Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Venus

Fakta om Venus:
Diameter : 12140 km
Masse : 4,869e24 kg
Temperatur: Ca 500 grader C
Døgnets lengde: 243 jord døgn
Årets lengde: 224,7  jord døgn


Overflata på Venus
Planeten
Venus er den nest innarste planeten, og er omtrent like stor som jorda. Venus er omtrent heilt kuleforma. Den har ein atmosfære som består av 97% karbondioksid og litt andre stoffar som nitrogen, og mindre mengder helium, vassdamp, svoveldioksid og oksygen. 

Vi veit at vatn koker og blir til damp når det er 100 grader. Sidan det er så varmt på Venus er alt vatnet  blitt til damp, og difor kan det ikkje vere liv der. Venus er også ein av dei små planetane. Den blir ofte kalla jordas tvillingplanet, fordi den er nesten like stor som jorda. 

Venus blir også kalla morgonstjerna eller kveldsstjerna, forde vi kan sjå den på himmelen før soloppgang og etter solnedgang.  Venus lyser så sterkt at du kan bli blenda visst du ser på den når det er svart himmel. 


Venus 


Nok eit overflate bilete 

Visst du ser på Venus gjennom ein kikkert, kan du sjå att du ikkje ser heile planeten. Du ser berre den den delen sola lyser på. Vi seier att Venus har fasar slik som månen rundt jorda har. 

Overflata på Venus er dekka av ørken, vulkanar, klipper og fjell. Det lyner nesten heile tida på Venus, og det blåser sterk vind der nesten heile tida. Venus er oppkalla etter kjærleiksgudinna Venus. Sannsynlegvis er den vorte kalla Venus fordi den er eit vakkert syn på morgonen eller på kvelden. 

Venus er også den klaraste av alle planetane. Den lyser mest på himmelen etter sola og månen. Rundt Venus ligg eit tjukt lag med skyer. Skyene er laga av giftige gassar, desse skyene gjer at varmen ikkje slepp ut.

Utforsking av Venus med satellittar

 
Bilete av Magellan


Bilete av Pioneer Venus

Det første fartøyet som besøkte Venus var Mariner 2 i 1962. Den har sidan blitt besøkt av over 20 sonder alt i alt. Blant desse var Pioner - Venus og den russiske Verera 7 ( Det første fartøyet som landet på ein annan planet ).

Verera 9 returnerte dei aller første bilda av overflata. Den amerikanske Magelan har produsert detaljerte kart over Venus-overflata ved hjelp av radar.

Magellan blei send  opp til Venus i 1989 for å forsette kartlegginga av Venus som Mariner 10 hadde starta i 1973. Kartlegginga blei nesten fullstendig. Den oppdaga blant anna vulkanar og krater.

Mariner 10 drog  for å kartlegge Venus og Merkur, og skylaget rundt desse planetane. Den studerte de to planetanes magnetfelt og temperatur. Den oppdaga at skytoppenes temperatur er -23 grader C. Den kartla Merkurs overflate.

Sida om Venus er laga av: Kay Are Urkegjerde, Vegard Riise og Ida Kvistad