyker/snuser.
Omlag 1/4 av elevane i ungdomskulen bruker altså pengar på røyk/snus.

SPØRSMÅL 7.
Viss ja, kor mykje bruker du i månaden på røyk/snus.

a. 0-50kr   b.50-100kr   c.100-200kr



Inntekter:

SPØRSMÅL 1.
Får du lommepengar?

a. ja   b. nei
Resultat:
60% får lommepengar.
40% får ikkje lommepengar.
Det er liten skilnad mellom gutar og jenter når de gjeld lommepengar.
59% av jentene får lommepengar.
60% av gutane får lommepengar.

SPØRSMÅL 2.
Kor mykje lommepengar får du i månaden?

a. 0-50kr   b. 50-80kr   c. 80-100kr
Resultat:
Vi har funne ut at det er flest som får 80-10 kr i  lommepengar pr. månad.
38% får 0-50 kr i lommepengar.
20% får 50-80 kr i lommepengar.
42% får 80-100 kr i lommepengar.

SPØRSMÅL 3.
Har du nokon jobb/sommarjobb?

a. ja   b. nei
Resultat:
Det viser seg at over halvparten av elevane har hatt  sommarjobb.
60% har hatt/har jobb/sommerjobb
40% har ikkje hatt/har jobb/sommarjobb

SPØRSMÅL 4.
Kor mykje tener/tente du i timen på  jobben/sommarjobben?

a. 20-50kr   b. 50-80kr   c. 80-100kr
Resultat:
Vi har funne ut at
39% får 20-50 kr i timen på jobben/sommarjobben.
22% får 50-80 kr i timen på jobben/sommarjobben.
39% får 80-100 kr i timen på jobben/sommarjobben.
Det viser seg at det er mest vanelig og få 20-50 kr og 80-100kr i timen.

SPØRSMÅL 5.
Viss du har hatt jobb/sommarjobb, kva gjorde du da?

a. barnepass   b. silolemping   c. fjøs   d. butikk
Resultat:
Vi har funne ut at:
15% hadde barnepass.
49% hadde silolemping.
21% hadde fjøs.
15% jobba i butikk.
Det viser seg at silolemping er ein veldig populær sommerjobb. Det er omlag halvparten av dei som har jobb/sommerjobb som har silolemping. Det er kanskje ikkje så rart så lenge mange av elevane kjem frå gard.

SPØRSMÅL 6.
Har du andre inntekter?

a. ja  b. nei
Resultat:
42% har andre inntekter.
58% har ikkje andre inntekter.
Ein av elevane hadde ført opp inntekter på speleautomat som svar på dette spørsmålet. Kva dei resterande prosenta hentar inntektene sine frå, let vi andre få finne ut av.


Spørjeskjemaet vert fylt ut.

 

 



Her gjeld det å svare nøyaktig.

 

 




Svara på spørjeskjemaet vert granska