Tyskland etter 1945

Under 2 verdskrig hadde USA og Sovjetunionen samarbeida for å slå Tyskland. Etter krigen avslutta dei samarbeidet som mange hadde trudd dei skulle fortsette med. Grunnen til at dei avslutta samarbeidet, var m.a.USA sin frykt for at Sovjetunionen skulle tvinge landa i Europa til å verte kommunistiske statar.

Fredskonferansane mot slutten av krigen hadde som mål å syte for at Tyskland aldri meir skulle truge freden i Europa. Sovjetunionen hadde lide mest og fekk ein del av Aust-Europa. Sovjetunionen ønskte kommunistiske regjeringar i dei austeuropeiske statane, uavhengig av kva dei sjølve ønskte. Leiaren i Storbritannia, Winston Churchill, og den amerikanske presidenten ,Truman, ville stoppe kommunistane .USA tilbaud td.Hellas hjelp då kommunistane i landet prøvede åstyrte regjeringa. Like eins tilbaud dei regjeringa i Tyrkia støtte då landet var truga av eit kommunistisk ”åtak”. Denne hjelpa kalla dei ”Trumandoktrinen”. ”Trumandoktrinen” var ei åtvaring til Sovjetunionen om at USA ikkje ville godta at kommunistane overtok makta i andre land.

Etter krigen hadde mange land i Europa store problem med å få fart i næringslivet att. Den amerikanske utanriksministeren Marshall la fram ein plan. Den gjekk ut på at USA skulle hjelpe alle landa i Europa med å kome i gang igjen med næringslivet. Dei ville hjelpe dei same kva ideologi eller kva land det var. Sovjetunionen gjekk ikkje med på dette. Derfor hindra dei alle landa bak jernteppet i å ta imot hjelpa. Dermed voks Vest-Europa seg sterke og kunne beskytte seg betre mot kommunismen.

Berlin blokaden

I 1945 blei Tyskland delt opp i fire okkupasjonssoner. Britiske, franske, sovjetiske og amerikanske tropper okkuperte kvar si sone. Det same skjedde med Berlin, som låg 16 mil inne i den sovjetiske sona. Dette gjorde at vestmaktene måtte frakte forsyningar til sine soner i Berlin gjennom den sovjetiske sona.

USA, Storbritannia og Frankrike hjelpte tyskarane i sine soner med å få i gang næringslivet. I den sovjetiske sona blei landbruksmaskiner, fabrikkar og jernbaneutstyr sende austover for å bygge opp att Sovjetunionen.I 1948 ønskte vestmaktene å innføre ein felles valuta i sine soner for å lette tilhøva for næringslivet. Stalin blei redd for at dette ville føre til at Tyskland skulle bli delt i to. Derfor stengde han vegar, kanalar og jernbaner som førte inn til vestlege delane av Berlin. Dette blei kalla Blokaden. Blokaden sette ein stoppar for forsyningane i vest. To millionar vestberlinarane kom brått i i ein svært vanskeleg situasjon.

Vestmaktene ville bryte blokaden, men var redde for at det kanskje kunne føre til krig. Derfor oppretta dei ei luftbru til Berlin. Det vil seie at dei frakta kol og mat med fly. Sovjetarane torde ikkje å skyte ned flya, for det kunne føre til krig. Etter 318 dagar innsåg Stalin at slaget var tapt og oppheva blokaden av Berlin.

BERLINMUREN

Før 1961 var det inga lov som hindra folk i å dra frå aust til vest. Det gjorde at folk som budde i aust drog til Vest- Berlin, og tok seg derfrå vidare over til Vest -Tyskland. Mange av dei som drog til vest var unge og hadde ei god utdanning som kunne kome til nytte for Aust - Tyskland. Aust vart slik tappa for folk med god utdanning.

Den austtyske regjeringa hadde lova å stanse straumen med menneske som drog til Vest-Tyskland. I 1961 hadde nesten 2,5 millionar mennske flykta og det var faktisk 15 % av befolkinga i Aust - Tyskland.

Sommaren 1961 byrja folk å ane at dørene var i ferd med å verte stengde. Kvar einaste dag strøymde det tusenvis av austtyske menneske til vesten.


Natt til 13. august 1961 blei den austlege delen av Berlin skild frå resten av Berlin av austtyske soldatar. Aust- tyskarane hadde førebudd seg grundig. Dei hadde sperra grensa med piggtråd og væpna soldatar.
Då folk byrja å skjøne kva som skjedde, starta dei eit opprør ved Brandenburger Tor. Opprøret blei slått tilbake, men hundrevis av menneske greidde å finne ein veg gjennom den uferdige grensa.

Litt etter litt vart smutthola tetta igjen. Berre fire dagar etter at grensa blei stengd, byrja dei å byggje ein permanent mur. Mens soldater heldt vakt, sette bygningsarbeidarane opp ein 2,4 meter høg mur av betongplater med piggtråd på toppen.
Muren vart kalla Berlinmuren. Muren var alt i alt 155 km lang og strekte seg rundt Vest-Berlin.

No står berre mindre delar av muren igjen, og desse delane er freda. Der er også eit eige murmuseum, Checkpoint Charlie, som vi besøkte medan vi var i Berlin. Der såg vi mange spennande ting slik som modellar over korleis folk flykta gjennom Berlinmuren.

Oppfinnsame fluktforsøk gjennom Berlinmuren

Muren stoppa ikkje alle. Dei beste fluktmåtane var å grave tunnelar under muren. Ein tunnel som starta frå ein kyrkjegard blei td. fluktrute for 150 personar. Der var også mange personar som prøvde å flykte gjennom kanalen Teltow. Andre prøvde å snike seg på tog og bussar. Men mange vart oppdaga. Dei vart drepne. Til saman var det 5000 menneske som risikerte livet sitt ved å røme, mens 235 av dei mista livet.

 


I dag finst det berre nokre få delar att av den originale muren. Desse delane er freda.

 

 

 

 

 


Her er eit bilde av Checkpoint Charlie.

 

 

 

 

 

 

 

 

 


I dag er det berre restar igjen av Berlin-muren, og her er eit bilde frå East-Side Gallery.

 

 

 

 

 

 


Her er ein av fluktmåtane som vart brukt. Kurt Wordel fra Vest-Berlin smugla mange personar ut av aust Tyskland med tre bilar av denne modellen ( VW 1200) i 1964 - 1966.