I
denne oppgåva kan du lese litt om geografien i Polen, byen Krakow,
kultur, mat og eigne erfaringar.
Kort om Polen:
Polakkane kallar landet sitt Polska. Dette namnet kjem av pole som
betyr slette. Meir enn 3/4 av landet er sletteland. Du kan reise tvert
gjennom Polen utan å sjå noko fjell. Mot sør hevar
landet seg, og fjella Karpatane og Sudetane dannar ei naturleg grense
mot nabolanda.Landet er eit jordbruksland, men nesten halvparten av
dei yrkesaktive er sysselsett i industrien.
Det bur i underkant
av 40 mill. menneske i Polen i dag, og av desse er omkring 99% polakkar
med minoritetar av tyskarar, ukrainarar og russarar. Polen var det
landet som leid dei største tap av menneskeliv under den
andre verdskrigen, og folketalet blei redusert frå 35 million
i 1939 til 24 million i 1946. Som eit resultat av krigen blei over
90% av jødane utrydda.
Det religiøse
livet i Polen er veldig levande og religionen står sterkt.
Rundt 95% av folket høyrer til den romersk-katolske kyrkja.Paven,
Karol Woyjtala, var faktisk biskop og kardinal i Krakow inntil han
blei den øvste leiaren i Vatikanet.
KRAKOW:
Polens tredje største by, Krakow, ligg ved elva Wisla i den
sørlege delen av Polen. Krakow er kjent som eit jernbaneknutepunkt,
handels- og industrisenter.I Krakow er det 744 800 innbyggarar.
Krakow har
kanskje opplevd meir historie enn nokon annan polsk by har gjort,
men samtidig klart å bevare mykje av sin historiske bygningsmasse.Som
ved eit mirakel unngjekk byen å bli bomba under andre verdskrigen.
Krakow har derfor heile tida vore eit midtpunkt for lærdom
og vitskap, for kyrkja og for kunst og kultur. I byen finst det
derfor ei rekke kultur- og utdanningsinstitusjonar, td. det Jagellonske
universitet som blei grunnlagt i 1363.
Byen har mange
vakre bygningar. Midt i gamlebyen ligg Mariakyrkja som blei bygd
i 1222. Kyrkja med to tårn er lett å få auge på
der ho ligg i utkanten av den store marknadsplassen. Mariakyrkja
er kjend for sin fine arkitektur, kyrkja er full av utsmykkingar
som var utruleg vakre. Skulptur og målarkunsten har ofte religiøse
uttrykk, og mykje av det finn vi igjen i kyrkja.Der er eit praktfullt
alterskap av Wit Stwosz samt kunstverk av Peter Vischer.Alterskapet
av Wit Stwosz er eit av hovudverka i polsk middelalderkunst. Stwosz
blei fødd i 1929 og er kjent for slåande og mystiske
bilete som er drøymande i sin framtoning, og han går
for å vere Polen sin beste kunstnar.
Rynek Glowny,
det såkalla "Stortorget", er byen sitt midtpunkt
og er nokså urørt sidan 1300-talet. Her ligg Kleshallen
eller marknadshallen som er 120 meter lang. Her er det mange små
og store boder der ein kan få kjøpt det meste innan
handverk som td. handskorne sjakkbrett og figurar, handstrikka ullgensarar
og luer, rimelege dukar, skor, sølvtøy, vesker, polsk
glass og krystall.
Gamlebyen er
omgitt av eit parkområde som er lagt der dei tidlegare festningsmurane
og vollgravene låg. Eit par festningstårn står
att også, blant anna Barbakan frå 1505 framfor byporten
Brama Florinska.
På kalksteinsklippen
Wawel ligg katedralen, den polske kroningskyrkja,som vart bygd mellom
1322 og 1363. Her finn vi også dei polske kongane og nasjonalheltane
sine graver, og det gamle kongeslottet som no er museum. Borggarden
framfor slottet er utruleg vakker.
I byen kan
ein leige små golfbilar med sjåfør. Sightseeingsturane
rundt i byen kunne vare frå 15 min til nesten 60 min.Det verka
som prisen varierte frå sjåfør til sjåfør,og
kor mange passasjerar det var. Ei gruppe med jenter som smiska litt,
kunne ein få ein tur for 5 zloty per person. Mens andre måtte
betale 80 zloty for ei gruppe på fem. Kor fort ein ville det
skulle gå, og kvar ein skulle køyre kunne ein diskutere
og forandre på etter kvart, noko som vi gjorde.
Den polske maten
er kraftig , men fattig på grønsaker. Typiske krydder
i polsk mat er dill, merian, karve og sopp, men salt er dei forsiktige
med. Populære rettar er bigos, som består av saus og
kjøt, og rødbetesuppe som vert kalla barszcz. Noko
eg sjølv la merke til som var vanleg, var kål med ein
sur- søt dressing. Dette vart ofte brukt til all type middagsmat.
Dagane i Polen
og dagen i Krakow gjorde at eg fekk eit godt innblikk i tradisjonar,
vart kjend med nye stader og lærte litt om ein annan kultur.
Alt dette lærte eg mykje av .Blant anna det å lære
å kjenne nye menneske og historia deira, og gjennom det kanskje
skjøne litt meir om kvifor dei er slik dei er, på grunn
av historia til landet.
|

Marknadsplassen med Maria Kyrkja i bakgrunnen.

Kunstgalleriet
ved byporten.

Marknadsplassen
med kleshallen til høgre og tårnet til gamle rådhuset
.

Wawelslottet

Sightseeings
bil i gamlebyen i Krakow.
|