|
Folklore
Etter at vi
hadde gått lenge for oss sjølve i Krakow, gjekk vi
inn på hotell Pollera til folkloreaften. Først fekk
vi servert grønnsakssuppe til forrett, etterpå fekk
vi servert svinekjøt. Då alle var ferdige med å
ete, kom det inn ei stor gruppe med dansarar kledd i polske folkedrakter.
Det var utruleg
morosamt å sjå alle folka danse til denne rare, men
underhaldande musikken. Det eg opplevde her under denne folklore
dansen, trur eg ikkje eg kjem til å oppleve igjen.
Først
dansa dei masurka, dette er opprinneleg ein polsk dans i tredelt
takt og forholdsvis roleg tempo. Denne dansen kjem i frå Mazury
(Masuria) i den nordaustlege delen av Polen. Seinare kom dansen
til Tyskland midt på 1700 talet, og via Paris og London også
til Norge snaut 100 år seinare.
Deretter dansa
ein av dei mannlege polske dansarane ut mellom alle tilskodarane
og slo dei på skuldra med ei kjegle. Alle som blei truffe
av denne kjegla skal få oppleve å kome tilbake til Krakow
seiest det. Til slutt gjekk dei polske dansarane rundt og plukka
ut elever som dei baud opp til dans.
Her er ein av dei som dansa då vi var i Polen. Dei var veldig
flinke til å danse. Eg vart veldig imponert over det eg såg.
Denne mannen spelte på fiolin og song ilag med dei andre dansarane.
Laga
Av
Daniel Vaage
|