FN
og menneskerettane.
I denne oppgåva
skal eg skrive om FN og menneskerettane. Kva FN jobbar for, og
kvifor FN vart oppretta.
FN står
for Foreinte Statar og er ein organisasjon som jobbar for verdsfred.
FN blei danna i 1945, da folk var motiverte for å skape
ein global organisasjon som arbeidde for fred. Verda hadde vore
i krig i over 5 år, og millionar av menneske var drepne.
24. oktober 1945 blir rekna som FNs fødselsdag. Da byrja
FN pakta offisielt å verke. FN hadde da 51 medlemsstatar.
Det blei vedtatt at hovudkvarteret til FN skulle ligge i USA,
og det vart plassert i New York. Her hadde FN si første
generalforsamling.
Den første generalsekretæren FN hadde, var nordmannen
Trygve Lie, han hadde ansvaret for å få opp FN bygninga
i New York. Generalsekretæren til FN i dag heiter Kofi Annan.
Hans viktigaste oppgåve er å fornye FN, som har eksistert
i over 50 år. Han har fått Nobels fredspris for arbeidet
sitt, fordi han blant anna har stor tru på dialog i staden
for krig når konflikter skal løysast.
FN pakta er
grunnsteinen i FN. Den vart underteikna i 1946 og bygg på
trua på menneskelege rettar. Grunnleggjarane meinte at landa
burde bli samde om reglar som gjeld for alle, og som da var enklare
å følgje. Td.alle menneske har like stor verdi, både
kvinner og menn, og alle skal leve som gode naboar. Landa skulle
aldri gå til krig mot kvarandre. FN pakta blir dessverre
brote stadig vekk, men det tyder ikkje at den er ubrukeleg, reglar
blir jo brote heile tida.
10. desember
1948 blei menneskerettane vedtatt. Denne erklæringa gjeld
for alle land som er medlem i FN, og er eit grunnleggjande dokument
som ikkje kan endrast. Sjølv om alle landa i FN stemte
ja til menneskerettane (unntatt nokre land som ikkje ville stemme)
skjer det brot på desse rettane heile tida. Menneskerettane
går ut på at alle menneske har visse
+rettar. Kvart
land har ansvar for å ikkje diskriminere folk pga. bakgrunn
(rase, farge kjønn osv.) Styresmaktene i landet har også
eit ansvar for å sikre innbyggjarane skulegong, arbeid,
religionsfridom, og retten til å delta i å styre landet.
Menneskerettane er delte opp i 30 artiklar.
No har eg
skrive om FN og menneskerettane, og kvifor FN vart oppretta, og
kva dei jobbar for. Nedanfor kan du lese alle menneskerettane.
FN si verdserklæring om menneskerettane
Artikkel
1.
Alle
menneske er fødde til fridom og med same menneskeverd og
menneskerettar. Dei har fått fornuft og samvit og skal leve
med kvarandre som brør.
Artikkel
2.
Kvar einskild har krav på all den rett og fridom som fråsegna
nemner, utan skilnad av noko slag på grunn av rase, farge,
kjønn, språk, religion, politisk syn eller anna meining,
nasjonalt eller sosialt opphav, eigedom, fødsel eller andre
tilhøve.
Den politiske stoda, lovverket eller dei internasjonale påboda
eit land lever under, kan ikkje vere påskott til at det
blir gjort skilnad på nokon i det landet eller området
han høyrer til, anten landet har sjølvstende, står
under tilsyn, er ikkje-sjølvstyrt eller sjølvstyret
er avgrensa på nokon annan måte.
Artikkel
3.
Alle har rett til liv, fridom og personleg tryggleik.
Artikkel
4.
Ingen skal haldast i slaveri eller trældom. Slaveri og slavehandel
av alle slag er forbode.
Artikkel
5.
Ingen må torturerast, pinast eller straffast på umenneskeleg
eller nedsetjande vis.
Artikkel
6.
Alle menneske har krav på at domstolane alle stader godtek
dei som rettssubjekt.
Artikkel
7.
Alle er like for lova og har krav på same rettsvern, utan
skilnad av noko slag. Alle har krav på same vern mot at
det blir gjort skilnad på folk i strid med denne fråsegna,
og vern mot tiltak som ber i seg ein slik fare.
Artikkel
8.
Alle har rett til å få fullgod hjelp frå dei
lovlege nasjonale domstolane når det gjeld handlingar som
krenkjer den retten den einskilde har fått i grunnlova eller
lovverket elles.
Artikkel
9.
Ingan må utan lov og rett arresterast, setjast i fengsel
eller visast ut or landet.
Artikkel
10.
Alle har same rett til å få saka si rettferdig og
offentleg granska av ein sjølvstendig og upartisk domstol,
både når det er pliktene og retten til den einskilde
som skal fastsetjast, og når det er reist klagemål
mot han.
Artikkel
11.
1. Den som er klaga for ei straffbar handling, har rett til å
bli rekna som skuldlaus til ein offentleg domstol, der han har
fått full trygd for retten til å forsvare seg, har
prova at han er skuldig etter lova.
2. Ingen skal
kjennast skuldig i ei straffbar handling når det han har
gjort eller forsømt ikkje streid mot nasjonal lov eller
folkeretten på den tida det hende. Han må heller ikkje
dømast hardare enn det lova gav høve til då
den straffbare handlinga vart utførd.
Artikkel
12.
Ingen skal lide under vilkårleg innblanding frå andre,
anten det gjeld hans eigen person, familie, heim, brevskifte,
eller åtak på ære og omdøme. Alle har
krav på at lova vernar dei mot slik innblanding eller slike
åtak.
Artikkel
13.
1. Alle
menneske har rett til å ferdast fritt og til å velje
bustad innafor grensene i sitt eige land.
2. Det skal
også vere full rett til å reise ut or det landet ein
bur i, same kva land det er, og til å vende attende til
sitt eige land.
Artikkel
14.
1. Alle
som blir forfølgde har rett til å søkje og
ta imot asyl i eit anna land.
2. Denne retten
gjeld ikkje i rettssakar som har røynleg grunnlag i upolitiske
brotsverk eller handlingar som strir mot formålet og prinsippet
til Dei Sameinte Nasjonane.
Artikkel
15.
1. Alle har rett til eit statsborgarskap.
2. Ingen skal
misse statsborgarskapet sitt vilkårleg, eller bli nekta
retten til å endre det.
Artikkel
16.
1. Vaksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og skipe
familie utan avgrensing av noko slag på grunn av rase, nasjonalitet
eller religion. Dei har krav på dei same rettane når
det gjeld ekteskapet, både så lenge ekteskapet varer
og medan det blir løyst opp.
2. Ekteskapet
må berre kome i stand etter fritt og fullt samtykke frå
begge partar.
3. Familien
er den naturlege og grunnleggjande eininga i samfunnet og har
krav på at staten og samfunnet vernar om det.
Artikkel
17.
1. Alle har rett til å ha eigedom åleine og saman
med andre.
2. Ingen skal
vilkårleg bli fråteken eigedomen sin.
Artikkel
18.
Alle har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionfridom.
Denne retten gjeld fridom til å endre religion eller tru,
og fridom til å målbere sin eigen religion eller si
eiga truslære i gjerning og framferd, anten åleine
eller saman med andre, offentleg eller privat.
Artikkel
19.
Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom
til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje,
ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei
informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.
Artikkel
20.
1. Alle har rett til fritt å vere med på møte
og i organisasjonar med fredelege formål.
2. Ingen kan
tvingast inn i ein organisasjon.
Artikkel
21.
1. Alle skal ha rett til å vere med på å styre
landet sitt, beinveges eller gjennom talsmenn som er peika ut
i frie val.
2. Alle skal
ha same retten til å gjere teneste i offentlege ombod i
landet sitt.
3. Folkeviljen
skal vere grunnlaget for den makta som er lagd til styremaktene.
Folkeviljen skal kome til syne gjennom regelfaste og røynlege
val, som er grunna på allmenn og lik røysterett i
løynlege val eller på annan jamgod røystemåte.
Artikkel
22.
Kvar einskild medlem i samfunnet har rett til sosial tryggleik,
og har krav på at dei økonomiske, sosiale og kulturelle
godane, som han ikkje kan vere utan om han skal ha vørdnad
for seg sjølv og styrke den personlege karakteren sin,
blir løyste gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt
samarbeid i samsvar med det kvar stat maktar.
Artikkel
23.
1. Alle har rett til arbeid, til fritt å velje yrke, til
rettferdige og gode arbeidstilhøve og vern mot arbeidsløyse.
2. Alle har
same rett til å få lik betaling for likt arbeid, utan
skilnad av noko slag.
3. Den som
arbeider har krav på rettferdig og god betaling, så
han kan syte for familien sin og seg sjølv på ein
menneskeverdig måte, og om det trengst, få hjelp gjennom
andre og utfyllande sosiale midlar.
4. Alle har
rett til å skipe og melde seg inn i fagforeningar for å
verne interessene sine.
Artikkel
24.
Alle har rett til kvile og fritid, og dermed til ei rimeleg avgrensa
arbeidstid, og til ferie med løn.
Artikkel
25.
1. Alle har rett til ein levestandard som kan tryggje helsa og
velværet til forsytaren og familien hans, og gje dei mat,
klede, hus, helsestell og nødvendige sosiale trygder ved
arbeidsløyse, uføre, dødsfall, alderdom eller
andre tilhøve som skiplar livskåra, og som forsytaren
ikkje er herre over.
2. Mor og
barn har rett til særskild omsorg og hjelp. Alle barn skal
ha same sosiale vern, anten dei er fødde i eller utafor
ekteskapet.
Artikkel
26.
1. Alle har rett til undervisning. Opplæringa skal vere
kostnadsfri, i det minste i den allmenne grunnskulen. Den elementære
undervisninga skal vere pliktig for alle. Alle skal ha høve
til å få fagopplæring, og det skal vere like
vilkår for alle til å få høgre utdaning,
alt etter dei evnene dei har.
2. Undervisninga
skal ha til mål å styrkje den menneskelege personlegdomen
og auke vørdnaden for menneskerettane og den grunnleggjande
fridomen, fremje skjønsemd, toleranse og venskap mellom
alle nasjonar, folkeslag og religiøse grupper og stø
fredsarbeidet til Dei Sameinte Nasjonane.
3. Foreldra
har førsteretten til å velje kva slag opplæring
barna deira skal få.
Artikkel
27.
1. Alle har rett til fritt å vere med i det kulturelle livet
i samfunnet, til å nyte kunst og til å få sin
part av dei vitskaplege nyvinningane og godane som følgjer
med dei.
2. Kvar einskild
har rett til å få verna dei moralske og materielle
interessene som han har skapt seg gjennom vitskapleg, litterært
eller kunstnarleg arbeid.
Artikkel
28.
Alle har krav på å få leve under slike sosiale
kår og internasjonale tilhøve at dei fullt ut kan
gjere til røyndom retten og fridomen i denne fråsegna.
Artikkel
29.
1. Alle har plikter andsynes samfunnet, då personlegdomen
til den einskilde einast der kan få frie og fullgode voksterkår.
2. Retten
og fridomen til den einskilde skal ikkje vere avgrensa av anna
enn det lova tydeleg slår fast for å tryggje den vørdnaden
alle andre har krav på når det gjeld rett og fridom,
og dei krav som eit demokratisk samfunn med rette kan setje til
moral, offentleg orden og allmenn velferd.
3. Denne retten
og fridomen kan ikkje i noko høve nyttast i strid med formålet
og prinsippet til Dei Sameinte Nasjonane.
Artikkel
30.
Ikkje noko i denne fråsegna må tolkast slik at det
gjev stat, grupper eller einskildmenneske rett til å vere
med på tiltak eller handlingar av noko slag som har til
mål å øydeleggje den retten og fridomen som
denne fråsegna stadfester.