|
Den
kongelege saltgruva
Gruvene sin eineståande
karakter og skjønnheit vart skapt av naturen allereie for
20 millionar år sidan. Gruva er resultatet av at ein sjø
og Karpatyfjella blei heva. Dei starta å utvinne salt her
allereie for 700 år sidan, altså på slutten av
1200 - talet.
Wielicka gruva har ni etasjar og når ei djupne på 327
meter, første etasje ligg på ca. 64 meter. Samla lengde
av gruvegangane er på nesten 250 km.
Etter å
ha gått den guida runda på eit par kilometer, og så
få høyre at du berre har sett 3% av gruva, då
får du eit lite sjokk.
Du fattar litt meir av kor stort dette gruveanlegget eigentleg er.
I løpet av sju hundre år med bergbryting har ein produsert
7,5 millionar kubikkmeter salt her. Dersom alt dette saltet blei
lessa på eit godstog, ville det ha nådd ein femtedel
rundt ekvator.
Det mest imponerande
i gruva er kapellet til Kinga den heilage 101 meter under jorda.
Det var brødrene Jozef og Tomasz Marowski, saman med Antoni
Wyrodek, som laga til dette kapellet . Dei brukte alt i alt 68 år
på å byggje dette fantastiske kapellet.
I 1978 blei Wielicka saltgruva tatt inn i UNESCO's liste over Verdas
Kultur og Natur arv.
Mi personlege
meining om gruva
17. september:
I dag for vi til saltgruva Wielicka. Eg var veldig spent på
korleis det ville vere inne i ei slik gruve fordi
eg hadde inga aning om korleis det såg ut der nede.
Dei som ville ta bilde nede i gruva, måtte kjøpe billettar
for fotografering før vi kunne gå ned i gruva.
Vi starta med å gå ned 380 trappetrinn,det verka som
trappa aldri tok slutt.
Med ein gang vi kom ned var der mykje å sjå, det var
verkeleg imponerande. Det som gjorde mest inntrykk var Kinga Kapellet.
Kapellet var utruleg stort, og det var ei mektig oppleving å
kome inn i dette rikt utsmykka romet.
Ned frå taket hang fire store lysekroner, alle laga av salt.
Det dunkle lyset frå desse utruleg vakre lysekronene forsterka
den fine stemninga i kapellet.
No til dags vert det halde gudstenester og konsertar her.
Då vi alle var ferdige med å ta bilete og beundre kapellet,
gjekk vi vidare til eit rom som også var veldig spesielt.
Her høyrde vi ei bønnevise medan vi såg på
korleis lyset for rundt og lyste på dei forskjellige kunstverka,
alt etter om musikken blei spela høgt eller lågt.
Den guida rundturen
var ei spennande oppleving som varte i ca. to timar.
Vi var enno nede i gruva, for vi venta på at den første
gruppa skulle bli ferdige med heisturen opp frå gruva.
Dette trur eg også var litt taktisk, for der var både
souvenirbutikk og kiosk nede i gruva.
10 minutt seinare var det vår tur til å ta heisen. Vi
gjekk inn i ei trang heis .Då vi hadde køyrt i nesten
5 sekund, sette heisføraren opp farta noko alvorleg, så
vi var oppe på ca. 30 sekund. På bussen vidare blei
gruva diskutert og beundra av unge og gamle.
|

Gruppebilde
frå saltgruva i Polen.

Esel som fraktar
salt.
Statue laga av
salt.

Gruvearbeidar
fraktar ei saltblokk.
|