KONSENTRASJONSLEIRAR

Eg vil no informere om korleis jødane og andre tyske fangar hadde det under den andre verdskrigen.


AUSCHWITZ

Auschwitz, eit namn du aldri vil gløyme.
Over inngangsporten til Auschwitz står det "Arbeit macht frei" som betyr "arbeid gjer fri ",ei ironisk påminning om at døden var den einaste utvegen frå denne leiren.

I april 1940 kom Rudolf Höss til den polske byen Osewiecim for å etablere ein konsentrasjonsleir i området. Den tyske okkupasjonsmakta hadde behov for å opprette ein leir for internering av polske motstandsarbeidarar og motstandarane av nazismen. I området låg det allereie ein gammal militærleir. Dessutan låg staden nært eit viktig jernbaneknutepunkt. Dei som allereie budde i området rundt blei jaga og tvangsflytta.

I mai 1940 kom det ein stor kontingent fangar frå Sachsenhausen for å starte utbygginga av leiren. I tillegg til desse fangane blei 300 jødiske innbyggarar frå Osewiecim tvungne til å delta i dette arbeidet.
I 1941 var det allereie 10.900 fangar i leiren. Allereie på det tidspunktet hadde Auschwitz skaffa seg eit rykte for omfattande bruk av tortur og massedrap.


BIRKENAU

Ikkje langt frå Auschwitz blei det bygt ein ny konsentrasjonsleir som var over dobbelt så stor som Auschwitz med namnet Birkenau. Birkenau blei først og fremst laga som ein dødsleir for jødar.


Birkenau hadde ein eigen jernbanestasjon, så dei fleste fangane blei frakta hit med tog. Fangane vart stua saman i nokre godsvogner. Der kunne dei vere i fleire dagar i strekk utan mat og drikke. Dei første personane dei møtte når dei kom inn i leiren var nokre doktorar som sa at dei anten skulle gå til venstre eller høgre. Viss ein blei send til venstre, skulle ein jobbe, så dei fekk leve, men viss du blei sendt til høgre, så var det rett i gasskammeret.

Etter gasskammeret vart dei sende rett til krematoriet. Birkenau hadde fire krematorium, og kvart av dei hadde kapasitet til 300 fangar per dag. Etter krigen sprengde tyskarane krematoria for at fiendane ikkje skulle sjå kva dei dreiv med.
Dei som ikkje blei sende rett i gasskammeret, blei sende til brakkene eller sovesalane som dei kalla dei. Brakkene var eigentleg bygde som stallar for 52 hestar. Tyskarane bygde dei om til fangebrakker, dei var billige, og ein kunne få plass til opptil 1000 personar i ei brakke.

Det låg minimum 9 fangar i kvar "seng" som var i tre høgder.
I første høgda låg dei rett på betong eller på jordgolv.
Om vinteren var det veldig kaldt, uansett om dei låg nesten opp på kvarandre.
Veldig mange vart sjuke, tyfus og liknande sjukdommar tok livet av mange fangar. Dei fekk kun lov å gå på do ein gong for dag. Derfor var det mange som gjorde seg ut i senga. Slik vart det enda fleire sjukdommar på grunn av dårleg hygiene.

Fangane fekk tre måltid om dagen, litt tørt brød om morgonen og om kvelden fekk dei suppe.Men suppa var for det meste ikkje etande, på grunn av at dei som laga suppa brukte rotne grønsaker.
Kleda fangane fekk utdelt var nokre gamle, fillete og tynne jakker og bukser som ikkje greidde å halde kulda ute.
Treskorne fangane fekk var for det meste altfor små eller altfor store, slik at dei fekk store gnagsår.


Over inngangsporten står det "Arbeit macht frei".


Klede som har tilhøyrt små barn i "Auschwitz"

 

 


Birkenau, inngangsportalen i bakgrunnen.

 

 


Ruinert krematorium i Birkenau.