|
Her
kan du lese litt om det som skjedde i konsentrasjonleirane Sachsenhausen
og Ravensbrück.
Sachsenhausen
Sachsenhausen ligg nordvest for Berlin.Leiren vart etablert i 1936.Hit
sende Hitler personar som han såg på som motstandarar
av "det nye tyske riket." I leiren var det derfor kommunistar,
sosialdemokratar, fagforeinigsfolk, liberale, kristne, jødar,
sigøynarar, pasifistar, Jehovas vitne, homofile, sosiale
og kriminelle. Leiren vart først og fremst brukt som arbeidsleir
for utanlandske fangar. 100.000 fangar vart drepne i Sachsenshausen
mellom 1936 og 1945. I tillegg omkom 20.000 av for lite mat, sjukdomar
og utmatting.
Då vi
kom til Sachsenhausen, såg vi først litt på eit
stort kart over leiren. Etter det gjekk vi bort til inngangsporten,
også her stod orda:"Arbeit macht frei".
Vi gjekk over apellplassen,skotestebana og bort mot galgen. Guiden
vår fortalte om nokre av torturmetodane dei hadde der. F.eks.
kunne det vere å henge ein person opp etter hendene til ledda
knakk. Andre torturmetodar var å binde hendene og føtene
fast og deretter strekke dei heilt til beina knakk.
På appellplassen
måtte fangar gå og teste sko for tyskarane, men det
var ikkje ein lett jobb, fordi nokre gongar kunne skoa vere for
små til dei. Fangane var underernærte og mykje lettare
enn tyske soldatar, derfor måtte dei gå med ein ryggsekk
som vog 15 kg bak på ryggen under skotestinga. Dei gjekk frå
kl 06.00 om morgonen til kl 17.00 om ettermiddagen. Det tilsvarte
om lag 40 km kvar dag. Og underlaget var svært variert; sement,
asfalt, betong, grus, pukkstein og stader der det var litt vatn.
Dette gjorde dei for å teste slitasjen til støvlane
under alle forhold.
Under evakueringa
av leiren i april 1945 begynte ei vandring, ein dødsmarsj,
frå Sachsenshausen og til Østersjøen. Derfrå
skulle fangane fare vidare med eit skip, men meininga var at skipet
skulle senkast.Heldigvis vart dei stoppa av russarane før
dei kom fram, men 6000 fangar døydde i løpet av vandringa.
Seinare vart den marsjen kalla Dødsmarsjen.
Dei fleste av
dei norske fangane vart sende til Sachsenhausen.
Den kjende politikaren Einar Gerhardsen var ein av dei som vart
send til Sachsenhausen. I påska 1942 vart han send til Sachsenhausen
, men på grunn av eit kraftig politisk press vart han send
heim igjen til Grini. Man trur at finske sosialdemokratar (politikarar)
la press på tyske poltikarar, men ein veit ikkje sikkert.
(Gerhardsen døde i 1987.)
RAVENSBRÜCK
Ravensbrück
var ein vakker liten landsby i eit område med skogar og innsjøar.
Staden låg i nærleiken av Furstenberg, ca 9 mil utanfor
Berlin. Staden låg avsides til, men samtidig var det lett
å reise til og frå Berlin med tog.
I november 1938 starta SS arbeidet med å bygge ein konsentrasjonsleir
i Ravensbrück. Planen var å bygge ein leir som var stor
nok til 7000 fangar. Fangar frå konsentrasjonsleiren Sachsenhausen
måtte sjølv bygge opp Ravensbrück. Alt i alt sette
dei opp 18 brakker. Rundt fangeleiren sette dei opp ein tre meter
høg mur med straumførande piggtråd på
toppen.
Noko seinare
kom det kvinner til fangeleiren. Det var kriminelle og bibelforskarar
eller Jehovas Vitne som også deltok i oppbygginga av kvinnekonsentrasjonsleiren
Ravensbrück. Dette skjedde i mai 1939. Då kom 860 tyske
og 7 austerrikske kvinner til leiren. Fangetalet auka raskt i Ravensbrück.
Ved utgangen av 1939 hadde leiren 2.290 fangar. Etter kvart som
krigen utvikla seg blei fangebelegget meir og meir internasjonalt.
Faktisk var 23 ulike nasjonar representert i leiren. Tilhøva
i leiren var like harde som i dei andre leirane. Kvinnene døde
av svolt, vald, tortur, henging og skyting.
Fangane i Ravensbrück
måtte arbeide hardt. Dei som ikkje kunne arbeide vart sende
til andre leirar der dei vart drepne. Fangetalet auka raskt og dei
måtte bygge ut leiren fire gongar. I slutten av 1941 var det
12.000 fangar i leiren. Talet på sovjetiske fangar auka også.
I 1944 kunne dei telje opp 80.000 fangar. SS leiarane fann då
ut at dei då måtte bygge eit gasskammer i leiren. Alt
i alt blei 132.000 kvinner sende til Ravensbrück frå
heile det okkuperte Europa i løpet av krigen.Det kom faktisk
102 norske kvinner til Ravensbrück.Nokre av dei blei heldigvis
henta heim av dei kvite bussane til Røde Kors i sluttfasen
av krigen.
Norsk
kvinne i Ravensbrück:
Inger Jensen
Inger
Jensen var ei av dei norske kvinnene som var i Ravensbrück.
Inger vaks opp i eit utprega arbeidarmiljø, og blei tidleg
aktiv i Framfylkingen, Arbeidpartiet si barnegruppe. Då ho
var barn, mista ho mor si som følgje av ein mislukka operasjon.
Tidleg blei Inger klar over dei mørke skyene som var i ferd
med å samle seg på den europeiske himmelen i løpet
av 30- talet. Ho vart kjend med mange flyktningar som flykta til
Noreg. Gjennom desse flyktningane lærte Inger om utviklinga
bl.a. i Tyskland etter at Hitler overtok makta i 1933.
Etter at Noreg
vart okkupert 9.april 1940, blei Inger med i motstandsarbeid. Ho
var med på å skjule flyktningar og få dei over
til Sverige. I 1942, då Inger var 19 år gammal, blei
ho arrestert. Etter arrestasjonen vart ho send til fangeleiren Grini
i Bærum. Der sat ho til 6. oktober 1943. Den dagen vart ho
send til Ravensbrück. Der blei Inger sitjande til 7. april
1945, då vart ho og dei andre fangane henta av dei kvite bussane.
26. mai 1945 kom ho heim til Noreg der ho gifta seg med kjærasten
sin, Olav Gulbrandsen.
Det er skrive
ein biografi om Inger og livet hennar bak murane i Ravensbrück.
Boka er skrive av Maria Konow Lund. Boka kan du låne på
biblioteket, og den er verdt å lese.
Laga av Andreas
og Venke.
|

Torturpålane
i Sachsenhausen.

Einar Gerhardsen
var fange i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen.

Rulla som kvinnene
i Ravensbruck brukte til å valse vegane med. Rulla var omlag
600 kg tung.

Ravensbrück
låg ved ein vakker sjø.

Inger Gulbrandsen.
|