Hovudside     Sola     Merkur    Venus     Mars     Asteroidane      Jupiter     Saturn    Uranus     Neptun     Pluto     Kometar

Asteroidane


Bilete av Eros er tatt den 5.mai 2000 av NEAR.

Mellom Mars og Jupiter såg det lenge ut som det var eit "tom rom," som det ikkje fanst verken planetar eller noko anna i. Somme trudde at det kunne vere ein planet her, som ingen hadde oppdaga enno. 

Det viste seg at denne teorien var feil, men vi finn ei samling av større og mindre "stein blokkar" i ulike fasongar. Desse utgjer eit breitt band som går i bane rundt sola, vi kjenner til fleire tusen av dei, men ein reknar med at det kan finnast omlag 100 000. 

Gjennomsnitts avstanden frå sola er 400-500 millionar km, sjølv om enkelte har heilt andre banar. Eit døme er Eros, som i 1975 passerte 25 mill. km frå jorda, ei anna, og mykje mindre asteroide, Hermes, passerte i 1937 "berre" 780 000 km frå jorda. Sjølv om dette kan høyrest mykje ut, var dette ei svært nær passering astronomisk sett. 

Før meinte ein at opphavet til asteroidane kunne vere at ein planet, som gjekk i bane mellom Mars og Jupiter, vart knust og delane vart slengde ut i romet og danna asteroide beltet. 


Bilete av asteroiden Gaspra

Ein meir sannsyneleg teori er at asteroidane er materiale til ein planet som ikkje klarte samle seg til ein større lekam. Om denne teorien stemmer, er dette noko av det eldste materialet vi kjenner til i solsystemet, og kan gjeve oss viktige opplysningar om danninga av vårt solsystem. 

NEAR og Galileo er to romfartøy som har vore med å forske ut asteroidane, og sendt jorda bilete av asteroidane . NEAR (Near earth astroid rendezvous) krinsa i januar 1999 rundt asteroiden Eros. Det er planlagt landing på ei asteroide, men enno har verken ubemanna eller bemanna romsondar freista å lande på nokon asteroide. 

Det vil vere svært vanskeleg å lande på ei asteroide, på grunn av at der er svært lita tyngdekraft, då kan rett og slett romsonden dette av asteroiden.

Forskarar meinar at ein i framtida kan sette ut forskings stasjonar på enkelte asteroidar, der ein kan plassere instrument som kunne sende informasjon tilbake til jorda. Til dømes om ein plasserte ein slik stasjon på Ikaros, som går i bane nær sola, ville ein få mykje betre nærbilete av sola. 

Ein annan måte å utnytte asteroidane på, er å starte gruve drift på dei, etter som det på mange av dei finst metall sortar som vi her på jorda etter kvart vil bruke opp. Asteroidar som går i bane nær jorda kan til dømes nyttast til opphaldskvarter for astronautar. Ved å bu på ein slik stasjon, ville ein få ein gratis tur gjennom heile asteroide beltet.

          

Dette er bilete av dei 3 asteroidane Castalta (venstre), Math2 (midten) og Touitatis (høgre)

Asteroidar kan kome ut av bane, og på kollisjon kurs med jorda, då kan dei treffe jorda som meteorar. Dette kan føre til store katastrofar. Ein teori om korleis dinosaurane vart utrydda, er at ei asteroide kom ut av bane, og brasa rett in i jorda. 

Dette førte til radikale endringar for livet på jorda, og teorien går altså ut på at dinosaurane døyde ut no. Dette hende for om lag 65 mill. år sidan. Mange meinar at den massen som vart "sprengd laus" av meteoren, samla seg til månen vår.

Asteroide sida er laga av : Jørund Aklestad, Anja Hurlen og Marius Nordang