|
|||||
|
|
Intervju med banksjefen i Hjørundfjord Sparebank. Eg skulle intervjue Venke Nordang som er banksjef på Sæbø. Eg kom nokre minutt for seint, men det var visst ikkje så farleg for Venke prata i telefonen så eg måtte vente litt før eg slapp inn på kontoret hennar. Då eg endeleg kom inn til banksjefen, skubba eg ein stol litt nærmare skrivebordet hennar og fyrte laus med spørsmål. Ho var budd på at eg kom. Tidlegare i veka hadde eg ringt og avtalt dette intervjuet. Skal ein ha prosjekt om pengar og økonomi, må jo dette vere rette plassen. *Er det stor forskjell på kor mykje pengar ungdommen har no enn då du starta å jobbe her? Ja, dei unge har ein god del meir pengar no enn før. Tidlegare var dei eldre når dei fekk eigen konto i banken. No er dei unge tidlegare ute med å styre sin eigen økonomi, seier Venke. *Har mange ungdommar ungdomskonto hjå deg? Dei fleste har ungdomskonto frå dei er 14 år gamle. Mange av skuleelevane opprettar ungdomskonto i samband med konfirmasjonen. På same tid inviterer banken dei også på eit informasjonsmøte der vi orienterer dei om kva tilbod vi kan gi dei og kva banken kan gjere for dei. *Fekk ungane dine lommepengar/vekeløn då dei var på vår alder? Kva trur du dei brukte det til? Ungane mine hadde plikter som dei utførte for å få eit fast beløp i veka. Pengane brukte dei på snop og andre sånne ting når dei var ute og reiste. *Hadde dei ulønt arbeid heime? Nei, seier Venke bestemt. *Fekk du lommepengar då du var lita? Nei, vi hadde lite pengar og det var ikkje vanleg å få lommepengar den gongen, fortel Venke. *Hadde du ulønt arbeid heime? Vi jobba meir utan løn ja, t.d. passa vi ungar. Dessutan hadde vi fleire plikter enn det som nok er vanleg i dag. *Drøymde du om å jobbe i bank som lita? Eg visste ikkje heilt kva eg ville. Hadde ingen spesielle ønskjer , seier Venke med eit lite smil. *Er du som banksjef nøgd med løna du har? Brukbart , svarar Venke bestemt, og eg finn det lurast å ikkje gå vidare på spørsmålet. *Kor lenge har du jobba her? Eg har jobba her i 22 år no, seier ho, men ikkje som leiar for banken i alle desse åra. Tidlegare var eg bankfunksjonær. *Kva for tilbod har de til ungdommen? Har banken betre tilbod no enn før for oss som er unge? Når borna har slutta med knax, får dei som oftast ungdomskonto. Frå dei er 13 år kan dei få kort. Ja, alt i alt er det ein god del skilnad på tilboda våre til dei unge i dag enn det var tidlegare. Det er og klart at banken er medvetne om at dei unge er viktige kundar for framtida til banken her på Sæbø. Så hadde eg stilt det siste spørsmålet. Eg takka for meg og gjekk ned trappa frå banken. Medan eg rusla bortover mot skulen, tenkte eg på alt arbeidet som venta meg når eg kom tilbake til klasserommet og datamaskina. Det hadde ikkje vore meg imot å fått litt løn og frynsegoder for dette arbeidet. Då kunne eg t.d. fått meg lønskonto i banken til Venke. |
Her sit banksjef Venke Nordang på kontoret sitt. |
|||