|
Forente
Nasjoner (FN)
I april 1945 vart det halde ein konferanse i San Francisco. Her
møtte utsendingar frå Usa, Storbritannia, Frankrike
og dei andre sigrande landa i andre verdskrig. Målet med konferansen
var å ta opp att arbeidet etter Folkesambandet med å
tryggje fred og rettane til einskildmennesket.
Organisasjonen
fekk namnet Forente nasjonar (United Nations Organization, UNO),
og fekk sete i New York. Den første generalsekretæren
var ein nordmann med navn Trygve Lie. Pakta til Forente nasjonar
tok til å gjelde 24.Oktober 1945.
Først
var det berre 51 land med i FN, men ved årsskiftet 2001-2002
hadde FN 189 medlemsland, i år har talet vakse til 191. Dette
året har Sveits og Aust-Timor blitt tatt opp i verdsorganisasjonen,
og dermed blir Vatikanstaten den einaste suverene stat i verda som
ikkje er medlem i FN.
|

FN-logoen.
|
|
FN-pakta, the
UN Charter, er sjølve grunnsteinen i FN. Då FN-pakta
vart sett i kraft i 1945, markerte dette starten for organisasjonen
FN. Ein kvar stat som blir medlem av FN, går også automatisk
med på å følgje dei retningslinjene pakta gir.
FN vart stifta av alle dei landa som sigra etter andre verdskrig.
Desse landa skjøna at ein slik verdsorganisasjon var nødvendig
for at menneska skulle greie å halde fred med kvarandre.
Tryggingsrådet
blei opretta med eit hovudansvar for å trygge freden. Dei
viktigaste allierte stormaktene ( USA, Frankrike, Storbritannia,
Sovjetunoinen og Kina) blei faste medlemmar. Desse fekk vetorett,
rett til å stanse vedtak dei ikkje er einige i. Og dei fekk
denne retten for å hindre at ei gruppe av stormaktene kunne
treffe tiltak mot nokon av dei andre maktene.
Gjennom heile
sin 50-årige eksistens har FNs sentrale mål vore å
bevare verdsfreden. FN har hjelpt til å løyse konflikter
mellom nasjonar, minske spenningar, førebyggje konflikter
og stoppe kampar.
|

Stiftinga
av FN i San Francisco 1945.
|
|
FN har gjennomført
kompliserte operasjonar som har ført til fredsskapande tiltak,
fredsbevarande innsats og humanitær bistand. På denne
måten har FN spelt ei hovudrolle i løysninga av nokon
av dei mest langvarige konfliktane i desse åra. I Irak krigen
spelte FN ei viktig rolle ved å sende våpeninspektørar
til Irak for å inspisere Saddam Hussein sine våpen.
Så seint
som i 2001 fekk FN og Kofi Annan Nobls Fredspris for sitt arbeid
for fred. Underorganisasjonar i FN har også fått Nobels
fredspris, blant anna har leger uten grenser fått Nobels fredspris.
|

Trygve Lie held
tale i FN hovudforsamlinga.
|
FN
har fleire middel til disposisjon for å skape fred:
- Ein resolusjon frå Sikkerheitsrådet som beordrar våpenkvile
og sett ut kursen til ei løysing på konflikta,
- Generalsekretæren verkar som en dommar som er med på
å bestemme konflikter på ein upartisk måte.
- Et kompromiss utarbeida av ein meklar,
- Hemmeleg diplomati via uformelle kanalar,
- Innsamling av fakta om ei konflikt, observasjonsgrupper,
- Fredsbevarande styrker av soldatar frå medlemsland under FNs
kommando.
Rundt 30.000
nordmenn har delteke i United Nations Interim Force In Libanon (UNIFIL).
Andre plassar dei har tenestegjort i, er Kosovo, Liberia, Afghanistan
og en del andre plassar.
Etter 20 års innsats tok Noreg styrken ut av Libanon. I mai
i år vart det arrangert eit Veterannett ein minnetur tilbake
til Libanon. Dei fleste kontingenter og kompani var representert.
|
|