Nazismen
Nazisme er ein ideologi som er utvikla av det tyske partiet "Nationalsozialistische Deutsche Arbeiterpartei" (NSDAP) som sat med makta i perioden 1933-1945. Dette partiet trudde på ein sterk leiar. Leiaren blei Hitler, på grunn av hans gode evner som talar. I 1933 fekk NSDAP makta i Tyskland, og Hitler blei diktator.

Politikk
Etter første verdskrig var folk i Tyskland leie av krig og fattigdom og ville at noko skulle skje. Nazipartiet visste kva dei ville og dei hadde sett seg klare mål. Dette er kanskje ein grunn til at nazipartiet fekk så stor oppslutning, men det var mange folk som berre stemte på partiet fordi dei var redde for det.

Nazipartiet hadde ein del hovudpunkt i politikken sin. Her er nokre av dei:

- Tyskland skulle få betre økonomi
- Alle skulle få arbeid
- Jødane skulle utryddast
- Landa aust for Tyskland skulle erobrast og leggast inn under det tyske riket. Menneska i desse landa skulle gjerast til slavar for tyskarane.
- Funksjonshemma skulle bli fjerna.
- Tyskarane skulle bestemme over andre folk.

Som du kanskje ser av punkta ovanfor hadde nazistane liten toleranse for framande og funksjonshemma folk. Dei hadde ein antisemittisk politikk og ville ta over store område. Desse områda blei utvida til å gjelde heile verda seinare. Mottoet til nazistane var "Eit rike, eit folk, ein førar".

Nazipartiet stod for nesten det motsette av det sosialistpartiet stod for, sjølv om Hitler hadde vore medlem i sosialistpartiet før han starta i nazipartiet.

Nazistane meinte at tyskarane var ei rase som var laga for å herske over andre raser. Hitler sa at den ariske rasa var den øvste av alle raser og resten var underlegne. All makt skulle ligge i diktatoren sine hender. Rettane til folk blei fordelt etter rase, hudfarge og kva land dei kom i frå.

SA
Då Hitler vart leiar av nazipartiet laga han si eiga private hær kalla Sturm Abteilung (også kjend som brunskjortene). Desse brunskjortene skulle forstyrre møta til politiske motstandarar og verne Hitler mot angrep. SA soldatane brukte grå jakker, brune skjorter (som eigentleg var meint for soldatar i Afrika, men vart kjøpt opp av nazipartiet), tjukke ullestar og kampstøvlar.

Raselæra til nazismen
I 1924 sat Hitler nokre månader i fengsel etter eit mislukka kuppforsøk. Det var då han skreiv boka " Mein Kampf" som skulle bli nazistane sin bibel.
I nazismen blei det sagt at nokre personar var mindre verd enn andre, såkalla "undermenneske". Desse "undermenneska" var blant anna jødar, sigøynarar, kommunistar (nazistane var sterkt imot kommunismen), homofile, funksjonshemma, osv. Dei meinte også at den ariske rasa var den einaste rasa som hadde rett til å styre verda. Det som kjenneteiknar den ariske rasa er blondt hår og blå auge.

Jødehatet
I byrjinga av 1900- talet var det ein god del antisemittisme i Europa. Dette blei ofte reflektert i talane til Hitler. Det blei sagt at det var jødane si skuld at Tyskland tapte første verdskrig, og i følgje Hitler var jødane skuld i alt han ikkje likte som skjedde i verda. Hitler meinte også at jødane hadde inngått ei avtale med kommunistane om å ta over verda. Han brukte spesielt boka "Mein Kampf", som han sjølv hadde skrive, mot jødane.

Etterord
Seks millionar jødar blei drepne i andre verdskrig. Dei folka som dyrkar denne ideologien i dag kallast for nynazistar og er blant dei som ikkje har sett alvoret i denne situasjonen. Dei er ofte utan familiekontakt og utdanning og går derfor inn i nazimiljøet. Nynazisten hater folk med anna tru og bakgrunn enn det dei har sjølve.


Anti - nazi plakat

 

 

 

 

 


Inngangsporten til Auschwitz. Over porten står det ""Arbeit macht frei".